Stor nedgang i fråværet for dei svakaste elevane

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det samla fråværet i den vidaregåande skulen har gått kraftig ned etter innføringa av fråværsgrensa. Før hadde ein elev i vidaregåande skule typisk fem dagar og 12 timar fråvær. No er fråværet tre dagar og ni timar. Nedgangen har også vore stor blant elevane med høgast fråvær. Det viser statistikk Utdanningsdirektoratet la fram måndag.

Kunnskapsminsiter Henrik Asheim håpar dei nye tala vil gi ro rundt fråværsgrensa. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen / Høgre

– Dei endelege fråværstala bekreftar dei førebelse tala vi fekk i sommar. No er det ikkje nokon tvil om at fråværet har gått ned, og då håpar eg det blir ro rundt fråværsreglane i den treårsperioden dei skal prøvast ut, seier kunnskapsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.

Tala viser også at elevar på yrkesfag har mindre fråvær enn dei på studieførebuande.

– Enkelte var bekymra for korleis fråværsgrensa ville slå ut for dei mest utsette elevane. Dei endelege fråværstala viser at fråværsgrensa også har vore bra for elevar med høgt fråvær. Det er eg glad for, seier Asheim.

Halvert på yrkesfag

Fråværet har gått mest ned på yrkesfag. Her er dagsfråværet halvert, mens timefråværet er redusert med 40 prosent. Ein elev på yrkesfag har typisk tre dagar og sju timar fråvær, mens ein elev på studieførebuande har tre dagar og ni timar.

Skuleåret 2015–16 hadde 32.000 elevar i vidaregåande meir enn fjorten dagar fråvær.

– Etter innføringa av fråværsgrensa er denne gruppa nesten halvert til 17.000. Vi ser også at færre elevar sluttar gjennom skuleåret, seier Asheim.

LES OGSÅ: Mindre fråvær, meir bruk av medisinar

Færre stryk

Statistikken viser at det er ein nedgang i delen elevar som får karakteren éin, som svarar til stryk. Det er også færre elevar som sluttar i skuleåret. Frå skuleåret 2015–16 til 2016–17 gjekk delen elevar som slutta, ned frå 4,0 til 3,8 prosent.

Dagsfråværet har gått ned i alle fylke, men nedgangen er størst i Oslo og Finnmark.

Også timefråværet har gått ned i alle fylka, men Finnmark har hatt den største nedgangen i timefråværet.

(©NPK)

Fakta om fråværsgrensa

* Fråværsgrensa i vidaregåande skule vart innført frå skuleåret 2016–17. Grensa inneber at ein ikkje kan ha meir enn 10 prosent fråvær i eitt fag for å få karakter i faget. I spesielle tilfelle kan rektor bruke skjønn når det gjeld fråvær opptil 15 prosent.

* Fråværsgrensa gjeld udokumentert fråvær, ikkje fråvær som kjem av dokumentert sjukdom, organisasjonsarbeid, politiske verv osv.

* Endelege tal frå Utdanningsdirektoratet viser at fråværet har gått ned med 40 prosent for dagsfråværet og 25 prosent for timefråværet, målt i median.

* Dagsfråværet til elevane som er mest borte frå skulen, har gått ned med 30 prosent. Denne elevgruppa utgjer 17.000 elevar, eller 10 prosent av den totale elevmassen.