Blir betre kjende med heimstaden gjennom sommarjobben
Ida Lending (15) og Lmar Haj Ali (13) er blant ein gjeng med ungdommar som er innom «Sommarredaksjonen» i Solund kommune i sommar.

– Vi lærer noko nytt heile tida, sjølv om vi har vakse opp her og bur her, seier Ida Lending til Framtida.no.
Ho og Lmar Haj Ali får sjå heimkommunen sin i eit litt anna lys i sommar. Dei er tilsette i «Sommarredaksjonen» til Solund kommune, og jobben deira går ut på å lage nettartiklar. Dei gjer intervju, tar bilete og skriv saker om ulikt som rører seg i kommunen, ytst i Sognefjorden. Totalt seks ungdommar er innom Sommarredaksjonen i løpet av juli.
Sommarredaksjonen ligg under avdelinga for samfunns- og næringsutvikling.
– I går var vi nede og intervjua ein kunstnar. Vi drog heim til henne og fekk sjå kunsten ho hadde laga, fortel Lending.
– Vi får eit nytt blikk på staden vi bur på gjennom jobben. Eg visste til dømes ikkje at vi hadde så mange kunstnarar her, seier ho.
Nye erfaringar
Dei to jentene er einige om at det kjekkaste med jobben er å reise rundt og snakke med folk, og få oppleve nye ting. Seinare i arbeidsveka får dei også vere med på reportasjereise med postbåten i kommunen, som reiser ut mellom dei små øyene ytst i havgapet.
– Det blir veldig spennande. Vi får reise rundt på øyane og sjå korleis det er der, til øyer du kanskje ikkje skulle tru det budde folk på ein gong. Du får eit heilt anna perspektiv når du får bli med båten ut, seier Lending.
Ali fortel at ho var litt nervøs første dagen på jobb. Ingen av dei to hadde erfaring med å intervjue framande, så dei vart kasta ut i noko heilt nytt.
– Eg var litt nervøs for å intervjue nokon eg faktisk ikkje kjende. Men det gjekk veldig bra, seier ho.
Får grave i lokalsamfunnet
Gudrun Kristin Fatland er leiar for samfunns- og næringsutvikling i Solund kommune. Ho fortel at Sommarredaksjonen har vorte til undervegs i år. Det starta med at kommunen ønskte å la sommarvikarane bidra til å skrive om eit kunstprosjekt i kommunen. Derfrå balla det på seg.
– Lokalavisa i regionen dekker ikkje Solund lenger, så det er gøy om sommarvikarane våre kan få lov til å vere litt journalistar og grave litt. Det er også rom for kritiske spørsmål – det er sunt for eit samfunn at nokon kan stille dei utan å bli uglesett, seier ho.
Mellom anna trekker ho fram at nokre andre vikarar tidlegare i sommar laga ei sak om forsøpling i lokalmiljøet, der dei stilte spørsmål om kven som hadde ansvaret.
– Det vert også mange gladsaker. Men kunst kan også vere kontroversielt – den kan tolkast ulikt, og mange kan ha ulike meiningar om den, seier ho.
Noko annleis
Lending og Ali fortel at arbeidet i Sommarredaksjonen er noko heilt anna enn kva dei er vane med frå skulebenken. Men om det er noko dei ønsker å drive med når dei skal ut i arbeidslivet, er dei ikkje sikre på.
– Det er ikkje det første eg tenker på. No til dags kan du jo bli alt mogleg, seier Lending.
Likevel synest dei det er kjekt å få prøve ut noko nytt. Og øvinga på å skrive og gjere intervju, synest dei er nyttig erfaring å ta med seg vidare.
– Det mest utfordrande er kanskje å skrive alt saman i hop. Og så må vi tenke på kva vi skal spørje om for å få eit godt svar, seier Lending.