Politikk og samfunn

«Vi som blei fødde i ei tid etter at alt dette fæle hadde skjedd, veit altfor lite om det»

– Eg hugsar veldig godt då eg bestemte meg for å dra på min første sommarleir på Utøya i fjor. Då kom fleire vener og andre på trinnet med fleire ekle kommentarar og vitsar. Med ein humoristisk tone slengde folk ut: «Kan eg bli med? Eg tek med hagle i bagasjen.», skriv Kornelis Torbjørnsen frå AUF.

Kornelis Torbjørnsen (14)
Sekretær i Sandefjord AUF
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg har inga eigne opplevingar frå 22. juli. Eg har fått høyre historiene til familien min, om dei små, men spesifikke detaljane dei hugsar frå den dagen. Dei hugsar kvar dei var, kva farge genseren deira hadde, og nokre hugsar veldig godt då Jens Stoltenberg sa «No skjer det forferdelege ting på Utøya».

Men terroråtaket var ikkje berre ein tragedie, det blei til eit kulturelt minne som samla heile det norske folket. Det blei noko ein hugsa, og noko ein visste at ein ikkje kunne gløyme.

Likevel er det slik i dag at vi som blei fødde i ei tid etter at alt dette fæle hadde skjedd, veit altfor lite om det.

Min generasjon veit ikkje om ei tid før 22. juli. Dette gjer at mitt forhold til 22. juli er litt annleis. Etter at eg blei med i AUF, har eg fått litt merksemd i media rundt 22. juli og om mitt forhold til det, fordi eg er fødd etter åtaket. Dette gjer at eg har fått reflektert over og lært ein del om temaet, noko dei fleste andre på min alder ikkje har fått gjort.

Veldig mange på min alder manglar kunnskap om det som skjedde.

Eg hugsar veldig godt då eg bestemte meg for å dra på min første sommarleir på Utøya i fjor. Då kom fleire vener og andre på trinnet med fleire ekle kommentarar og vitsar. Med ein humoristisk tone slengde folk ut: «Kan eg bli med? Eg tek med hagle i bagasjen.» Andre sa: «Viss du høyrer skot på øya, så er det meg.» Dette kom frå nære vener av meg som sa dette fordi dei oppriktig trudde det var morosamt, og noko ein kunne tulle med. Dette viser kor fjernt forhold dei fleste som er fødde etter 22. juli har til terroråtaket.

Eg hugsar spesielt godt at nokon sa: «Hæ? Tør du dra dit? Du kjem jo til å døy.»

Eg må jo innrømme at då dette blei slengt etter meg så ofte dei siste dagane på skulen før sommarferien, blei eg redd.

Det var skummelt for meg å dra til Utøya for første gong, men i det sekundet eg gjekk av båten MS Thorbjørn, som frakta oss over Tyrifjorden, forsvann frykta med ein gong.

Gleda, fellesskapen og kjærleiken stod så tydeleg på Utøya, og den var mykje større enn alt det vonde som hadde skjedd. Det var sjølvsagt rom for å minnast dei døde, for å vere trist, kvalm, sint og irritert over alt det som hadde skjedd, men det var også rom for å spele fotball, gå på kjærleiksstien og bade i fjorden.

Det var dette Anders Behring Breivik hadde lyst til å ta frå oss AUF-arar då han angreip oss, men det klarte han ikkje.

Eg er glad for at AUF ikkje lét Breivik vinne over oss, og eg er evig takksam for at AUF valde å ta tilbake Utøya i 2015.

Hadde det ikkje vore for det, hadde eg ikkje hatt høvet til å finne favorittstaden min i verda, som eg har blitt så forelska i.

Om ei veke er det ein ny sommarleir i vente. Då skal vi minnast og snakke sant om det som skjedde. Vi skal samlast og dele minna våre og høyre andre sine, men vi skal også gå hand i hand på kjærleiksstien, drite oss ut på Utøya sitt talentshow, og forhåpentlegvis vinne fotballturneringa med Vestfold.

Aldri teie, aldri gløyme.


Er du for ung til å hugse terroråtaket?

Vil du lesa meir? Her er fleire saker om 22. juli frå Framtida.no sitt arkiv: