Dette hugsar ungdomspolitikarane frå 22. juli 2011

Karine Jonsrud Pedersen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi har spurt ungdomspartia om kva dei hugsar frå 22. juli og korleis vi skal møte krefter frå ytre høgre i dag.

Først AUF. Ungdomspartiet som hadde sommarleir på Utøya 22. juli 2011, og som blei utsett for eit målretta politisk angrep. På Utøya blei 69 menneske drepne. Åtte i regjeringskvartalet.

Leiaren av AUF, Astrid Hoem, var sjølv på Utøya for ti år sidan, og hugsar framleis redselen ho kjende på.

AUF

AUF-leiar Astrid Hoem. Foto: AUF

Leiar: Astrid Willa Eide Hoem (26)

Kor var du 22. juli 2011? 

Eg var på sommarleir på Utøya.

Kva hugsar du frå den dagen? 

– Eg hugsar kor redd eg var. Redd for å døy. Redd for vennane mine som gøymde seg andre stadar. Lyden av skot. Og regnet som aldri stoppa.

Korleis kan ein møte og motvirke høgreekstremisme i dag? 

– Etter 22. juli hadde vi fleire viktige oppgjer. Vi hadde eit beredskapsoppgjer som såg på korleis beredskapen kunne styrke seg. Vi hadde rettsaka som så på kva slags lovar og reglar som blei brotne. Men vi har i for liten grad diskutert det politiske tankegodset og korleis vi førebygger ekstremisme. Det må vi gjere. Derfor har AUF foreslått å sette ned ein ny 22. juli-kommisjon som ser på førebygging av ekstremisme.

Eg hugsar kor redd eg var.

– Det viktigaste arbeidet mot høgreekstremisme er å aldri møte hatet med å vere stille. Stilla er farlegare enn hatet. For ho lar hatet gro om seg. Ho lar konspirasjonsteoriar spreie seg. Stilla lar andre dele oss inn i oss og dei. Etter terroren lova vi kvarandre aldri meir 22. juli. Det var eit løfte om å kvar dag heve stemmen vår mot hatet og rasismen, skriv ho til Framtida på e-post.

Framstegspartiets Ungdom

Leiar av Framstegpartiets ungdom, Andreas Brännström, hugsar at han prøvde å sende meldingar til dei han kjende på Utøya 22. juli 2011. Foto: Marthe Solberg, FpU.

Leiar: Andreas Brännström (27)

Kor var du 22. juli 2011? 

– Eg var heime og såg på Tour de France.

Kva hugsar du frå den dagen? 

– Eg hugsar den dagen veldig godt. I 2011 var eg 17 år, og hadde vore politisk aktiv sidan før valkampen i 2009. Eg kjende mange på tvers av partia, også fleire i AUF som var på Utøya. Når bomba gjekk av i regjeringskvartalet oppfordra kommentatorane sjåarane til å skifte kanal til Nyhetskanalen. Då såg ein med ein gong kaoset etter bomba, ting som flaug frå bygningane, høyrde politiet rope, sirener og alarmar. Det var spesielt surrealistisk å sjå direktebilete frå at ein fylte vanlege rutebussar med skadde personar. Og at dette skjedde i Noreg.

Han fortset:

– Når det blei rapportert om skyting på Utøya fekk ein heilt sjokk, og ingen forsto nok alvoret av kva som gjekk føre seg. Eg hugsar blant anna at det blei oppretta Facebook-grupper, som fort blei veldig store, for å spreie informasjon om kva som gjekk for seg. Oppdateringar på sosiale medium blei fort toppnyheiter, som til dømes at folk ikkje måtte ringe dei på Utøya.

Sjølv kjende Brännstrøm fleire som var på sommarleiren i Tyrifjorden, og prøvde å få kontakt med dei gjennom SMS.

– Eg sende meldingar til fleire av dei eg kjende på Utøya utover dagen. Heile dagen gjekk eigentleg til å følgje med på nyheitene og finne informasjon. På natta fekk eg svar frå ein venn på Utøya som sa det må vere mange fleire enn ti drepne. Det var vanskeleg å tru det, men like etter hadde politiet pressekonferanse – «Minst 80 drepne på Utøya».

Korleis kan ein møte og motvirke høgreekstremisme i dag? 

– Dagens samfunn har heilt andre utfordringar enn tidlegare, og vi som samfunn har ikkje lykkast med å møte desse utfordringane godt nok. Internett og sosiale medium-revolusjonen har ført til at fleire kan bli radikalisert på guterommet, på eiga hand, bak anonyme namn. Samtidig meiner eg at det er veldig skummelt å redusere ytringsfridommen og kompromisse med våre liberale demokratiske verdiar. Vi skal ikkje teie debatten, vi skal vinne den. Vi må møte farlege meiningar med betre argument og løysingar. Om vi teier det, fryktar eg at det kan føre til ytterlegare radikalisering.

Grøn ungdom

Hulda Holtvedt er talsperson i Grønn Ungdom. Ho fortel at alvoret frå 22.juli begynte å søkke inn morgonen etter og søkk framleis inn i dag. Foto: Grønn Ungdom.

Nasjonal talsperson: Hulda Holtvedt (22)

Kor var du 22. juli 2011? 

– Eg var heime i Oslo.

Kva hugsar du frå den dagen? 

– Eg hugsar den fjerne lyden av smellet og at katten skvatt til, trudde først det var torden. Same kvelden skulle vi feire bestemor og bestefar sin bryllaupsdag. Det var naturlegvis heilt annleis og mykje mørkare enn planlagt. Som mange andre ante eg ikkje omfanget av angrepet den kvelden. Alvoret begynte å søkke inn morgonen etter og søkk framleis inn i dag.

Korleis kan ein møte og motvirke høgreekstremisme i dag?

– Aldri gløyme 22.juli 2011, og jobbe aktivt mot at hatefullt og rasistisk tankegods blir normalisert i samfunnsdebatten. Da må vi blant anna sørge for at politidistrikta prioriterer etterforsking og påtale av hatefulle ytringar og hatkriminalitet, og har ressursar til dette. Vi må også jobbe internasjonalt mot at hat og konspirasjonsteoriar blir spreidd gjennom dei store teknologiselskapa sine algoritmer. Dessutan treng vi eit oppgjer med rasisme i Noreg, og eg trur at sterkare tiltak mot kvardagsrasisme også vil føre til mindre farleg radikalisering.

Kristeleg folkeparti ungdom (Krfu)

Leiaren i Krfu, Edel-Marie, var på ferie i Oslo 22.juli 2011. Ho hugsar lyden av at noko hardt trefte veggen. Foto: Privat

Leiar: Edel-Marie Haukland (24)

Kor var du 22. juli 2011? 

– Eg var på ferie i Oslo, oppe på Ekeberg.

Kva hugsar du frå den dagen? 

– Eg hugsar lyden av at noko hardt trefte veggen i bygget vi var i, og at venninna mi skulle ta bussen frå sentrum akkurat da og kaos.

Korleis kan ein møte og motvirke høgreekstremisme i dag?

– Vi kan, blant anna, vere oppmerksam på dei rundt oss som vi ser i kommentarfeltet og høyrer rundt middagsbordet. Vi må, som politikarar og enkeltmenneske, gjere det vi kan for å inkludere fleire i fellesskapet. Det er det viktigaste forsvaret vi har.

Raud ungdom

Leiar av Raud ungdom forsto ikkje heilt kva som skjedde 22. juli. Men ho hugsar at ho forsto at det var noko alvorleg og grusomt. Foto: Privat.

Leiar: Alberte Tennøe Bekkhus (21)

Kor var du 22. juli 2011?

– Eg var på hytta til besteforeldra mine i Bamble, ved Jomfruland.

Kva hugsar du frå den dagen? 

– Minna er veldig flyktige. Eg hugsar at eg fikk med meg at det hadde vore ein eksplosjon, og at eg sende SMS-er til alle familiemedlem i Oslo på tastetelefonen eg hadde da. Vi skrudde etter kvart av radioen, og sidan eg hadde små fetrar og kusiner der, snakka vi ikkje om det. Eg hugsar mormor snakke i telefonen i eit anna rom. Eg skjønte ikkje helt kva som hadde skjedd, men eg skjønte at det var noko alvorleg og grusomt.

Korleis kan ein møte og motvirke høgreekstremisme i dag? 

– Noko av det viktigaste vi kan gjere, er å hindre at folk i det heile tatt blir høgreekstreme. Da må vi hindre utanforskap og stoppe normaliseringa av rasisme og konspirasjonsteoriar. Vi må også anerkjenne at ord har makt, og at ein person sine ord, kan inspirere ein annen person sine handlingar. Vidare treng vi betre instansar for å varsle om høgreekstreme haldningar. Vi må også sette ned foten ved rasistisk og kjip retorikk, og må anerkjenne at vi som samfunn har eit ansvar.

Senterungdommen

Nestleiar i Senterungdommen var heime på kjøkenet med mora då ho høyrde om bomba i Oslo. Foto: Privat

Nestleiar: Emma Berge Ness (22)

Kor var du 22. juli 2011?

– Eg var heime i Viksdalen og stod på kjøkenet saman med mamma da vi høyrde om bomba i Oslo på radioen.

Kva hugsar du frå den dagen? 

– Fyrst sjokket over bomba. Usikkerheita rundt kven, kvifor og korleis. Skytinga på Utøya var enno meir sjokkerandre og skapa enno meir usikkerheit. Det var uverkeleg å sjå korleis estimatet på kor mange som var skadde eller døde steig. Pappa førebudde oss på at tala kom til å bli enno høgare, sidan skytinga gjekk føre seg så lenge. Då det byrja å kome oppdateringar om den antatte gjerningsmannen, inneheldt det alltid «kvit mann» og seinare «etnisk norsk mann». Det provoserte meg at det var så viktig å understreke. Men det var jo, og er enno det.

Ness fortset:

– Utover kvelden reiste heile familien på hytta utan straum og dekning for å få det heile litt på avstand, men vi blei sittande oppe og høyre på radio utover kvelden og natta. 22. juli 2011 blei den første av mange tankefulle dagar om ekstremisme, beredskap og ikkje minst styrken AUF har vist som offer for terror.

Korleis kan ein møte og motvirke høgreekstremisme i dag? 

– Eg trur ein god start er å ha eit bevisst forhold til at høgreekstremisme finst. Vi må kjenne historia vår og ha kunnskap om kva høgreekstremisme kan føre til, og kanskje viktigast av alt: korleis slike krefter får fotfeste. Vi skal ikkje forsvare, men vi må prøve å forstå. Elles er det vanskeleg å både møte og motverke på ein god måte.

Vi må kjenne vår historie.

– Ein viktig del av løysinga er å bygge fellesskap. Fellesskap der alle føler seg sett, i lokalsamfunn og som storsamfunn. Fellesskap med små forskjellar, høg tillit og trygge møteplassar. Vi har alle eit ansvar for å snakke om kva konspirasjonsteoriar, rasisme og hat kan føre til og kvifor det er feil. For som det så fint blei sagt: «Om ein mann kan vise så mykje hat, tenk kor mykje kjærleik vi kan vise saman».

Sosialistisk ungdom

Synnøve Kronen Snyen var heime 22.juli for ti år sidan. Mora hennar jobba i Oslo, og ho og faren prøvde å ringe henne. Ho hadde det bra. Foto: Sosialistisk Ungdom

Leiar: Synnøve Kronen Snyen (24)

Kor var du 22. juli 2011?

– Eg var heime i Oppegård i Akershus.

Kva hugsar du frå den dagen? 

– Eg hugsar at pappa kom løpande inn døra etter å ha vore på butikken og handla inn til fredagstaco. Han ropte at eg måtte sette på TV-en. Så sa han at det har gått av ei bombe i Oslo. På alle TV-kanalar var det breaking news. Mamma var på jobb i Oslo sentrum, og pappa prøvde desperat å ringe ho. Ho hadde det bra, men ho høyrde smellet godt og alle vindauga rundt ho hadde knust. Vi sat klistra til nyheitene, og når meldingane om skytinga på Utøya kom, klarte eg ikkje å ta innover meg at nokon prøvde å drepe ungdom på min eigen alder.

Korleis kan ein møte og motvirke høgreekstremisme i dag? 

– 22. juli lærte oss at hat og høgreekstremisme er livsfarleg. I løpet av dei siste ti åra har likevel samfunnsdebatten flytta seg, og islamofobi og rasisme har blitt meir normalisert. Når rasistiske og hatefulle ytringar spreier seg, skaper det igjen meir rasisme i samfunnet. Derfor treng vi eit politisk oppgjer.

Sosialistisk ungdom-leiaren kritiserer omgrepet “snikislamisering” som Siv Jensen lanserte, og at regjeringa gir økonomisk støtte til HRS (Human Rights Service).

Unge Høgre

Nestleiar: Håkon Snortheim (23)

Kor var du 22. juli 2011?

– Eg var på sommarferie med familien på ei hytte i Vestre Slidre i Valdres.

Kva hugsar du frå den dagen? 

– Pappa og eg sat i bilen på veg ut av Fagernes. Vi hadde handla til fredagstaco og var klare for å feire bursdagen min. Så blei nyheita om eksplosjonen i Oslo lesen opp på radioen. Fyrst blei eg veldig sjokkert. Det var vanskeleg å tru at noko sånt kunne skje i Noreg. Utover ettermiddagen såg vi at nettavisene skreiv om skyting på sommarleiren til AUF på Utøya. Eg var 13 år, så eg visste ikkje kva AUF var, men då eg fekk høyre at det var unge på min alder, gjekk det eit grøss nedover ryggen på meg. Eg hugsar dei neste dagane som skumle og ubehagelege. Det var vanskeleg å forstå at noko slikt hadde skjedd i Noreg.

Korleis kan ein møte og motvirke høgreekstremisme i dag? 

– Vi må tørre å ta debatten, sjølv om den er ubehageleg. Høgresida går altfor fort i forsvarsposisjon når vi diskuterer 22.juli. Det er det ingen grunn til å gjere. Likevel er det viktigaste vi gjer på lang sikt å sørge for at ingen faller sosialt utanfor resten av samfunnet.

Unge Venstre

Ane Breivik, nestleiar i Unge Venstre, fekk ikkje sove natt til 23. juli 2011. Ho var skuffa over verkelegheita.

Nestleiar: Ane Breivik (23)

Kor var du 22. juli 2011?

– Eg var knapt tretten år gamal og på ferie ved barndomsheimen til pappa på Helgelandskysten, eit gardsbruk i Leirfjord. Vi pleidde å vera der kvar sommar. Eg har knapt vore der sidan, og dessverre er det framleis slik at eg assosierer gardsbruket i Leirfjord med hendingane 22.juli.

Kva hugsar du frå den dagen? 

– Familien min hadde dratt ut på fjelltur ved De syv søstre, men eg valde å bli heime den dagen. Den einaste TV-kanalen vi hadde var NRK1. Som regel lot vi det spele som bakgrunnsstøy. Eg sat og leste framfor TV-en, hugsar eg. Det var jo ikkje stort anna med underhalding der. Og plutseleg såg eg opp frå boka, og bort mot skrifta på TV-en: “Melding om bombe i Oslo”.

No ville ho ha tak i familien sin.

– Resten av familien var utan dekning, eller hadde kanskje lagt igjen mobilane sine i bilen. Det hugsar eg ærleg talt ikkje. Eg hugsar berre at eg hadde eit desperat behov for å seie i frå, sjølv om eg visste dei var trygge, her på Helgelandskysten. Eg hugsar berre at eg måtte snakke med dei om det.

Då familien hennar kom heim, rant meldingane om Utøya inn.

– Eg visste ikkje kva AUF eller Utøya var. Det visste derimot broren min. Han hadde blitt verva av nokon i Ungdommenes Kommunestyre, og dei var på øya. Så han sat der og prøvde å få kontakt med dei. Finne ut om nokon andre hadde fått kontakt. Finne ut om dei levde.

Ho fortset:

– Den kvelden sat vi limte framfor Tv-en. Såg dødstala stige. Og håpte så inderleg at mediedekninga tok feil. Omsider måtte vi legge oss. Vi hang ullteppe framfor vindauga for å skjerme for midnattssola. Men eg fekk ikkje sove uansett. Eg var så skuffa over verkelegheita, så inderleg forskrekka og trist at eg fekk vondt i magen. Den natta låg eg berre i senga og gråt. Tvillingsøstera mi delte rom med meg. Vi gråt saman. Igjen, og igjen.

Eg var så skuffa over verkelegheita, så inderleg forskrekka og trist at eg fekk vondt i magen.

 

Korleis kan ein møte og motvirke høgreekstremisme i dag? 

– Eg trur det er viktig at vi konfronterer dei ekstreme haldningane som eksisterer i samfunnet vårt. At vi tek eit oppgjer med slikt tankegods, og med retorikk som polariserer og bidrar til radikalisering. Høgreekstreme haldningar drap 77 menneske den 22. juli 2011. Dei same haldningane drap Johanne i 2019. Og dei lever enno i blant oss.


Frå v.: Frederik Vad Nielsen (leiar i DSU), Andrea Törnestam (generalsekretær i SSU), og Philip Botström (leiar i SSU) fortel om deira tankar kring 22. juli-åtaket. Foto: DSU, SSU, SSU.