15 år sidan: Dette skjedde 22. juli 2011
Er du for ung til å hugsa terroråtaket 22. juli 2011? Her er ei oppsummering av kva som skjedde.
Klokka 15:25 22. juli 2011 eksploderte ei bombe regjeringskvartalet i Oslo. Eksplosjonen tok livet frå åtte menneske.
Om lag to timar seinare mottok politiet meldingar om at ein mann i politiuniform skaut målretta mot folk på Utøya, kor AUF heldt sommarleir. 69 personar blei drepne.
I tillegg til dei 77 drepne, blei mange alvorleg skada. Mange blei også påført psykiske lidingar og traume.
Bak båe åtaka stod høgreekstremisten Anders Behring Breivik.
Han var motivert av konspirasjonsteoriar om at elitar jobba for å skifta ut den europeiske befolkninga med muslimar. Terroren var retta mot Arbeidarpartiet, som han meinte var skuldige i å bidra til innvandringa til Noreg.
Rettsoppgjeret
Anders Behring Breivik blei dømd til 21 år med forvaring 24. august 2012. Det var då den strengaste straffa i Noreg.
Forvaring er ei fengselsstraff utan ei endeleg ramme for når gjerningspersonen får sleppa fri. I staden må domstolane jamleg vurdera om det er forsvarleg at den dømde blir lauslaten. Målet med forvaringsstraffar er å beskytta samfunnet frå farlege lovbrytarar.
Breivik har to gongar fått domstolane til å vurdera om han kan sleppa laus. Båe gongane har ynsket hans blitt avvist.
– I kved er gatene fylte av kjærleik
Etter terroråtaka blei det halde fleire minnemarkingar over heile landet.
25. juli samla folk seg i gatene i Oslo med roser i hendene.
– I kved er gatene fylte av kjærleik, sa kronprins Haakon i ein tale på Rådhusplassen.
Ekstremisme på frammarsj
22. juli-åtaka har inspirert meir terrorisme. Eit døme er åtaket mot to moskéar i Christchurch på New Zealand i 2019, kor 51 personar blei drepne.
PST åtvarar i år om at 22. juli-åtaka i auka grad motiver høgreekstreme og bidrar til radikalisering. Dei meiner at Breivik har fått «helgenstatus» i høgreekstreme miljø.
Forskarar ved C-REX – Senter for ekstremismeforsking meiner at høgreekstremt tankegods har blitt vanlegare dei siste åra.
– Idéane som sprengde bomba er på frammarsj. Dei blir normaliserte ute i verda, sa AUF-leiar Gaute Skjervø då minnesmerket i regjeringskvartalet blei opna på sundag. Han overlevde sjølv åtaket på Utøya.
Vil du lesa meir? Her er fleire saker om 22. juli frå Framtida.no sitt arkiv:
- Dette hugsar ungdomspolitikarane frå 22. juli 2011
- Dikt om 22. juli: «Du trur at frykt teiar meg»
- Meining: «Det farlegaste me kan gjera er å teia, og etter 22. juli har me lært at me aldri skal teia.»
- Fleire har skrive bok om 22. juli no ti år etter terroråtaket.
- Meining: 22. juli: – I dag er det OK. For deg.
- Dei var sju år då terroren kom til Noreg











