22. juli: – I dag er det OK. For deg.

Kamzy Gunaratnam
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten stod først publisert på Facebook, og er sett om til nynorsk og gjengjeven med løyve.

I dag er det OK. For deg.

I dag er det OK for deg. At eg er lei meg, grin og saknar venene mine som døydde. Det er greit for deg at eg brukar det såkalla Utøya-kortet.

Og du sender meg eit hjarte i innboksen og postar «Vi gløymer aldri» på Facebook. For du har gitt meg det kortet berre for å bruke det ein gong i året, og det er i dag.

I dag er det OK for deg å la nokon andre snakke om hatet bak 22/7. Det er OK for deg og du kan tolerere det maset om diskriminering og rasisme. Du kan akseptere at nokon av oss snakkar om sosial ulikskap og utanforskap og trekkjer linjene direkte tilbake til politiske realitetar som du er for ukomfortabel til å sjå. Men du kan forhalde deg til det i dag. Det er OK for deg.

I dag er det OK å mimre over at du løfta ei rose i 2011. Sjølv om du ikkje har løfta ein finger sidan for noko av det vi lova kvarandre etter 22.juli. Klart det var mange som løfta ei rose i 2011 fordi ein rett og slett ikkje visste kva ein skulle gjere med det ubegripelege. Men 11 år seinare, fleire ekstremistiske angrep seinare, korleis kan det være OK for deg å ikkje begripe kva ditt ansvar er? Kvifor er det OK å ha denne berøringsangsten?

I dag er det OK for deg å konkludere at hat drep. Men kva gjer du med hatet du møter på kvar einaste dag? Naboen, onkelen eller kollegaen din. Som hatar på muslimar eller skeive, trakasserar oss svartingar og kjem med rasistiske vitsar om hudfarge og legning, som for mange er enklast å le vekk? Kva gjer du med det?

Hatet som drap 77 menneske, lever i beste velgåande.

 

I dag er det ok for deg med høgreekstremisme som ikkje har gevær i handa. Det er ok for deg å akseptere alle slags ord under «ytringsfridomen», men du vil ikkje ta til motmæle. Det er ikkje viktig nok å ta til motmæle. Er det fordi du er einig eller berre tør du ikkje? Ein av delane må det vere.

I dag er det OK for deg å seie «aldri meir 9.april» og snakke om at du aldri ville akseptert det som skjedde mot jødane. Men det begynte ikkje med gasskammera. Det begynte med ord som måla dei som noko mindre enn resten av oss. Det begynte med ord der vi skil mellom folk. Det er OK å snakke om «aldri meir 9.april», men ser du kva for nokre linjer vi kan dra mot behandlinga av muslimar eller skeive i dag?

I dag er det HEILT OK at vi ikkje har kome lenger i løpet av 11 år. At vi ikkje er fleire i kampmodus for å kjempe i mot den diskrimineringa som altfor mange opplever, at vi ikkje tek eit personleg oppgjer med alle bekjente som bidreg til fordommar om andre menneske. For vi skal LIKSOM vere likeverdige. Men sanninga er, VI er ikkje likeverdige i mange sine auge. Og det er OK for deg.

I dag er det OK for deg å dele hjarte i innboksen, Facebook-statusar om å «ikkje gløyme» og tolerere alt dette preiket om å kjempe i mot hat.

Men det er IKKJE OK for deg å føle på det ubehaget du følte medan du las denne teksta. Og det bekreftar vel det eg prøvar å få fram: Hatet som drap 77 menneske, lever i beste velgåande. Vi, som samfunn, har søren meg ikkje gjort nok.

Biletet av minnesmerket framfor Høyblokka i Regjeringskvartalet. Leiaren i AUF Fauske, Victoria Elisabeth Andal, har skrive om viktigheita av å bruka ord og kjærleik i kampen mot hatet som ho ser i samfunnet vårt.
Foto: Trond Reidar Teigen / NTB, Privat