«Det farlegaste me kan gjera er å teia, og etter 22. juli har me lært at me aldri skal teia.»

Victoria Elisabeth Andal
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

21. juli 2011 heidra AUF dei som mista livet i den spanske borgerkrigen.

21. juli var det sol og minne som aldri vil verta gløymde, medan dei sat og fortalde historier om dei som døde under den spanske borgerkrigen og sette opp eit minnesmerke på Utøya for å heidra dei.

Dagen etter smalt det.

I regjeringskvartalet, på Utøya og i alle sine hjartar. Når eg har spurt folk kor dei var 22. juli, hugsar dei det. Nå er det  22. juli igjen og dagen bringer oss rett tilbake til der me var då me høyrde om dei forferdelege åtaka.

Tilbake til då me fyrst skjønte kor alvorleg og omfattande drapsmannen hadde gått til verks. Tilbake til kor bekymra me var for dei menneska me var glade i – bekymringa sleit igjennom kroppen. Det var ungdommane våre som måtte bøta med livet.

  • Har du fått med deg saka om kva ungdomspolitikarane hugsar frå 22. juli 2011? Den kan du finna her

– Nå må me snakka sant

Terroråtaket var eit direkte åtak på demokratiet vårt, mot ungdommane våre, mot landet vårt. Terroråtaket var nettopp det, eit terroråtak. Terroristen dro bevisst til Utøya med ferja for å skada oss, for å drepa oss. Disse ungdommane var ikkje tilfeldige offer, dei vart drepne fordi dei var politikarar frå venstresida – framtida til Arbeiderpartiet. 77 menneske mista livet fordi ein mann meinte at Arbeiderpartiet er farleg og ynska å øydelegga partiet.

Åtaket var ikkje tilfeldig, det var ingen naturkatastrofe eller eit uhell. Det var målretta terror mot AUF, mot Arbeiderpartiet.

Som leiar i AUF Astrid Hoem sa på minnemarkeringa av 22. juli i år: «10 er etter – nå må me snakka sant. Me har ikkje stoppa hatet. Høgreekstremismen lever ennå. Terroristen var ein av oss.”

Åtaket var ikkje tilfeldig, det var ingen naturkatastrofe eller eit uhell. Det var målretta terror mot AUF, mot Arbeiderpartiet. Me skal aldri godta det som noko anna, dette var eit terroråtak.

Dette var eit åtak frå ein som visste kva han gjorde, på dei verdiane me i AUF og Arbeiderpartiet står for. Eit åtak på mangfald, fridom og likeverd i samfunnet vårt, og til dei som ynsker å gjera verda til ein bedre stad.

Korleis møta hatet

Me må alltid minna oss sjølve på kva som gjorde at ein mann regelrett henretta forsvarslause ungdommar på sommarleir.

Det er samfunnsoppdraget vårt å ta eit oppgjer med tankegodset bak terroren. Høyreekstremismen utgjer ein større terrortrussel, og det kjennest ut som om hatet i samfunnet vårt har vakse seg større dei siste 10 åra.

Utøya-overlevande og tidlegare AUF-leiar Ina Libak har sagt at: “Den største trusselen fra ytre høyre er ikke det ekstreme i seg selv, det er når det ekstreme blir den nye normalen. Det er når rasismen blir normalisert og tankegodset blir stående uimotsagt”

Det er viktig at me snakkar om det og aldri gløymer kva som skjedde på Utøya 22. juli 2011.

Det er samfunnsoppdraget vårt å ta eit oppgjer med tankegodset bak terroren.

Det finst berre ein måte å møta denne skumle bevegelsen på. Me som samfunn kan ikkje møta dei med hat, då er me ikke betre enn dei. Handlingane deira må me møta med ord. Me som eit samfunn kan ikkje akseptera at folk vert hata og trakasserte på grunn av utsjånaden, hudfargen, religionen eller seksualiteten deira. Som samfunn kan me heller ikkje akseptera at menneske vert hata fordi dei er engasjerte, fordi dei brenn for noko.

Det er alltid kjærleiken som vinn

Det farlegaste me kan gjera er å teia, og etter 22. juli har me lært at me aldri skal teia.

Det er viktig å ha i minne brutaliteten, nettopp fordi sanninga ikkje alltid kan pyntast på! Det er viktig for at neste generasjon ikkje skal tillata at dette skjer igjen.

Det er i orda makta ligg, og kjærleiken. Orda er våpenet vårt.

Alle dei 77 menneska som døde i regjeringskvartalet og på Utøya har ei eiga historie. Ei historie me som samfunn må bæra vidare. Me må lova oss sjølve at me alltid må høyra på meningene til ungdommen. Deira sterke stemmer skal verta løfta, og me må vera flinkare til å heia på kvarandre som samfunn.

Orda me bruker, skal me bruka for alt det er verdt. Positivitet, kjærleik og oppmuntring uansett om ein er einig eller ueinig. Det er i orda makta ligg, og kjærleiken. Orda er våpenet vårt. Me skal kjempa mot hatet, mot høyreekstremismen, men ikkje med våpen.

Me som samfunn skal ta til motmæle og hugsa at størst av alt er kjærleiken. Viss ein mann kan ha så mykje hat, tenk kor mykje kjærleik me kan skapa saman.

Det er alltid kjærleik som vinn, ein klem er større enn hat, orda me bruker er sterkare enn våpen. Ta med deg orda dine ut i kvardagen og bruk dei, bruk dei overalt. Pass på at du ikkje mistar orda dine og ikkje misbruk dei. Lytt til andre, tal mot hat. Bruk kjærleiken for alt han er verdt og stå alltid opp mot høgreekstremismen. Saman får me til ei endring.

Aldri teia, aldri gløyma

21. juli 2011 mintest ungdommane som var på Utøya dei heltane som døde for fridom og ei betre verd under den spanske borgerkrigen. Nå, 10 år etter 22. juli, minnest me dei 77 som døde for engasjementet sitt for Noreg, Europa og verda i 2011.

Politikk har alltid vore viktig, men etter 22. juli 2011 er det livsviktig.

For kameratane våre som mista livet på Utøya: Me skuldar dei ikkje eitt minutt stille, men eit liv i kamp.

Dagen 22. juli kjem igjen kvart år, den må jo det. Ferja skal frakta fleire bankande hjarta over.

Me i AUF lover dykk ein ting, for løftet vår er tydeleg! Me skal aldri teia, på same måte som me lova å aldri gløyma. Aldri gløyma er mykje meir enn eit slagord, det er livsviktig.

22. juli talte heile Noreg mot rasisme, ekstremisme og dei dårlege haldningane me ser i samfunnet. Nå, etter 22. juli, skal me følgja opp det me lova.

Dagen 22. juli kjem igjen kvart år, den må jo det. Ferja skal frakta fleire bankande hjarta over. Telta skal verta slått opp på grønt gress. “Morgensolen skal kysse øya vår våken. Hei hei, det er på tide å forandre verda.”


  • Lokallagsleiar i Press Volda, Tale Rørvik Lejon (18), har skrive eit dikt om 22. juli: «Du trur at frykt teiar meg»

    Tale Rørvik Lejon har laga dikt i forbindelse med 22.juli. Foto: Ekrem Osmanoglu/ Unsplash, privat.