Politikk og samfunn

«Historieløyse er farleg, ikkje rør 1. mai!»

Emma Janse (22)
Styremedlem i Solidaritetsungdommen
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

1. mai er den internasjonale kampdagen til arbeidarane. Ein dag som har vorte markert i Noreg og verda i generasjonar, og det er ikkje tilfeldig.

Dagen finst fordi menneske før oss nekta å godta urett, og no er det vårt ansvar å føra vidare den arven.

Når KrFU-leiaren foreslår å avskaffa dagen, vil ho i praksis riva ut eit kapittel av historia vår. 1. mai er ikkje pynt, og den er heller ikkje til for at eitt parti skal fremja politikken sin, slik Hovland hevdar. Slike utsegner frå KrFU-leiaren viser den manglande forståinga hennar av fellesskapen og kva folkerørsle arbeidaranes dag er.

Historisk betydning

1. mai 1886 streika over 200 000 arbeidarar i USA. Det var streikande som vart skotne og drepne av politiet. Kvifor? Fordi dei kravde noko så grunnleggjande som ein åtte timars arbeidsdag, organisasjonsfridom og verdigheit.

Dei kjempa fram rettar me i dag tek som sjølvsagt. Å svekkja 1. mai er å fråta desse kampane den historiske betydninga si. Det nektar me å godta. KrFU som dotterparti til Noregs «familieparti», burde verkeleg vera for denne dagen. «Meir tid til familien» høyrest jo ut som ein 1. mai-parole KrFU kunne stilt seg bak?

Ikkje ferdig kjempa

Å seia at 1. mai ikkje lenger trengst, er å lata som om uretten er borte. Det stemmer ikkje. Kampsakene til arbeidarane er ikkje ferdig kjempa.

Sjukelønnsordninga er trua av høgresida. Sykkelbod har måtta kjempa for retten til tariffavtale. Over 100 000 jobbar ufrivillig deltid. Nesten éin av tre personar med innvandrarbakgrunn har opplevd rasisme i arbeidslivet. Halvparten av norske transpersonar har opplevd trakassering.

I tillegg ser me ei verd der demokrati og menneskerettar er under press, og der stadig fleire menneske blir utsette for krig og konflikt. Så lenge menneske blir utnytta, blir pressa eller står utan rettar, både her heime og globalt, treng me 1. mai meir enn nokon gong. Denne dagen minner oss om solidaritet, om å løfta blikket og faktisk sjå uretten rundt oss.

Skuffande

Derfor er det ekstra skuffande når ungdomsparti foreslår å undergrava arbeidet til dei som kom før oss. Det verkar som om rettane våre blir tekne for gitt, utan å forstå kva det kosta å få dei. Me må anerkjenna korleis desse kampsakene er uløyseleg bunde saman.

Historieløyse er farleg. 1. mai viser kva som skjer når folk organiserer seg, står saman og nektar å gi opp. Det er ein arv me ikkje lèt KrFU, eller nokon andre, viska ut.

God kampdag – eg håpar me sest i toget!