Dansk aktivist i Noreg: – Katastrofalt at berre eitt parti har ein plan for utfasinga av olja
– Me er i ei klimakrise, me er på veg mot samfunnskollaps og me krev ein plan for utfasing av olje og gass, seier Milla Haugen i Extinction Rebellion under ein demonstrasjon i Oslo.

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord.
– Me vil gjerne at Noreg og alle politikarane her lagar ein plan for utfasing av olje no, for det har dei ikkje, fortel Karen Krogh Nielsen (25).
Ho har teke turen frå Danmark for å støtte klimaaktivistane i Extinction Rebellion som har blokkert Karl Johans gate i Oslo torsdag 21. august. I Danmark er ho del av Den grønne ungdomsbevegelse.
Krogh Nielsen er ein av fleire danskar som har reist til Noreg før valet for å understreka bodskapen til dei norske aktivistane.
– Når Noreg er den største produsenten av olje i Europa, blir me nøydde til å komme hit og seie stopp, seier ho.
– Tenk på framtidige generasjonar
Ho meiner det er «fullstendig katastrofalt at berre eitt parti har ein plan for utfasinga av olja» og peikar på at Noreg tener enorme summar på fossilt brensel som alle forskarar seier at er ein av dei største syndarane i klimakrisa.
– Det er heilt katastrofalt at politikarane får befolkninga til å tru at det ikkje trengst ein utfasingsplan. Det er i alle fall enormt skremmande, som verdsborgar, å oppleve at Noreg som har så mykje ansvar ikkje gjer noko, seier 25-åringen.
Ho oppmodar norske veljarar til å tenkje på framtidige generasjonar og stemme for ein utfasingsplan.
– Gløymer nordmenn at deira val kan påverke andre?
– Ja, kanskje. Det er vanskeleg når det er ein lobby i Noreg som verkeleg hardcore prøver å overtyde folk om at olje og gass ikkje er nødvendig å fase ut for å redde klimakrisa. Det lykkast dei godt med, så det store ansvaret ligg på politikarane og alle som produserer og tek olje opp. Men om folk kan samle seg om å stemme rett veg, så vil også det gjere mykje.
Internasjonalt engasjement
– Me er i ei klimakrise, me er på veg mot samfunnskollaps og me krev ein plan for utfasing av olje og gass.
Mille Haugen er pressekontakt i Extinction Rebellion, og fortel at det var 300 påmelde til aksjonen, men trur det også kan vere fleire som er med. Aksjonen på Karl Johan kjem like etter aksjonen på oljeanlegget på Mongstad i Nordhordland, der dei blokkerte vegen inn til både sjøs og vegs. 10 personar vart melde til politiet.
Haugen er ikkje overraska over at det har kome fleire aksjonistar langvegs frå.
– Det er mange her frå land som er direkte påverka av klimakrisa med alvorlege hetebølgjer, som Italia og Frankrike. Klimakrisa er jo eit globalt problem. Det Noreg gjer i dette valet påverkar ikkje berre oss, og difor kjem det også folk frå heile Europa og dei nordiske landa hit. Det er stor semje om at Noreg må fase ut og at det me gjer er feil.
Thunberg-effekten
– Kva betyr det å ha med Greta Thunberg?
– Det betyr så mykje, og ho veit jo det sjølv. Det betyr masse for menneskerettssaker generelt. Ho er kjend og det får mykje omtale om ho er med, men ho er også berre ekstremt viktig og flink. Ho kan saka, bryr seg skikkeleg og reiser rundt i verda for å seie ifrå. Det er utruleg verdifullt.
– Er generasjon Thunberg daud?
– Nei, det er jo heilt tullete. Me har aldri vore større. Dette er den største aksjonen me har hatt.
Ho fortel at mange kjem bort for å prate og høyre kva dei demonstrerer for.
– Det er jo her politikken høyrer til, i gatene. Det er her folk er. Det er berre eit fåtal som har plass på Stortinget, så då er det jo her me må vere.
16 aksjonistar melde til politiet
Fleire av aksjonistane har også demonstrert inne i DNB sine lokale, men er borte når framtida.no er der. 16 aksjonistar er melde til politiet.
– DNB er den nordiske banken som investerer mest i olje og gass. På andre plass er SEB, ein svensk bank og dei investerer berre ein tredjedel av det DNB gjer. Så det er heilt sjukt kor mykje pengar dei legg i å utvide olje og gass, seier Haugen.
Til VG seier pressetalsmann i DNB Vidar Korsberg Dalsbø at dei er opptekne av god dialog med miljøorganisasjonar og respekterer demonstrantane sin rett til å seie meiningane sine, så lenge det er snakk om lovlege aksjonar utan bruk av vald, hærverk eller at dei plager kundar eller tilsette.
Haugen er nøgd med å ha klart å få temaet meir på dagsorden dei siste dagane, og viser til diskusjon om plan for utfasing på Dagsnytt 18 og i dei store mediehusa.
– Det er eg veldig nøgd med, og det er veldig mykje engasjement. Veldig mange bryr seg om dette, men eg trur at det er politikarane som held igjen og pengemakta som sit så hardt i. Eg er skuffa over at ein plan for utfasing ikkje kom for 20 år sidan.
Ho fortel at det ikkje er tilfeldig at dei gjer dette før eit stortingsval.
– Det er tydeleg at dette er, for verda, også eit av dei viktigaste vala. Dette påverkar ikkje berre oss nordmenn, men alle som bur i verda vår.
– Meir enn politisk kraft
– Er det eit parti du føler ein faktisk kan stemme på?
– Ja, det er fleire parti som seier me må sette ein sluttdato for olje, så det er gode alternativ. Men det er berre MDG som har ein faktisk plan for å fase ut. Det er jo det me krev, og ønsker at fleire parti skal lage ein sånn plan.
– Går MDG langt nok i klimapolitikken?
– Eg trur det trengst mykje meir enn berre politiske parti og politisk kraft for å få den endringa me treng. Eg trur ikkje at me berre kan støtte oss på MDG, men også på oss sjølv og folkemakta.