«Høgre og FrP set interessene til oljelobbyen framfor omsynet til miljø»
Oljeverksemd i havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja vil vere særs skadeleg, skriv Simen Bondevik (25) i Partiet Sentrum.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Debatten om oljeutvinning i havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja har gått føre seg i fleire tiår. Dersom Høgre og FrP kjem til makta etter valet, vil truleg debatten ta fyr for alvor igjen.
Begge partia går i partiprogramma sine inn for å konsekvensutgreie desse havområda, med sikte på å opne for petroleumsverksemd. Det er verkeleg skremmande.
Sårbar natur
Natur- og havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja er blant dei mest unike og sårbare havområda vi har i Noreg. I tillegg til ein natur som er særs vakker å sjå på, er det òg eit verdifullt dyreliv i området med både fisk og sjøfugl.
Det finst knapt ein annan stad i verda der eit så lite område har så stor verdi for sårbare fiskebestandar som sei, hyse, sild og torsk. Ifølgje Naturvernforbundet passerer heile 70 prosent av fisken vi tek opp frå Norskehavet og Barentshavet kvart år Lofoten, Vesterålen og Senja i sine mest kritiske livsfasar.
Oljeverksemd her vil vere særs skadeleg for dyrelivet i havet og for fiskerinæringa i heile landet vårt.
Fatale konsekvensar
Ved all oljeleiting- og utvinning er det ein risiko for at det kan gå gale og skje ei ulukke. Også her vil havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja vere ekstra sårbare. Ei ulukke med oljeutslepp i havet vil ha fatale konsekvensar for fiskelivet og sjøfuglane. I tillegg ligg området så nær land at oljesøl og utslepp kan nå kysten og skade miljøet der.
Den lokale motstanden mot konsekvensutgreiing av Lofoten, Vesterålen og Senja er òg sterk. Til dømes sa 8 av 10 Høgre-ordførarar i regionen nei i forkant av partiet sitt landsmøte tidlegare i år. Dessverre fekk dei ikkje gehør for synet sitt om å verne dei sårbare områda, og Høgre går no til val for ei ny konsekvensutgreiing.
Meir enn nok kunnskap
Tilhengjarar av ei ny konsekvensutgreiing i desse områda argumenterer gjerne med at det ikkje vil vere skadeleg å få fakta på bordet. Det argumentet held heller ikkje mål. Vi har allereie mykje kunnskap om kva for konsekvensar det vil ha å opne dei sårbare områda for oljeutvinning. Berre sidan 2002 er det skrive over 90 rapportar om olje, fiskeri, miljø og arbeidsplassar i Lofoten, Vesterålen og Senja.
Kunnskapen desse rapportane gjev oss om kor skadeleg oljeutvinning i desse områda vil vere, burde vere meir enn nok til at eit samla politisk Noreg går inn for å verne Lofoten, Vesterålen og Senja frå oljeboring.
Det er dessverre ikkje tilfellet. Høgre og FrP vel å setje interessene til oljelobbyen framfor omsynet til miljø, naturvern og resten av næringslivet.