Unge Høgre-leiaren tek sjølvkritikk for Greta Thunberg-kommentar

Leiaren i Unge Høgre, Ola Svenneby, har fått kritikk for ein kommentar om at generasjon Greta Thunberg er død etter skulevalet. No tek han sjølvkritikk.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Både form, formidling og timing vart feil i år. Tek sjølvkritikk på det. I tillegg til at bodskapen verken kom fram eller var nyansert nok for mange, skriv Svenneby i ein tråd på X/Twitter.

Mange reagerte på Svennebys kommentar etter at skulevalresultata vart klare tysdag. Høgresida vart den store vinnaren i skulevalet, med 21,9 prosent til Høgre og 19,5 prosent til Framstegspartiet.

– Eg trur vi kan erklære generasjon Greta Thunberg død, sa ein euforisk Svenneby til NRK.

Tidlegare SV-leiar Audun Lysbakken var ein av dei som reagerte.

– Herregud. At antiklima har vorte ei mobiliseringssak for høgresida midt i klimakrisa er ganske vilt, skreiv Lysbakken på X/Twitter.

I X-tråden forklarer Svenneby seg no om bodskapen sin:

– Kommentaren min – om enn uelegant – handlar om korleis ein stor del unge har kjent seg feil framstilt og ikkje har fått sine verdiar og saker godt nok representert i mellom anna media. Der alle unge helst har skulla vere radikale, aktivistiske og ultra-progressive, skriv han.

– Ein ser det jo på Twitter i dag. Fleire ytrar nærast ei sorg over at dagens unge ikkje stemmer på MDG.