Klima og miljø

Livsteikn frå Greta Thunberg-generasjonen: «Eg var 15 år gamal då eg skreik meg hås framfor Stortinget»

Vi som gjekk på ungdomsskulen i 2019, har stemmerett no, skriv Tina Razafimandimby Våje (20). Ho oppmodar «Generasjon Greta Thunberg» til å bruke stemmeretten sin.

Tina Razafimandimby Våje (20)
Initiativtakar til nasjonal skulestreik i 2019
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Generasjon Greta Thunberg er daud». Sjølv om Unge Høgre-leiar Ola Svenneby har trekt utsegna, tillèt eg meg å trekke den opp ein gong til. I 2019 var vi godt over 40 000 skuleelevar som streika for klima og miljø i Noreg. Ja, eg synest Svenneby løftar eit relevant spørsmål: Kor har det blitt av skulestreikarane?

quote-left

Når ein seier at Thunberg-generasjonen er daud, spør ein vel eigentleg: Kva skjedde med engasjementet?

quote-right

Denne gongen er eg så audmjuk at eg let vere å snakke på vegner av heile generasjonen min, men eg trur ikkje opplevinga eg har, er unik. Eg var 15 år gamal då eg skreik meg hås framfor Stortinget. Eg er ein av mange som sat i møte og planla arrangement, debatterte, stod i stormen då det hagla hets på sosiale medium. Vi skreiv lesarinnlegg, la fram krava våre og snakka med politikarar. Vi ville ha ein leveleg klode å bli vaksne på. Vi kunne ikkje stemme, men brukte stemma vår så godt vi kunne. Ingenting av det som fekk meg til å skulke skulen, har blitt irrelevant. Heller motsett, dessverre. Når ein seier at Thunberg-generasjonen er daud, spør ein vel eigentleg: Kva skjedde med engasjementet?

Kan eg svare med endå eit spørsmål, då? Kva skjedde med handlinga vi ropte etter?

quote-left

Eg klarar ikkje å ha same engasjement som då eg var 15 år

quote-right

Eg klarar ikkje å ha same engasjement som då eg var 15 år, når eg gong på gong blir skuffa av brotne løfte og unådde mål. Politikken eg lever med, formar meg – eg blir sliten. Ingenting er nok for å hindre klimaendringane, når vi allereie lever med dei. Det handlar om å hindre dei verste konsekvensane. Eg føler at eg lever i ein akutt, men permanent, krisetilstand. Å «bry seg» er eit maraton. Og eg må endre strategi for ikkje å brenne meg ut på det eg brenner for.

Samtidig endrar aktivisme alt. Der er håpet mitt, for der er handling. Eg elskar spenninga i kroppen på veg til demonstrasjon. Eg hugsar bileta av klasserom som sto tomme, og meldingane frå barn og unge som streika rundt omkring i heile landet. (Også frå partiet Høgre!) Eg hugsar at folk, bedrifter og politikarar som elles ikkje hadde tatt noko standpunkt, måtte det. Vi gjorde klima- og miljødebatten til allemannseige. Om ikkje det beviser at det nytta, så veit ikkje eg!

quote-left

Vi trengst framleis, og stadig meir. Men kanskje på ein annan måte?

quote-right

No er eg «vaksen», student, og for tida lite politisk aktiv. Eg kjenner meg likevel treft av utsegna til Svenneby. Eg brydde meg i 2019, på eit eksistensielt nivå, og det forsvinn nok ikkje så lett. Eg har møtt Greta og andre unge i utlandet, som framleis streikar kvar fredag. I organisasjonslivet er aktivistane minst like aktive som før.

Skulestreikarane? Vi er på vidaregåande, folkehøgskule, utveksling, i arbeidslivet og på universitet. Vi som gjekk på ungdomsskulen i 2019, har stemmerett no. Tenk det! Politikken vi har levd med, har sjølvsagt forma oss. Men vi kan også forme politikken. Med det oppmodar eg «Generasjon Greta Thunberg» til å hugse påverknadskrafta vår. Vi trengst framleis, og stadig meir. Men kanskje på ein annan måte? I denne omgang: Gje livsteikn – stem!