Beredskapsvenn er årets ord: Sjå dei 10 nyorda til Språkrådet
Andre ord på lista er norsketarianar og djuphavsgruvedrift, medan ordet kjønnsròte for gonoré ikkje nådde opp.
Vi merkar at det er urolege tider i verda, for årets ord for 2024 er beredskapsvenn, ifølgje Språkrådet.
– Ordet beredskap forbind vi med noko alvorstungt, mens venn kan knytast til noko som er nært og kjært. I beredskapsvenn får vi desse førestillingane i eitt og same ord, seier Dagfinn Rødningen, seniorrådgjevar i Språkrådet, i ei pressemelding.
Ein beredskapsvenn er altså nokon som bur i nærleiken som du kan gå saman med for å betre beredskapen din. Kanskje du har plass til å lagre mykje vatn, medan naboen din har eit stormkjøken ein kan lage mat på når de er utan elektrisitet.
Årets ord frå tidlegare år
- 2020: koronaen
- 2019: klimabrøl
- 2018: skjebnelandsmøte
- 2017: falske nyhende / falske nyheter
- 2016: kvardagsintegrering/hverdagsintegrering
- 2015: det grøne skiftet / det grønne skiftet
- 2014: framandkrigar/fremmedkriger
- 2013: sakte-tv
- 2012: å nave (naving)
- 2011: rosetog
- 2010: oskefast/askefast
- 2009: svineinfluensa
- 2008: finanskrise
Kjelde: Språkrådet
Årets ord blir kåra av Språkrådet i samarbeid med professor Gisle Andersen ved NHH.
– Årets ord skal vere aktuelt, levedyktig og ha høg språkleg kvalitet. Det er eit poeng å vise at norsk er eit rikt språk med eit stort ordtilfang som lett kan utvidast på gode måtar, seier Andersen.
Det er ikkje berre beredskapsvenn som Språkrådet gir merksemd i 2024. Dei har ti ord dei vel ut som årets nyord.
Sjå heile lista nedst i saka.
Les også: I fjor var KI-generert årets ord
Prosjekt fekk merksemd
Eitt av nyorda på lista er norsketarianar, som senterpartipolitikar Dordi Boksasp Lerum (22) har gjort kjent gjennom matprosjektet ho har delt på TikTok.
– Det er sprøtt at prosjektet mitt med å berre ete norsk mat har fått så mykje merksemd! Men det er ei viktig sak, så det er bra folk legg merke til det og kan bli inspirerte til å velje meir norsk mat, skriv ho på melding til Framtida.no.
Ho knyt også dette ordet opp mot beredskap.
– Det syner at å ete norsk mat for å støtte opp om den norske bonden, miljøet og sjølvforsyninga er noko mange er opptekne av. Mat er beredskap, og i ei tid der verda rundt oss er uroleg er det desto viktigare å produsere meir mat i Noreg.
Ho påpeiker at Noreg importerer over halvparten av maten vi et, og at vi kan kome i ein krevjande situasjon om det ikkje er mogleg.
– Difor er det bra at norsketarianar har kome med på lista over årets nyord, og eg vonar fleire vil velje norsk mat neste gong dei er på butikken.
Les meir om prosjektet til Lerum:
- Dordi (21) har ete berre norsk mat i 50 dagar
- Dordi (21) har vore «norsketarianar» i eit halvt år: – Aldri vore så enkelt
- Vekemeny for deg som vil ete meir norsk mat
Djuphavsgruvedrift og exitskatt
Også miljøet og skattepolitikk får plass på lista over nyord. Då Stortinget i januar opna for gruvedrift på havbotnen vart djuphavsgruvedrift ein del av det norske vokabularet.
Det er eit ord Språkrådet spår miljørørsla kan kome til å bruke mykje, med særleg negative konnotasjonar.
Nyordet exitskatt viser at også økonomien har prega nyheitsbiletet det siste året.
- Stortinget stemmer for gruvedrift på havbotnen: – Katastrofalt
- SV stansar gruvedrift på havbotnen: – Avgjerande for havets framtid
Prega av samfunnsutviklinga
Samstundes er det færre nyord i år enn tidlegare.
– Det er i stor grad samfunnsutviklinga som avgjer kva for nye ord som kjem inn i språket på ulike fagområde, og ikkje minst kor mange. Under koronapandemien fekk vi mange nye ord, for situasjonen var ny og spesiell. I år ser vi at det har kome inn færre nyord i språket. Økonomi og krig er meir kjende landskap med etablerte vokabular, så behovet for nyord har kanskje ikkje vore like sterkt i år, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet, i pressemeldinga.
For å finne nyord har dei blant anna brukt dataverktøy som kan fange dei opp frå store riks- og regionaviser. Dataverktøyet er utvikla av Knut Hofland i forskingsselskapet Norce.
Alle ord når likevel ikkje opp. Studentsamskipnaden i Oslo kom til dømes med nyordet kjønnsròte då dei hadde ei konkurranse for å finne eit meir skildrande ord for gonoré, men det er ikkje på den endelege lista.
Her er heile lista over Språkrådet sine nyord, med forklaringane deira:
Beredskapsvenn
Årets ord 2024 er beredskapsvenn. Urolege tider gjer at vi no må ta den såkalla eigenberedskapen, altså beredskapen til hushaldningane, meir alvorleg enn vi har gjort på lenge. Styresmaktene har komme med nye råd om kva folk bør ha heime for å klare seg i tilfelle krise, og eit av dei er å skaffe seg ein beredskapsvenn. Ein beredskapsvenn kan til dømes vere ein nabo som har plass til eit felles kriselager. Ordet beredskap forbind vi med noko alvorstungt, mens venn kan knytast til noko som er nært og kjært. I beredskapsvenn får vi desse førestillingane i eitt og same ord. Årets ord 2024 minner oss om at vi står sterkare saman enn kvar for oss.
Tekstlikskap
Ordet tekstlikskap er ikkje heilt nytt, men bruken av ordet fekk i 2024 eit kraftig oppsving då profilerte politikarar blei skulda for plagiat i masteroppgåvene sine. Tekstlikskap vil seie at ein tekst liknar på eller er heilt lik ein annan tekst, utan at det eksplisitt blir vist til originalteksten. Den slags blir ikkje akseptert i akademiske arbeid og annan tekst som skal publiserast. Tekstlikskap er venta å bli eit enda større problem etter kvart som det blir vanlegare å bruke KI-generert tekst.
Tinderifisert
2024 gav oss nyordet tinderifisert, eit adjektiv avleidd av namnet på deitingappen Tinder. Ordet beskriv ein kultur som spring ut av sjekking på deitingappar. Det blir hevda at nokre få menn lett får tilgang til kvinner i ein tinderifisert sexkultur, mens dei fleste menn blir valde bort. I året som har gått, blei ordet ofte brukt i likestillingsdebatten.
Popkorngras
Trass i åtvaringar frå Mattilsynet har det i 2024 blitt ein trend å så upoppa popkorn. Produktet er ein prydplante som blir kalla popkorngras. Ordet er ei samanstilling av to ledd som til vanleg ikkje opptrer saman, og det gir ordet eit kreativt preg.
Djuphavsgruvedrift
På havbotnen finst det mineral som er viktige for energiomstillinga, og det er mange som ønskjer at det skal drivast gruver der. Denne verksemda blir kalla djuphavsgruvedrift. Då Stortinget i januar i år opna for gruvedrift på norsk sokkel, fekk norske styresmakter mykje kritikk både nasjonalt og internasjonalt. Djuphavsgruvedrift er omstridd på grunn av miljøkonsekvensane, så ordet kan komme til å bli mykje brukt i miljøordskiftet i åra framover òg.
Tilkaringsindustri
Eit retorisk kraftfullt ord av nyare dato er tilkaringsindustri. Det skildrar verksemder som blir skulda for å skaffe seg rikeleg med offentleg stønad ved å knyte seg til noko staten meiner er gode føremål. Det blir hevda at slike verksemder ikkje ville ha blitt til om det ikkje var for utsiktene til å få statsstønad, og at stønaden er viktigare enn omsynet til forsvarleg drift. Tilkaring (det å kare til seg) er også brukt som førsteledd i andre samansetningar, som tilkaringsverksemd og tilkaringsøkonomi.
Hundredagarshoste
Hundredagarshoste er eit nokså nytt, folkeleg namn på sjukdomen kikhoste. Tilsvarande ord på engelsk er 100-day-cough. Både utbreiinga av sjukdommen og det nye ordet har fått eit kraftig oppsving i år. Som namnet tyder på, er det snakk om ein langvarig sjukdom. Bokstavrimet kan vere med på å fremje spreiinga av ordet.
Exitskatt
Ordet exitskatt er ei anna og meir fyndig nemning på utflyttingsskatt. Skatten omfattar personar som flyttar til utlandet, og som har urealiserte gevinstar på aksjar og andre verdipapir frå den tida dei har budd i Noreg. Ordet har blitt mykje brukt i samband med at mange rike nordmenn har flytta til Sveits dei siste åra.
Norsketarianar
Ei litt gøyal samanstilling av ulike språklege element er norsketarianar. Ordet blir brukt om folk som helst held seg til norskprodusert mat. Ein del av ordet vegetarianar er bytt ut med adjektivet norsk, og vi får det vi kallar eit teleskopord. Å lage teleskopord blir rekna som ein kreativ måte å fornye språket på.
Drakedrone
Utviklinga av militærteknologi har skote fart på grunn av dei mange og brutale krigane som går føre seg i verda for tida. 2024 har gitt oss ordet drakedrone, ein drone som angrip fienden med brennande metall, om lag som ein eldsprutande drake.
Det var også fleire ord som ikkje nådde opp på lista i år. Her er eksempla frå Språkrådet si pressemelding:
Kokaintsunami
Noreg ser ut til å ha blitt eit viktig innføringsland for kokain som blir smugla inn til Europa. Mykje av kokainen kjem sjøvegen frå Sør-Amerika til norske hamner, og fenomenet har fått eit slåande biletleg uttrykk i ordet kokaintsunami.
Kjøleferie
Dei unormalt høge temperaturane i Sør-Europa og andre delar av verda dei siste åra har fått mange til å leggje feriane sine til kjøligare område, blant anna i Noreg. På engelsk blir teleskopordet coolcation brukt om ein slik ferie. På norsk har vi fått avløysarordet
kjøleferie.
Klivare
Ordet klivare er eit svensk slangord brukt om ein person som mot betaling utfører alvorlege valdshandlingar på oppdrag av eit kriminelt nettverk. Ordet har komme til Noreg parallelt med at svenske gjengkriminelle har auka verksemda si her.
Kjønnsròte
Kjønnsròte er vinnarordet i ein konkurranse utlyst av Studentsamskipnaden i Oslo for å finne eit meir beskrivande namn på kjønnssjukdommen gonoré. Det er eit døme på eit kreativt resultat av aktivt og planmessig nyordsarbeid.