Dette Googla nordmenn mest i 2025
Nordmenn har vist stor interesse for stortingsvalet i år, og «Valgomat» er det mest søkte ordet på nettet. Lammelår er matoppskrifta det blir spurt mest om.
Mange har spurt etter valomat på nettet denne hausten. I tillegg spør nordmenn om korleis ein stemmer, om partia og kva sperrefristen er.
– Søkjelista gir eit ærleg bilete av kvardagen vår. I år ser vi at folk verkeleg har brukt Google for å orientere seg i eit viktig valår. Samtidig kastar vi oss over nye fenomen lynraskt, seier Sondre Ronander i Google Norge i ei pressemelding.
På andreplass på lista over nordmenns mest søkte ord finn vi den kristenkonservative høgreaktivisten Charlie Kirk, som vart skoten og drepen medan han talte til eit publikum på campusen til Utah Valley University i Orem i USA.
Topp ti søkeord:
1. Valomat
2. Charlie Kirk
3. Ed Gein
4. Ozzy Osbourne
5. Labubu
6. Noreg Italia
7. Bodø Glimt Tottenham
8. Elhub
9. Odd Nerdrum
10. Stig Millehaugen
«Team Pølsa»
Google har publisert listene over dei «sterkaste» søkjeorda for 2025. Tala er baserte på kva søkjeord som har auka mest i søkjevolum samanlikna med året før.
Serien «Adolescence» som kom i vår, er det sterkaste nye søkjeordet innan TV-serie og film. Rett bak blir det googla på serien «Rekviem for Selina» og ikkje minst NRKs «Team Pølsa» som er omfamna av mange TV-sjåarar. Då er det ikkje overraskande at mange også har spurt kvifor Øystein Pettersen er kalla pølsa.
Popstjerna Astrid S. er den som vekkjer mest interesse blant namna innan musikk. Kan det vere plagiattiltalen for hennar versjon av nasjonalsongen «Ja, vi elsker» som ho song før opninga av fotball-EM i sommar? Andre sterke namn innan musikk er gode gamle Carola og Kjartan Lauritzen.
Dubai-sjokolade
Mange tyr også til nettet og googling når ein skal finne oppskrifter. Matoppskrift på lammelår er den vi spør mest om. Rett etter kjem oppskrifta på såkalla Dubai-sjokolade, som også låg høgt i 2024.
Deretter viser trenden at nordmenn er nysgjerrige på både oppskrifter på fastelavnsbollar og focaccia.
– At vi søkjer etter både «korleis stemme» og «korleis lage Dubai-sjokolade» samanfattar 2025 ganske godt, meiner Ronander.
Det er også interessant å sjå kva som har falle ut av lista. I 2024 var det særleg Marius Borg Høiby som dukka opp på fleire lister. Då var han blant dei mest søkte norske namna og på toppen av søkjetrenden, saman med EM, Temu og OL. No er han heilt ute av topp 10 for søkjetrendar.
Google har publisert dei årlege søkjelistene over Topp 10-lister for norske namn, filmar og seriar, musikk og matoppskrifter. I tillegg har dei publisert ei liste over dei klassiske søkjespørsmåla: Kva er?, Korleis? og Kvifor?






