Stortinget stemmer for gruvedrift på havbotnen: – Katastrofalt

– Vi har jobba som samla miljørørsle mot dette, seier Spire-leiar Elise Åsnes.

Åshild Slåen
Publisert

Denne saka vart publisert før voteringa i Stortinget. 10. januar vart ho oppdatert med resultatet. 

Tysdag 9. januar stemte Stortinget over regjeringa sitt forslag om å opne for gruvedrift på havbotnen. Saman med Høgre og Framstegspartiet fekk regjeringa med Senterpartiet og Arbeidarpartiet fleirtal for forslaget. Dei har blitt samde om ei trinnvis opning for å utvinne mineral frå delar av den norske sokkelen.

– Vi har jobba veldig lenge som samla miljørørsle mot dette. I dag er aller siste moglegheit til å påverke politikarane på Stortinget i denne saka, der det dessverre ser ut til å bli fleirtal. Det blir heilt katastrofalt.

Det seier Elise Åsnes, leiar i Spire, på telefon til Framtida i forkant av voteringa. Saman med Natur og Ungdom, Verdas Naturfond (WWF), Naturvernforbundet og Greenpeace arrangerer dei ei markering framfor Stortinget mot forslaget.

– Internasjonalt er det stor motstand mot dette.

Ho viser blant anna til ein underskriftskampanje som no har over 540 000 signaturar.

– Heilt på trynet

Gytis Blaževičius har også møtt opp framfor Stortinget. Han kjem rett frå landsmøtet til Natur og Ungdom, der han vart valt inn som leiar av organisasjonen.

– Kvifor er du her i dag?

– Fordi dette forslaget er heilt på trynet. Det er heilt sjukt at politikarar berre kan innføre slike ynskje.

Blaževičius saknar betre politikk rundt gjenvinning av dei minerala som allereie er vunne ut, men som blir kasta eller som endar opp som avfall i fjordane våre.

– Ein har jo ikkje tenkt på alternativ. Ein går for visjonære løysingar, i staden for å tenke enklare.

Han har heller ikkje tru på at det blir så god gjennomgang av gruveplanar som lova, men meiner det kjem til å bli same prosedyre for gruvedrift på havbotnen som for oljeindustrien.

– Løyve kjem til å bli gitt fordi ein er på jakt etter eit eventyr.

Mineral til det grøne skiftet

Det ligg potensielt fleire verdifulle mineral under havbotnen til Noreg. Då fleirtalet for forslaget vart klart, understreka Arbeidarpartiet at dei ville finne ut om ein kan vinne ut desse minerala på ein lønsam, berekraftig og forsvarleg måte.

– På havbotnen finst viktige mineral vi treng til å byggje vindturbinar, solcellepanel og elbilar, som vil vere avgjerande for å nå klimamåla våre utan å gjere oss avhengige av mineral frå nokon få land utanfor Vesten.

Det sa Marianne Sivertsen Næss (Ap) til NRK i desember.

Det er derimot ikkje Spire eller Natur og Ungdom einige i.

– Det at ein tenkjer at ein skal løyse det grøne skiftet med prosjekt som kanskje skal setjast i gang om 30 år, er heilt på tryne, seier Blaževičius.

– Desse minerala vil kome altfor seint til å bidra til omstilling og det grøne skiftet, seier Åsnes.

Ho meiner vi veit for lite om kva som rører seg djupt i havet, og at det vil øydeleggje for livet der dersom ein opnar for ein ny industri som skrapar havbotnen.

– Dette er mineral vi ikkje treng til det grøne skiftet, og det vil vere ein stor katastrofe å byrje med gruvedrift.