Vekemeny for deg som vil ete meir norsk mat

Her er sju middagar laga med berre norske råvarer.

Åshild Slåen
Publisert

Framtida har prata med Dordi Boksasp Lerum (21), som har som nyttårsforsett å vere norsketarianar i år. Det inneber at ho skal gjere sitt beste for å berre ete mat som er dyrka og produsert i Noreg.

Lerum brukar NytNorge-merket som eit minstekrav for at ho skal rekne ei vare som norsk, og har blitt rutinert på å sjekke opphavsland. Ho handlar det aller meste frå heilt vanlege matbutikkar, sjølv om ho nokre gonger må gå spesifikt til Meny for å finne ting.

– Du kan også spørje matbutikken din om dei vil ta inn ei vare, også er det alltid fint å kjøpe direkte frå bonden om du kan det, seier ho på telefon til Framtida.

 

Her er forslaga hennar til ein vekemeny for deg som vil prøve å ete norsk mat:

Måndag: Sushikake med norsk havreris, laks og grønsaker

Sushikake er ein trend som har gått sin sigersgang på internett. For å lage ein norsk versjon brukar Lerum havreris frå Norsk Urkorn i staden for ris.

  1. Kok havreris etter instruksjonar på pakka.
  2. Finn fram ei form der du kan legge fleire lag oppi, før ho blir snudd på hovudet. Det nedste kjem altså øvst.
  3. Skjær opp laks og grønsaker så tynt som du vil ha det.
  4. Bland rømme, lauk og salt etter eigen smak.
  5. Legg laksen nedst i forma, og havreris i eit lag over
  6. Legg agurk og salat over risen, og rømmeblandinga over der. Legg ris på toppen att
  7. Gjenta det førre trinnet dersom du vil ha fleire lag. Avslutt alltid med ris.
  8. Snu kaka på eit fat og server.

Ingrediensar

  • Havreris frå Norsk Urkorn (Blir selt hjå Meny)
  • Norsk laks som kan brukast til sushi (sjå etter sashimikvalitet på pakka)
  • Norsk agurk, salat og lauk (sjå etter NytNorge-merket)
  • Rømme frå Tine
  • Havsnø salt (Blir selt hjå Meny)

Tips: Du kan pynte med litt etelege blomar på toppen for meir farge.

– Eg er kjøle glad i sushi! Då eg starta prosjektet var det mange venar som sa at då kan det ikkje bli sushilag, men det kan det! Du må berre sjå løysingar, seier Dordi Boksasp Lerum til Framtida. Foto: Privat

– Det er ikkje noko norsk soyasaus?

– Nei, men eg synest rømme, salt og lauk blir fint. Restane legg eg i ein matboks, så fungerer det omtrent som ein poké bowl.

Tysdag: Kylling, heimelaga potetstappe og grønsaker

  1. Kok potetane i salta vatn. Skrell dei først dersom du ikkje vil ha med skal, men med nypotet er det ikkje naudsynt å skrelle.
  2. Salt kyllingen, og varm opp panna skikkeleg før du steiker han i smør eller olje.
  3. Steik eller kok ønska grønsaker.
  4. Sil det meste av vatnet av potetane, og tilsett mjølk, smør og salt når du mosar dei til ei potetstappe.

Ingrediensar

  • Kylling frå Prior (det norske samvirket for bønder som leverer egg og kvitt kjøt). Du kan bruke ferskt kylling i pakke, eller frosen heil og skjære av det du treng.
  • Potet, enten direkte frå bonden eller frå butikken med NytNorge-merket. Nypotet er i sesong no.
  • Norske grønsaker som du sjølv likar. (Sjå etter NytNorge-merket)
  • Mjølk frå Tine (samvirkelaget for norske mjølkebønder)
  • Smør frå Tine
  • Norsk økologisk rapsolje, eller Odelia rapsolje, dersom du ikkje vil steike i smør.
  • Havsnø salt (Blir selt hjå Meny)

Legg gjerne til rømmedressing dersom du har til overs frå sushikaka.

Onsdag: Kyllingsalat med byggryn

– Her kan du bruke restane frå dagen før, fortel Lerum, som er oppteken av at ikkje noko av maten skal bli kasta.

  1. Kok opp byggryn
  2. Skjær opp kylling og grønsaker.
  3. Lag rømmedressing med lauk og salt (same som måndag)
  4. Bland byggryn, kylling, grønsaker og dressing i ein stor bolle.

Ingrediensar

  • Kyllingrestar frå dagen før
  • Salat (Sjå etter NytNorge-merket på grønsakene)
  • Agurk
  • Lauk
  • Tomat
  • Tine sin salatost, eller anna Tine-ost som du likar i salat
  • Byggryn (Norsk Urkorn, Skjåkgryn eller andre norske kornmerke)
  • Rømme frå Tine
  • Havsnø salt

– Eg synest Tine sin nye salatost er god, men du kan bruke både andre ostar og grønsaker som du likar, skyt Dordi inn.

Dordi har testa ut fleire norske produkt på butikken.

Torsdag: Grønsaksuppe med surdeigsbrød

– Suppe er jo resteparty, så då kan du slenge oppi det meste du har.

Lerum brukar surdeigsbrød som ho bakar sjølv til suppa, sidan brød i matbutikken ikkje kan garantere at dei har brukt norsk korn, og gjærprodukta ein kjøper i butikken er ikkje norske.

Ingrediensar

  • Gulrot
  • Potet
  • Kålrot
  • Sellerirot
  • Andre grønsaker du likar, spesielt rotgrønsaker. (Hugs å sjå etter NytNorge-merket eller sjekk opphavsland)
  • Lauk
  • Valfritt: kjøt eller byggryn for meir mat
  • Surdeigsbrød
  • Smør frå Tine

 

  1. Kutt opp grønsaker, poteter og lauk i omtrent like store bitar.
  2. Legg i ei gryte og hell over vatn. Salt godt.
  3. Kok til potetene er mjuke.
  4. Du kan tilsetje byggryn frå gårsdagens salat. Dersom du vil koke opp ekstra byggryn gjer du det i ein eigen kjele så suppa ikkje blir graut.
  5. Om du har kjøtrestar (til dømes kylling frå tidlegare i veka) er det berre å legge dei oppi. Dersom kjøtet allereie er varmebehandla kan du vente til suppa er nesten ferdigkokt.

Server med brødskiver og smør.

Tips: Om du har tolmod, og vil få litt meir smak på suppa, kan du brune lauken og nokre av grønsakene i gryta med smør før du heller på vatn.

Ein kan bruke mykje i ei suppe. Her har Dordi brukt opp nokre pølserestar. Skjermdump TikTok.

Fredag: Pannekaker med norske bær

– Eg brukar aldri oppskrift på pannekake, du kan hive oppi veldig mykje forskjellig, seier Lerum.

  1. Knekk eit egg eller to i ein bolle.
  2. Visp saman med mjøl og mjølk og litt salt til ei røre.
  3. Tilset du havregraut eller anna korn, kan du bruke litt meir mjølk, eller mindre mjøl.
  4. Tilset du fløyte eller andre meieriprodukt kan du bruke litt meir mjøl, eller mindre mjølk.
  5. Steik pannekakene i ei varm panne til dei er gylne på begge sider.

Ingrediensar

  • Fint kveitemjøl (Norsk Urkorn, eller Holli Mølle)
  • Egg frå Prior
  • Mjølk frå Tine
  • Havsnø salt (Blir selt hjå Meny)
  • Smør frå Tine for å steike i
  • Valfri norsk bær eller frukt

Restar du kan bruke opp:

  • Havregryn
  • Havregraut
  • Rømme, fløyte, yoghurt eller mjølk som har gått ut på dato
  • Surdeigsstartar

– Steiker du i rikeleg med smør så blir resultatet alltid bra!

Pannekaker er alltid godt, og du kan gjerne tilsetje litt blåbær i røra. Er du ekstra flink kan du vende pannekaka i lufta.

Laurdag: Grilling saman med venar

I helga er ein jo gjerne også sosial, og Lerum synest det er veldig enkelt å velje norsk når ein har ein grillkveld.

– Det er jo heilt genialt for ein norsketarianar. Du tek som regel med det du vil grille sjølv, og det er masse norsk kjøt å velje mellom.

I tillegg er det ikkje så vanskeleg å lage siderettar med norske potetar og grønsaker.

Ingrediensar

  • Ein grill
  • Venar og familie
  • God stemning
  • Ønska grillkjøt og siderettar
  • Norske jordbær
  • Fløyte frå Tine

 

Til dessert tilrår ho norske jordbær med fløyte.

Norske jordbær er favorittmaten til Dordi på denne tida av året. Her deler ho med grandtante og namnefelle Dordi. Skjermdump frå TikTok.

Sundag: Restemiddag

– Ein skal jo ikkje kaste mat, så ein må legge inn ein dag til restemiddag, seier Lerum.

Det blir fort att ekstra kjøt og salat frå ein grillkveld, eller så har du kanskje suppe frå torsdag. Uansett er sundag ein god dag å få ete opp noko av det du har hatt tidlegare i veka, og planlegge kva som blir neste vekemeny.

Ingrediensar

Kva enn du har i kjøleskapet.