– Det blir nokre hundrelappar ekstra i månaden, men det synest eg det er verdt, seier 21-åringen.

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 27.02.2024 10:02

– Det er klart, det er det verste tidspunktet å starte med eit slikt prosjekt, seier Dordi Boksasp Lerum.

Januar og februar er ikkje månadane det er mest norsk frukt og grønt i butikken, men det stoppar ikkje Lerum frå å gjennomføre nyttårsforsettet sitt: å berre ete norsk mat i eit heilt år.

Prosjektet deler ho på TikTok til fleire hundretusen visningar.

 

@spdordi♬ Good To Be – Mark Ambor

Ho er valt inn som fylkesrepresentant for Senterpartiet i Møre og Romsdal, og studerer for å bli lektor. Når Framtida pratar med henne er Lerum på sin femtiande dag som norsketarianar. Ho brukar vinterferien i heimfylket, men har odel på ein familiegard i Sogn. Garden har kjøtproduksjon som leverer til Nortura, og dermed til Gilde.

Brød på butikken er ikkje berre laga med norske råvarer, og vi produserer ikkje gjær i Noreg. Difor blir det heimebakte surdeigsrundstykke. Foto: Dordi Boksasp Lerum

– Eg har vakse opp med å ete mykje mat frå garden, og eg er oppteken av at vi skal styrke den norske bonden, det er difor eg gjer dette.

Fredagstaco med potetlefse

Ho fortel at starten på året var utfordrande, spesielt med ting som Noreg ikkje produserer. Norsk salt eksisterer, men ikkje pepar. Sukker kan ho erstatte med honning, ris med bygg, men det er ikkje like enkle erstatningar for dei fleste krydder.

– Eg har blitt veldig flink til å smake på sjølve maten når eg ikkje har tilgang på krydder.

Foto: Dordi Boksasp Lerum
Foto: Dordi Boksasp Lerum
Foto: Dordi Boksasp Lerum
Foto: Dordi Boksasp Lerum
Foto: Dordi Boksasp Lerum

Samstundes vil ho prøve å få til matrettar som ikkje er særnorske.

– Eg har stor respekt for dei som løftar opp norsk tradisjonsmat, men er også oppteken av at unge ikkje berre vil ete fårikål og smalahove. Taco er jo ein favoritt.

Fredagstacoen blir litt annleis. Potetlefse, norske grønsaker, norsk ost og norsk kjøt meiner ho gir eit godt alternativ sjølv om krydderet blir borte.

Norsk matproduksjon

Kor sjølvforsynt Noreg er, kjem an på korleis ein reknar, og kva år ein ser på. Noverande regjering har i Hurdalsplattforma eit mål om 50 prosent sjølvforsyning. Dette tek omsyn til om fôret i kjøtproduksjon er importert eller ikkje.

Ifølgje Faktisk.no ligg dette talet dei to siste tiåra i snitt på 40 prosent sjølvforsyning. Dersom ein tek med kjøt produsert med utanlandsk fôr, stig det til 45 prosent per 2021.

Noreg importerer rundt 50 til 60 prosent av maten vi finn i butikken.

Frukt og bær er blant den lågare andelen vi produserer sjølv. Vi produserte 32 000 tonn frukt og bær i 2021. Same år importerte vi 425 000 tonn frukt og bær.

På den andre sida har vi fisk og anna sjømat, der vi kan vere sjølvforsynte dersom vi sluttar å eksportere, og ikkje tek med det utanlandske fôret. Då kan vi vere mellom 80 og 90 prosent sjølvforsynte, men må ete mykje meir fisk enn det vi gjer no.

 

Nesten heilnorsk

Ein typisk heilnorsk frukost. Foto: Dordi Boksasp Lerum

Nokre unnatak er det likevel. Forsettet skal ikkje bidra til meir matsvinn, så Lerum vil ikkje kaste mat ho allereie har i skapet frå før. Ho får heller ikkje dårleg samvit av å kjøpe Tine-yoghurt, som har mått bruke tysk mjølkepulver på grunn av for låg mjølkeproduksjon.

– 97 prosent av yoghurten er jo framleis norsk, som er mykje betre enn Q-meieriene sine yoghurtar.

Lerum nyttar «Nyt Norge»-merkeordninga som eit minstekrav, og passar på å kjøpe kjøt frå Gilde.

Litt dyrare

Ho skulle ønske at det var ei norsk merkeordning for restaurantar, ikkje berre for daglegvarer.

– Men eg er jo student, så eg et ikkje så mykje ute uansett.

– Korleis er økonomien i dette?

– Det blir nokre hundrelappar ekstra i månaden, men det synest eg det er verdt, seier ho.

I januar betalte ho 4742,31 kroner på matbutikken. Det inkluderte varer som toalettpapir, tannkrem og såpe.

@spdordi♬ Aesthetic – Tollan Kim

Brukar eplemost for søtsug

Ris er vanskeleg, men vi produserer mykje bygg i Noreg. Då kan ein lage byggotto med rødbete. Foto: Dordi Boksasp Lerum

Det er ikkje dei sunne alternativa som er det vanskelegaste for Lerum.

– Dei fyrste dagane trur eg at eg tenkte på smågodt kvar dag.

Godteri og sjokolade er førebels lagt på hylla. Utanom eple er også meir naturlege søtsaker vanskeleg å få tak i, sidan ho ikkje gjekk på ekstra bærturar for å førebu seg i haust.

– Eg har blitt veldig glad eplemost. Og vi har norske eple i butikken, i tillegg til eple frå familiegarden som kan lagrast over vinteren.

Og det er ikkje heilt mangel på snacks.

– Heldigvis har vi norsk potetgull!