Tekoligark er årets nyord – her er lista over finalistane
Stortingsvalet har også prega språkåret, med politiske uttrykk som Tuttifruittsamarbeid og kjøtkakeindeks på lista til Språkrådet.
– Årets ord kan bidra til å løfte debatten om digital sjølvråderett i Norge, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet, i ei pressemelding.
Tekoligark kan få deg til å tenke på personar som Mark Zuckerberg, Bill Gates, og kanskje spesielt Elon Musk, som involverte seg mykje i den nye Trump-administrasjonen i år. Språkrådet trekk fram den innverknaden slike maktpersonar kan ha på politikk.
«I 2025 har vi for alvor forstått at eit samfunn som gjer seg avhengig av løysingane til dei store teknologiselskapa, er eit sårbart samfunn,» skriv dei i omtalen av ordet.
Årets ord frå tidlegare år
- 2024: beredskapsvenn
- 2023: KI-generert
- 2022: krympflasjon
- 2021: sportsvaske
- 2020: koronaen
- 2019: klimabrøl
- 2018: skjebnelandsmøte
- 2017: falske nyhende
- 2016: kvardagsintegrering
- 2015: det grøne skiftet
- 2014: framandkrigar
- 2013: sakte-tv
- 2012: å nave (naving)
- 2011: rosetog
- 2010: oskefast
- 2009: svineinfluensa
- 2008: finanskrise
Sjå heile lista nedst i saka.
Språkrådet kårar årets ord i samarbeid med professor Gisle Andersen ved Noregs handelshøgskule.
For å finne nyord har dei blant anna brukt dataverktøy som kan fange dei opp frå store riks- og regionaviser. Dataverktøyet er utvikla av Knut Hofland i forskingsselskapet Norce.
Årets ord skal vere aktuelt og levedyktig og ha høg språkleg kvalitet. Det er eit poeng å vise at norsk er eit rikt språk med et stort ordtilfang som lett kan utvidast på gode måtar.
I fjor vart beredskapsvenn årets ord.
– I fjor handla det mykje om økonomi og krig. I år har det handla mykje om teknologi og meir nasjonale forhold. Blant anna har nyheitsbiletet vore prega av stortingsvalet i haust, seier Dagfinn Rødningen, seniorrådgjevar i Språkrådet.
Her er heile lista over Språkrådet sine nyord:
Tekoligark
Årets ord 2025 er tekoligark. Ein oligark er ein herskar i eit oligarki, eit fåmannsvelde. Ordet oligark blir òg brukt om søkkrike personar med stor politisk makt. Tekoligarkane har opparbeidd seg gigantiske formuar gjennom å eige store og dominerande teknologiselskap som driv digitale plattformer og utviklar kunstig intelligens. Med sin nærmast totale kontroll over den digitale teknologien har dei stor makt og innverknad over heile verda. Makt og innverknad får dei også gjennom nære band til mektige politikarar. Vi fekk sjå eit tydeleg døme på det da mange av dei mest kjende tekoligarkane sat på rekkje og rad bak Donald Trump da han vart innsett som president i USA i januar. I 2025 har vi for alvor forstått at eit samfunn som gjer seg avhengig av løysingane til dei store teknologiselskapa, er eit sårbart samfunn. Årets ord kan medverke til å løfte debatten om digital sjølvråderett i Noreg.
Kjøtkakeindeks
Ordet kjøtkakeindeks dukka opp i den norske stortingsvalkampen i 2025. Denne indeksen er eit mål på samanhengen mellom kor ofte folk et kjøtkaker, og kva for parti dei røystar på. Ordet skreiv seg frå ei undersøking gjennomført av eit velkjent meiningsmålingsselskap, og ordet seier noko om eit interessant demografisk mønster i den norske befolkninga. Spenninga mellom det folkelege (kjøtkake) og det vitskaplege (indeks) gjer det til eit artig ord.
Noregspris
Prisen på straum har vore eit stort diskusjonstema i Noreg i lengre tid, og i haust vart noregspris introdusert som ei statleg prisordning for straum. Ordet fortener ein plass på topp-tre-lista av to grunnar. For det første har det ei tyding ein ikkje kan gjette seg til ut frå summen av delane. For det andre har ordet allereie fått to tydingar: Det blir brukt både om straumprisordninga og om sjølve straumprisen som blir fastsett gjennom ordninga. Noregspris har vorte svært populært blant norske straumkundar og har fått mykje medieomtale. Det er derfor eit av dei mest brukte nyorda i 2025.
Frifødande
Dei fleste nyorda er substantiv, gjerne samansette. Adjektivet frifødande, som blir brukt om personar som føder utan lege eller jordmor til stades, er eit døme på eit nytt ord som har dukka opp i den pågåande diskusjonen om uassisterte fødslar. Adjektivet er avleidd av substantivet frifødsel, som har vore i bruk noko lenger. Vi har også registrert verbet friføde og det tilhøyrande substantivet frifødar.
Båle
Båle er eit norsk dialektord som så langt har vore lite brukt i skrift. Med slagordet for friluftslivets år 2025, «Heile Noreg bålar», vart folk flest introduserte for eit kort og treffande verb for det å brenne bål, og det ser ut til å ha slått an blant dei mange friluftsentusiastane i Noreg.
Dronemur
Dronemur er ei av mange samansetjingar som har dukka opp parallelt med at droneteknologien utviklar seg i rasande fart, og at dronar spelar ei stadig større rolle i militære operasjonar. Ordet er eit biletleg uttrykk for effektive mottiltak mot droneåtak.
Tuttifruttisamarbeidet
Ordet er brukt om samarbeidet mellom dei fem partia på venstresida som til saman dannar fleirtal i Stortinget etter valet i 2025. Førsteleddet tuttifrutti har italiensk opphav og vart først brukt om noko som har smak av ulike frukter. I overført tyding blir samansetjinga brukt med politisk slagside mot eit samarbeid mellom parti som blir skulda for å ha ulike prioriteringar.
Øydestad
Frå tid til anna får ord nytt liv gjennom verksemd frå offentlege myndigheiter. Ordet øydestad vart brukt i ei kartlegging Kartverket gjorde i mars over kva for punkt på land i kvar kommune som ligg lengst frå menneskeleg infrastruktur. Ordet og fenomenet vart mykje omtala i media, ikkje minst lokalt. I ei tid der mange søkjer seg til urørt natur, kan øydestaden bli ein ettertrakta stad.
Forskarflyktning
Regjeringa har oppretta ei ordning som gjer at norske forskingsinstitusjonar kan ta imot forskarar som ikkje kan drive forskinga si i landa dei er i. Desse forskarane blir omtala som forskarflyktningar, og dei fleste av dei kjem frå amerikanske institusjonar. Dei har opplevd det som vanskeleg å vere forskar i USA etter at Trump-administrasjonen har endra reglane for mellom anna tildeling av føderale forskingsmidlar.
Leseskam
Ordet skam brukt som etterledd i samansette ord er framleis produktivt, sju år etter at flyskam og kjøtskam vart tekne i bruk i den norske klimadebatten. I år har leseskam vorte brukt i eit ordskifte om kva slags litteratur det er akseptabelt å lese. Eit anna skam-ord som har vore ein del brukt i år, er Tesla-skam.
Det var også fleire ord som ikkje nådde opp på lista i år. Her er eksempla frå Språkrådet si pressemelding:
Stoltenback
Då tidlegare statsminister Jens Stoltenberg overraskande vart presentert som ny norsk finansminister tidleg på vinteren i år, vart det av vittige tunger omtala som stoltenback, eit artig teleskopord som byggjer på namnet Stoltenberg og ordet comeback.
Mammapølse
Eit spesielt ytterplagg for kvinner, ei lang kåpe av dun, fekk i vinter den negative karakteristikken mammakorv av ein debattant i ei svensk avis. Både plagget og ordet vart omdiskutert, og debatten vart også fanga opp i norske medium. Der fekk plagget den norske nemninga mammapølse.
Tullestudium
Då ein norsk stortingspolitikar i sommar brukte karakteristikken tullestudium om studium han meinte hadde låg samfunnsnytte, tok debatten fyr. Førsteleddet tull gjer ordet godt eigna til å skape ekstra temperatur i ein debatt om den direkte nytteverdien av ulike studium.






