Årets ord er «KI-generert» – sjekk alle dei nominerte

Språkrådet har kåra «KI-generert» som årets ord. Ordet betyr «laga med kunstig intelligens».

NPK-NTB, Framtida.no – Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

– Ordet vil truleg bli brukt meir og meir etter kvart som kunstig intelligens blir teken i bruk på fleire område, seier seniorrådgivar Dagfinn Rødningen i Språkrådet i ei pressemelding.

Den norske omsetjinga har fått fotfeste her i landet, medan nabolanda bruker den engelske forkortinga «AI» for «artificial intelligence».

Ifølgje Rødningen var «KI-generert» meir brukt enn «AI-generert» i norske tekstar.

Direktør Åse Wetås i Språkrådet er glad for at den norske forkortinga for kunstig intelligens er i ferd med å etablere seg.

– Mykje av det teknologiske språket kjem frå engelsk, og mange vil bli ekskluderte frå det offentlege ordskiftet om det ikkje blir etablert eit norsk fagspråk på dette feltet, seier ho.

Andre ord som i år vart vurderte som årets ord, var «dyrtid», «milliardærflukt», «polykrise», «demenskor», «grøn kolonialisme», «sensitivitetslesar», «ultraprosessert», «planvask» og «nevromangfald».

I fjor vart «krympflasjon» kåra til årets ord.

Les kva andre ord som var nominerte og grunngjevingane for dei i lista under.

Åse Wetås, direktør i Språkrådet meiner det er viktig at me nytter norske ord når me snakker om teknologi. | Foto: Oda Hveem/Språkrådet
KI-generert er årets ord. | Foto: Growtika/Unsplash
NRK-serien Demenskoret vart svært populær i 2023. | Foto: Julia Marie Naglestad/NRK
Milliardær Kjell Inge Røkke er ein av mange som har "flykta" til Sveits på grunn av høge skattenivå i Noreg. | Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Dei siste åra har vore påverka av ei rekke kriser. | Foto: Ignacio Amenábar/Unsplash
Foto: Sara Kurfeß/Unsplash
Fosen-aksjonistane sette sitt merke på året. | Foto: Amanda Iversen Orlich/Natur og Ungdom
Nypublisering av gamle bøker har skapt debatt det siste året. | Foto: Sincerely Media/Unsplash
"Kva er ultraprosessert mat?" var ein av tinga nordmenn undra mest på i 2023. | Foto: Karsten Winegeart/Unsplash
Planvasking | Foto: Seth kane/Unsplash
Omgrepet nevromangfald blir brukt som ei meir nøytral eller positiv erstatting for andre, meir negativt ladde uttrykk. | Foto: Caleb Woods/Unsplash
Novent er eit teleskopord, samansett av orda november og advent. | Foto: Myriam Zilles/Unsplash