Vekas viktigaste: Palestina-avstemming, stormaktsmøte og bokpris
Nyheitsveka i bilete. | Foto: Beate Oma Dahle / NTB, Heiko Junge / NTB, Doug Mills/The New York Times via AP
Konflikten i Midtausten og storpolitikk har prega nyheitsbiletet både på verdsbasis og i Noreg. Her er noko av det du bør få med deg frå den siste veka.
Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Gaza: Tryggingsrådet ber om humanitær pause og frigjering av gissel
I resolusjonen ber FN òg om at Hamas og andre grupper slepper fri gissel, skriv NRK. Det blei teke om lag 240 gissel i samband med Hamas-åtaket, ifølgje det israelske militæret.
Det var Malta som la fram FN-forslaget, som blei vedteke med tolv stemmer. USA, Storbritannia og Russland avstod frå å stemme, men sidan ingen land brukte vetoretten, vart det vedteke.
Førre månad forsøkte Tryggingsrådet fire gongar å kome fram til ein resolusjon, utan at dei vart samde.
Denne veka vart òg dei første norske statsborgarane evakuerte frå Gaza. Blant dei 51 som kom seg til Egypt natt til torsdag, var det 27 barn. Det er framleis rundt 200 norske borgarar i Gaza, ifølgje Aftenposten.
FNs Tryggingsråd har vedteke ein resolusjon om frigjering av gissel og humanitær pause i Gaza. | Foto: UN Photo/Loey Felipe
Onsdag møttest statsleiarane i Kina og USA i San Francisco. Det har blitt omtala som årets viktigaste møte, ifølgje NRK.
Forholdet mellom dei to landa har lenge vore prega av konflikt, mellom anna på grunn av tidlegare president Donald Trump sin handelskrig mot Kina, og tidlegare leiar av Representanthuset Nancy Pelosi sitt besøk i Taiwan, forklarar NRK.
Etter møtet skreiv den amerikanske presidenten på X at han trur dette var blant dei mest konstruktive og produktive diskusjonane dei to statsleiarane har hatt.
Blant temaa Joe Biden og Xi Jinping skal ha diskutert i det fire timar lange møtet, var mellom anna Taiwan, krigen i Midtausten og fentanyl-problemet i USA, som amerikanske styresmakter har skulda Kina for å bidra til.
Biden sa på ein pressekonferanse at USA og Kina no er samde om å ta opp att direkte kontakt mellom landa sine militære styrkar og at dei vil halde fram med diplomatisk samarbeid.
– Kina er klare for å vere både partnar og ven med Amerika. Det er absolutt rom for bilaterale samarbeid mellom landa, skal Xi Jinping ha sagt, ifølge Reuters.
Joe Biden og Xi Jinping ruslar ein tur i samband med eit fire timar langt møte mellom dei to statsleiarane. | Foto: Doug Mills/The New York Times via AP, Pool
Storbritannia får ikkje sende asylsøkjarar til Rwanda
Den britiske regjeringa har ønska å sende asylsøkjarar til Rwanda medan dei ventar på svar på opphaldsløyve. No har landets høgsterett konkludert med at det ikkje er lovleg.
Dei slår fast at Rwanda ikkje kan bli rekna som eit trygt tredjeland.
I kjenninga skriv dei at det er ein reell risiko for at asylsøknadar ikkje vil få riktig utfall, og for at asylsøkjarar kan bli returnerte direkte eller indirekte til heimlandet.
Boris Johnson si regjering presenterte planen om å bruke Rwanda som tredjeland i fjor, men det blei stansa av Den europeiske menneskerettsdomstolen og ein domstol i London. Kjenninga blei anka til Høgsterett. Den britiske statsministeren seier at dei tapte saka fordi Rwanda ikkje blir rekna som trygt, men at retten prinsipielt har stadfesta at det er lovleg å sende ulovlege migrantar til tredjeland.
– Vi må få ein slutt på ulovleg innvandring, og vi vil gjere det som trengst, seier han ifølgje VG. I fjor kom over 45 700 migrantar til Storbritannia i båtar via Den engelske kanalen. Det var 60 prosent fleire enn året før, skriv avisa.
Statsminister Rishi Sunak ønskjer å «stoppe båtane» med migrantar til Storbrittania. Her frå ein pressekonferanse om Rwanda 15. november 2023. | Foto: Simon Walker / No 10 Downing Street / Flickr
Stortinget med Palestina-kompromiss
Stortinget stemte ned eit forslag frå Raudt om å anerkjenne Palestina som sjølvstendig stat. Forslaget fekk ikkje tilstrekkeleg fleirtal i voteringa, og Noreg blir dermed ikkje eitt av dei 138 medlemslanda i FN som allereie har anerkjent staten.
I staden stemde Stortinget for eit alternativt forslag frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet som opnar for å anerkjenne Palestina som eigen stat seinare. I vedtaket heiter det at:
«Stortinget ber regjeringa vere førebudd på å anerkjenne Palestina som ein eigen stat på eit tidspunkt der ei anerkjenning kan ha positiv innverknad på ein fredsprosess og utan atterhald om ein endeleg fredsavtale.»
Demonstrasjon i Oslo etter at Stortinget vedtok kompromiss om ei framtidig anerkjenning av Palestina. | Foto: Heiko Junge / NTB
Erna Solberg sa denne veka at ho ønskjer å halde fram som partileiar og statsministerkandidat for Høgre. Utspelet kjem i kjølvatnet av habilitetssakene i samband med ektemannens aksjekjøp.
På ein pressekonferanse fortalde Solberg at ho er lei seg for at ho har vore inhabil i saker, men at ho har fått tilbakemelding om at ho er ønska som partileiar vidare.
– Det har bidrege til konklusjonen min, slik saka står no. At viss Høgre vil, så er eg fullt motivert, kanskje meir motivert enn på lenge, til å halde fram, og dimed også vere Høgre sin statsministerkandidat i 2025, sa ho på pressekonferansen. Ho la til at ho ikkje trur saka med aksjekjøpa gjer ho til ein dårlegare politisk leiar.
Nestleiar Henrik Asheim støttar Erna Solberg som partileiar og statsministerkandidat. Her er dei saman på ein pressekonferanse tidlegare i veka. | Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Oliver Lovrenski yngste vinnar av Bokhandlarprisen
19 år gamle Oliver Lovrenski får årets Bokhandlarpris for debutromanen «Da vi var yngre». Vinnaren er stemt fram av tilsette i bokhandlar over heile landet. Dei har kåra oppvekstromanen frå Oslo som sin favoritt.
Lovrenski sin roman er allereie seld til 14 andre land.
– Dei to beste indikatorane for at noko er bra, er godt boksal og Bokhandlerprisen. Det er folket. Så det å både selje som faen og få Bokhandlerprisen betyr for meg at eg har treft det viktigaste, det er dei vanlege menneska i Noreg, seier Lovrenski til NTB.
Oliver Lovrenski (19) kan bli den første debutanten til å vinne i kategorien «Skjønnlitteratur» under årets Bragepris. | Foto: Jarli & Jordan/Aschehoug
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.