Oliver Lovrenski (19) får Bokhandlerprisen for debutromanen «Da vi var yngre»

Oliver Lovrenski har greidd å vekkje leselysta hos alt frå tenåringar til gamle damer med debutboka «Da vi var yngre». No får han Bokhandlerprisen.

NPK-NTB-Peter Tálos
Publisert

Debutanten på berre 19 år har fått strålande mottaking av meldarane og har lege på salstoppen i heile haust. Tysdag vart det kjent at Oliver Lovrenski er den som kan smykke seg med Bokhandlerprisen for 2023. Tilsette i bokhandlar over heile landet har stemt på kva bok som er deira favoritt, og det vart altså den unge mannen frå Oslo som klatra heilt til topps. Det er forfattaren både stolt og fornøgd med.

– Dei to beste indikatorane for at noko er bra, er godt boksal og Bokhandlerprisen. Det er folket. Så det å både selje som faen og få Bokhandlerprisen betyr for meg at eg har treft det viktigaste, det er dei vanlege menneska i Noreg, seier Lovrenski til NTB.

Etter sju veker i bokhandlane i landet er boka allereie seld til 14 land. Etter prisutdelinga startar ein landsomfattande turné for den unge forfattaren. I alt 200 bokhandlar over heile landet skal få besøk dei neste vekene.

Rå oppvekstroman

Historia er ein rå oppvekstroman om vegen ut på skråplanet for Ivor og dei tre vennene hans i Oslo. Med eit uvanleg formspråk går historia over 240 til dels halvskrivne sider, og med eit så kraftig kebabnorsk at eldre lesarar må utstyre seg med ordbok for å forstå innhaldet i dei første kapitla.

Historia er så røyndomsnær at det fort gjort å tenkje at boka er sjølvbiografisk. Men det seier Oliver Lovrenski at ho ikkje er.

– Boka skildrar korleis Oslo er for ungdom og unge i dag. Det er ei historie om dei, og eg hadde eit særleg håp om at unge gutar ville plukke den opp og lese. Og det har dei gjort. Dei som aldri har lese ei bok før, har oppdaga denne boka, dei har oppdaga det fine med å lese, og det er eg veldig stolt over, seier forfattaren til NTB.

Ei anna stor lesargruppe som har overraska Oliver sjølv, er godt vaksne kvinner heilt opp i 70-åra. Dei stansar han på gata og fortel kor godt dei likar boka hans.

Kollasj med ung mann med briller og bøker

Herman Østby (21) oppdaga litteratur på slutten av ungdomsskulen og er no ein skikkeleg lesehest. Foto: Pixabay/privat

Autentisk, men ikkje biografisk

– Det er ei autentisk historie for ungdom i Oslo. Ei skildring av røyndommen i byen, meir enn ei skildring av meg, seier han vidare. – Den menneskeleggjer ei gruppe menneske som elles berre er overskrifter. Ein les om desse gutane, og dei gjer mange ting som du vil tenkje at det vil eg aldri ha gjort, men så er det ei sårheit der, seier han.

Boka fekk si form då Oliver Lovrenski reiste rundt i det gamle Jugoslavia for eitt år sidan. Sin eigen kroatiske bakgrunn pregar både hovudpersonen i boka og forfattaren, og han prøvde å skrive litt kvar dag.

Tidlegare forsøk på å skrive på vanleg bokmål vart til slutt kasta på båten, og han tok teksten i staden heilt ut med den særeigne slangen kebabnorsk, altså norsk med ein stor porsjon slang frå innvandrarmiljøa og andre generasjons innvandrarar. Då til slutt losna det for Oliver, som etter kvart kom heim til Noreg med eit heilt manus på 450 sider i bagasjen.

Det markante brotet med vedtekne sanningar om språk, form og stil skremde ikkje forleggjarane, som kort etter at dei hadde fått ein smakebit frå boka, heiv seg over telefonen for vere den første som signerte han. Det vart Aschehoug som rakk å slå nummeret fort nok, berre minutt før konkurrenten. I eit tett samarbeid mellom forfattar og redaktør vart teksten kutta med 200 sider.

Allereie som 20-åring romandebuterte Maria Navarro Skaranger. No får ho Bjørnsonstipendet som går til eit lovande forfattarskap. Foto: Pernille Marie Walvik

Resten av historia

– Er det noko Vaksen-Noreg kan lære eller tileigne seg frå boka?

– Eg trur ein kan få ei forståing av korleis det er å vere ung no. Ein blir kjend med alt som ikkje blir sagt ved middagsbordet, forklarer Lovrenski.

– Viss du har ungar og spør dei om korleis det går, så får ein kanskje berre halve historia. Her får ein resten.

Å skrive med magi

Oliver Lovrenski er allereie i gang med å skrive ei ny bok, og i same stil som debutboka.

Kapitla i «Da vi var yngre» er korte, nokre av dei berre ei setning eller to. Forfattaren seier han i tett samarbeid med redaktøren sin kutta språket heilt ned til eit minimum og brukte mykje tid på teiknsetjing. Men forteljinga mistar verken driv eller nyansar. Det er gatelivet i Oslo, narkotika og vald, men også små rørande augneblinkar av forelsking for den unge, men likevel så herda Ivor.

– Eg skreiv boka for dei unge, for at dei skulle oppdage at historia deira har verdi og betydning. Men det er ei open historie. Viss ein skriv med ein dagsorden, så mistar ein ærlegdommen, og då forsvinn magien med skjønnlitteraturen. Det ser ein også på karakterane i boka. Det går ikkje så godt for dei, seier han stillferdig.

Sjølv fortel den tweedkledde 19-åringen at han alltid har lese og mykje. Ingvar Ambjørnsens «Hvite Niggere» blir nemnd som ein klar favoritt, og romanen «Tante Ulrikkes vei» av Zeshan Shakar frå 2017. Allereie no har også Oliver Lovrenski sjølv vorte lagd merke til blant forfattarkollegaene sine. Han har fått råd om ikkje la seg påverke vekk frå måten sin å fortelje på.

– Lars Mytting fortalde meg at eg alltid måtte prøve å halde fram med å vere debutant. At ein er uredd, spontan og utan å ha forventningar til seg sjølv eller kva folk elles måtte tenkje, seier 19-åringen.

Han er allereie i gang med å skrive ei ny bok, og også i den same stilen som debutboka.


Fjorårets prisvinnar var Zeshan Shakar: