Åshild Slåen
Publisert

Saka er ein del av NUPI Skole sin artikkelserie «Hvor hender det?» og er gitt att med løyve.

Sommaren 2022 var den amerikanske kongressleiaren Nancy Pelosi på rundreise i Asia og tok ein tur innom Taiwan. Kina reagerte med sinne og arrangerte ei stor militærøving i områda rundt øya.

Nancy Pelosi på besøk i Taiwan. Taiwans president Tsai Ing-wen til høgre. Foto: Makoto Lin / Office of the President via Flickr (CC BY 2.0)

Våren 2023 besøkte Taiwans president Tsai Ing-wen eit par amerikanske byar for møte med amerikanske politikarar. Igjen protesterte Kina og fleksa militære musklar.

Kvifor er det så mykje styr knytt til Taiwan og kva er bakgrunnen for konfliktane?

Korleis oppstod konfliktane rundt Taiwan?

For å forstå situasjonen til Taiwan, må vi sjå tilbake i historia, spesielt til åra etter andre verdskrig. Japan hadde styrt Taiwan som ein koloni sidan 1895, men trekte seg i 1945 ut etter at dei og Tyskland tapte verdskrigen.

Taiwan var då tilbake under kinesisk styre, men i Kina var det no borgarkrig. Der mobiliserte kommunistpartiet til revolusjon og kjempa mot nasjonalistane og Nasjonalistpartiet, som hadde regjeringsmakta i landet, som då heitte Republikken Kina.

I 1949 tok kommunistane kontroll over store område i Kina og 1. oktober erklærte dei opprettinga av eit nytt styresett og namn til landet, nemleg Folkerepublikken Kina, med Beijing som hovudstad.

Over ein million kinesarar, mange av dei tilhengjarar av Nasjonalistpartiet, var då på «rømmen», frå fastlandet til øya Taiwan, der dei etablerte seg og heldt fram å styre Republikken Kina, med Taipei som hovudstad. 

Fram til 1971 var det også dei, altså styresmakta på Taiwan, som representerte Kina i FN, til store protestar frå Beijing, men med støtte frå USA og mange andre statar.

Andre land, deriblant Noreg, valde tidleg å anerkjenne opprettinga av Folkerepublikken Kina, og rekna aldri Taiwan som tilhaldsstad for Kinas regjering, slik USA og andre land gjorde i mange år.

Folkerepublikken Kina har heile tida heldt fast på at Taiwan er ein del av deira territorium og at dei skal sameinast att.

Kva er ‹eitt Kina›-politikken og USAs rolle?

På starten av 1970-talet byrja USA prosessen med å normalisere forholdet sitt til Folkerepublikken Kina. Verda var då midt inne i den kalde krigen og USA meinte eit samarbeid med Kina kunne bidra til å svekke Sovjet sin internasjonale påverknad.

Før USA og Kina kunne bli einige om noko som helst, måtte dei likevel finne ei slags løysing på spørsmålet om Taiwans framtid.

Frå Kinas side var det eit absolutt krav at ein diplomatisk relasjon mellom USA og Folkerepublikken Kina ikkje kunne kombinerast med noka form for formell anerkjenning av Taiwan.

Løysinga kom i eit par felles fråsegner frå USA og Kina i 1972 og 1979, der USA uttalte at dei «anerkjenner at alle kinesarar på begge sider av Taiwanstredet held fast på at det finst berre eitt Kina og at Taiwan er ein del av Kina». Vidare sa USA at dei anerkjenner at Folkerepublikken er Kinas einaste myndigheit, og at dei ønsker at konfliktane om Taiwan skal løysast av kinesarane sjølv på fredeleg vis.

Dette er bakgrunnen for «eitt Kina»-politikken, som bana vegen for at USA kunne etablere diplomatiske relasjonar til Kina, samstundes som dei måtte avslutte det formelle «stat til stat»-forholdet til Taiwan.

Det er viktig å merke seg at USA ikkje sa noko bestemt om at Taiwan absolutt må sameinast att med Kina eller at Folkerepublikken Kina faktisk skal styre over Taiwan, som skil seg frå «eitt Kina»-prinsippet, som Kina held fast ved.

USA heldt også fast ved retten til å halde fram med å støtte Taiwan på andre måtar enn via formelle statsrelasjonar. Sidan har USA plikta seg til å forsyne Taiwan med våpen, hovudsakleg for å førebyggje eit militært angrep frå Kina.

Då USA avtalte «eitt Kina»-politikken i 1972, forventa mange at Kina og Taiwan ville utvikle seg slik at ei fredeleg løysing vart mogleg. Sidan har det skjedd mykje som kompliserer heile situasjonen, og mange land, inkludert USA, er bevisst vage eller uklare når dei snakkar om Taiwan, som dei ikkje kan anerkjenne som eit vanleg land, men ønsker å støtte.

USA held ved lag forpliktingane sine om å støtte Taiwan militært, men det blir verande uklart under kva for omstende, og med kva for verkemiddel, USAs forplikting gjeld. Den uklarleiken er strategisk bestemt fordi Kina ikkje skal vite korleis USA faktisk vil reagere.

Er Taiwan eit land?

Dersom vi tar utgangspunkt i samfunnet på Taiwan og korleis menneska der lever, er det lett å seie at Taiwan fungerer som eit land. Dei har sitt eige styresett og sin eigen økonomi.

Databrikke

Bilete av databrikke: Foto: Epop/BY-SA 3.0 Taiwan er verdas største produsent av avanserte databrikker.

Samfunnsutviklinga har vore formidabel. Sidan 1980-talet har Taiwan gått frå eit autoritært styresett, til å bli eit av dei mest liberale demokratia i heile Asia. 

Økonomisk kan Taiwan skilte med både høg levestandard og avanserte produkt. Blant anna har dei verdas største produksjon av avanserte databrikker (halvleiarar).

Taiwan sine handelsbindingar spenner over heile verda.

Økonomisk og sosialt er det også tette band mellom Taiwan og Kina. Det er stor reiseaktivitet, mange direkteruter med fly, og mange taiwanarar driv forretningar og studerer i Kina. Kort sagt er det mykje samhandel og ikkje berre konflikt.

Fly

Det er mange direkteruter mellom Taiwan og byar på det kinesiske fastlandet. Foto: byeangel/CC BY-SA 2.0.

Dersom vi tar utgangspunkt i Taiwan sitt i forhold til andre statar og internasjonale organisasjonar, blir vurderinga av land-status annleis.

Svært få statar – berre 13 i hele verda – anerkjenner Taiwan som eit suverent og vanleg land. 

Det heng saman med at Kina ikkje godtar at statar gir Taiwan den anerkjenninga, så ingen statar kan ha formelle statsrelasjonar til både Kina og Taiwan. Det er også bakgrunnen for at kinesarane ofte blir illsinte når amerikanske, eller andre land sine politiske leiarar, besøker eller møter politiske leiarar frå Taiwan.

På same måte krev Kina at internasjonale organisasjonar ikkje slepper inn Taiwan som medlem.

Taiwan «mista» plassen i FN i 1971. Då hadde Folkerepublikken Kina oppnådd støtte frå så mange land at dei overtok «Kina-plassen» i FN. Sidan har Taiwan blitt utelate frå dei fleste internasjonale institusjonar. 

Unntaket er nokre få organisasjonar, som Verdens handelsorganisasjon, der medlemskap ikkje er basert på land, men økonomiar eller tollområde. I slike tilfelle blir Taiwan omtalt som «Chinese Taipei», som Kina godtar sidan det ikkje indikerer at Taiwan er eit vanleg land.

Dei seinare åra har Kina jobba for å avgrense Taiwan si deltaking i endå fleire internasjonale aktivitetar. Blant anna har Kina sørgt for at Taiwan ikkje får delta som observatør i Verdas helseforsamling, som er avgjerdsorganet til Verdas helseorganisasjon.

Dette er del av fleire grep Kina tar for å protestere mot den taiwanske presidenten og hennar regjeringsparti, Democratic Progressive Party, som held fram å snakke om Taiwan som eit uavhengig land og at ei gjenforeining med Kina er uaktuelt.

Tsai Ing-wen har vore Taiwans president sidan 2016. Foto: Makoto Lin / Office of the President via Flickr (CC BY 2.0)

Den førre regjeringa på Taiwan, som var leia av Nasjonalistpartiet, var meir opptatt av å dempe konfliktnivået og held tradisjonelt sett døra meir open for ei framtidig gjenforeining. I 2024 er det nytt presidentval på Taiwan. Det blir spennande å sjå kva kandidatane seier om sjølvstende og forholdet til Kina og USA.

Vi skal hugse at den økonomiske samhandelen blir verande sterk og at ikkje alle band mellom Taiwan og Kina er prega av konflikt.

Kvifor er Taiwan så viktig?

Det er mange grunnar til at situasjonen til Taiwan er så samansett og får så mykje merksemd.

Sett frå Taiwan, handlar det om framtida til 23 millionar menneske. Dei fleste av dei er fødde der, anten som etterkommarar av dei som har flytta frå fastlandet, eller er del av Taiwans urfolk og minoritetar.

Mange har vakse opp i eit liberalt samfunn som er veldig annleis enn i Kina, der styresettet er blitt meir autoritært dei seinare åra. 

I undersøkingar om nasjonal identitet svarer fleirtalet frå Taiwan at dei først og fremst føler seg som taiwanarar. Mange eldre føler seg likevel meir knytt også til Kina. Medan dei fleste ønsker at Taiwan skal fortsette å fungere fritt og sjølvstendig, er det meir komplisert å peike på gode løysingar. Haldningane er delte om kor langt Taiwan bør gå for å markere sjølvstende, all den tid trusselen om eit angrep frå Kina vil auke.

Sett frå Kina, handlar det om å bringe Taiwan tilbake til moderlandet, og gjenforeining er absolutt eit krav. 

Kinesiske leiarar har vore villige til å diskutere ulike ordningar, der eitt forslag har vore å gi Taiwan ein liknande status som Hongkong, som er del av Kina, men har ein grad av sjølvstyre. Kina vil likevel aldri godta ei utvikling der Taiwan styrker sin status som eit suverent, uavhengig og vanleg land. Kina er derfor tilfreds med at stadig færre statar formelt anerkjenner Taiwan.

Sett frå USA og andre land, er Taiwan del av fleire kritiske spørsmål. Ein ting er plasseringa, midt i eit travelt og strategisk havområde med grenser til land som inngår i USAs alliansestruktur (Japan, Sør-Korea og Filippinane). Dersom Kina får kontroll over Taiwan, vil det endre den sikkerheitspolitiske situasjonen i heile regionen.

Eit anna forhold er Taiwans status som eit demokratisk fyrtårn, med liberale lover og rettar, for blant anna seksuelle minoritetar, som ein ikkje finn maken til i Asia. For demokratiske land betyr det mykje å støtte opp om demokratiske samfunn andre stader i verda. Taiwan har dessutan ein innovativ økonomi med teknologisk avanserte varer som er viktige for mange land.

Eit siste forhold er den amerikanske forpliktinga om å gi Taiwan militær støtte, slik at dei kan førebyggje eit angrep og ei tvungen gjenforeining med Kina. Dette løftet, som vart styrkt med ei ny lov i 2022, betyr mykje.

Mange amerikanarar ønsker å gjere meir, også for å svare på Kinas militære oppbygging og aktivitet i regionen. President Joe Biden har vore meir tydeleg enn tidlegare presidentar på at USA vil bidra til å forsvare Taiwan om dei blir angripne. Dessutan var Nancy Pelosi sitt Taiwan-besøk i 2022 første gong på 25 år at ein så høgt rangert amerikanar besøkte øya.

Sett frå Kina verkar det som USA endrar sin «eitt Kina»-politikk og gjer meir for å hjelpe Taiwan, og Kina svarer hardare tilbake.

Blir det krig?

Enkelt sagt er faren for krig om Taiwan absolutt reell og kan auke. Det er meir komplisert å seie kva som vil auke eller dempe den faren.

Frå Kinas side er ambisjonen om ei gjenforeining klokkeklar. Kinas leiarar understrekar at dei ønsker ei fredeleg gjenforeining, men mange er utolmodige. Kinas leiar, Xi Jinping, har fleire gonger sagt at Taiwan ikkje er eit spørsmål som bør utsettast frå generasjon til generasjon.

Kina har vedtatt lover og utvikla store militære ressursar dei kan bruke til å starte eit angrep, og dei gjennomfører mange militære øvingar for å minne om evna og viljen til å krige om Taiwan.

Dersom Taiwan gjer mindre for å fremme sjølvstende, kan det dempe Kinas motivasjon for eit angrep, men det er ingen garanti.

Inga sak er viktigare for kinesiske politikarar enn å halde landet samla, og kinesarar flest vil støtte ein krig dersom spørsmålet om ei framtidig gjenforeining med Taiwan blir utfordra.

Asiatisk mann i dress med det kinesiske flagget i bakgrunnen.

Den kinesiske presidenten Xi Jinping. Foto: 首相官邸, CC BY 4.0, via Wikimedia Commons

For Taiwan og USA sin del er vurderingane meir samansette. Taiwanarar er delte i synet på kor sterkt dei vil markere Taiwan sitt sjølvstende, og dei fleste ønsker ikkje ei formell uavhengigheitserklæring, sidan det vil provosere Kina og kan utløyse ein krig.

Fleirtalet føretrekkjer heller å sikre den meir diffuse statusen dei har i dag. Mange ser uansett på militær støtte frå USA som ei forsikring mot eit kinesisk angrep. Logikken er at jo betre utrusta Taiwan er militært, desto høgare blir kostnaden av å angripe. Men det er ingen garantiar.

Meir militær støtte til Taiwan inneber også risiko knytt til auka spenning og konflikt, og nokre er kritiske til at Taiwan skal bli verande ei brikke i eit storpolitisk spel.

Til slutt eit par andre poeng om faren for krig. Mange spør korleis Russlands krig i Ukraina kan påverke situasjonen til Taiwan. To fundamentale forskjellar er at Ukraina, i motsetnad til Taiwan, har brei anerkjenning som eit suverent land, og at Taiwan, i større grad enn Ukraina, kan vente meir militær støtte frå USA, sjølv om det blir verande uklart kor aktivt USA vil involvere seg i ein eventuell krig.

For andre land er det framleis veldig uklart korleis dei vil reagere.

Med Kina og USA involverte kan ein militær konflikt om Taiwan fort utløyse ein ny verdskrig, som ingen ønsker. 

Mange er dessutan redde for at dersom konfliktane rundt Taiwan eskalerer, kan det oppstå ulykker eller hendingar som nokon oppfattar som ei krigshandling, og som kan utløyse ein krig som ingen eigentleg ønska å starte.


Xi Jinping ved kinesiske og Rwandiske flagg

EIN DRAUMAR: Kinas President har ambisjonar for landet sitt. Her er han på statsbesøk i Rwanda og møter presidenten Paul Kagame. Foto: Paul Kagame via Flickr