Politikk og samfunn

«Noreg kan anerkjenna Palestina, viss ein berre vil»

Det er mykje tåkeprat når ein diskuterer om Noreg skal anerkjenna Palestina. Det er på tide å bli litt klokare.

Magnus Rotevatn
Student i statsvitskap og internasjonal politikk
Publisert

Magnus Rotevatn er fast frilansar for Framtida.no. Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Stortinget skal ta stilling til om Noreg skal anerkjenna Palestina som stat. Det meste tyder på at svaret i praksis blir nei.

Utanriksministeren har hevda at ein palestinsk stat «ikke [er] en realitet på bakken i dag». Difor er det heller ikkje noko å anerkjenna.

Å trekkja denne konklusjonen er reint vås. Omgrepet stat skildrar nemleg to ulike funksjonar som kan eksistera uavhengig frå kvarandre. 

Vanlegvis tenkjer ein at ein stat er ein slags organisasjon som vedtek lover, krev inn skattar og syt for infrastruktur og offentlege gode – ikkje minst tryggleiken til innbyggjarane. Ein sånn palestinsk stat eksisterer eigentleg ikkje i dag

Likevel, i internasjonal politikk er ein stat noko anna. Å bli anerkjend som ein suveren stat betyr at ein at kan ha relasjonar til andre statar som likeverdige.

Det er litt vanskeleg å forstå, men i internasjonal politikk handlar det å vera ein stat ikkje om forholda «på bakken» og tilhøvet til eigen befolkning. Det handlar om kapasiteten ein har til å samhandla med andre statar.

Ei feilslutning

Å tenkja at det må eksistera ein stat «på bakken» for å kunna bli anerkjend som suveren er ei feilslutning. Det stemmer ikkje med røyndommen.

Det finst utvilsamt statar «på bakken» som ikkje blir anerkjende. Taiwan er eit tydeleg døme på nett dette.

Det er også heilt normalt at statar utan eigentleg kontroll over eige territorium blir anerkjende internasjonalt. For mange av koloniane var det nett det som skjedde då dei vann sjølvstende.

Liknande kan styresmakter mista kontrollen internt, men likevel halda fram å ha suverenitet internasjonalt. Dette er Jemen eit døme på – statsapparatet slutta nærast å eksistere grunna borgarkrigen, men medlemskapen i FN og andre internasjonale organisasjonar held fram.

Anerkjend suverenitet gjev ei røyst

Noreg kan altså anerkjenna ein stat som ikkje finst «på bakken». Men kva vil det i så fall bety?

Ei anerkjenning av suverenitet er noko meir enn eit symbolsk heiarop. Suverenitet er sjølve kjernen i spelereglane for internasjonal politikk. 

Har ein suverenitet får ein bli med å ta avgjersler – til dømes i FN. Utan suverenitet har ein lite ein skulle ha sagt.

Nett difor har kampen for sjølvstende og suverenitet vore ekstremt viktig for undertrykte folk.

Kanskje mest kuriøst, men delar av den amerikanske urfolksrørsla arbeidde på 1970-talet for å få representasjon i FN. Sjå føre deg at Noreg måtte møta representantar frå Sápmi i FN si generalforsamling. Då hadde det blitt kjipt å forsvara menneskerettsbrota på Fosen.

Om Noreg anerkjenner Palestina som 138 land allereie har gjort blir det vanskelegare for andre å nekta dei ei røyst.

Må handla om moral

Det finst gode argument for å ikkje anerkjenna Palestina no.

Det er ein godt kjend hemmelegheit at toppfolka i politikken og Utanriksdepartementet har våte draumar om å mekla i Midtausten. Me må også rekna med at det går føre seg samtalar som ikkje er offentleg kjende. 

Ei plutseleg anerkjenning av ein palestinsk stat kan forkludra dette.

Å vera venlege med Palestina er heller ikkje populært hjå alle. Me kan risikera å til dømes hissa på oss USA eller Tyskland.

Likevel må spørsmålet om palestinsk suverenitet handla om kva som er moralsk rett. 

Bøllar skal ikkje ha all makta i skulegarden.