Politikk og samfunn

«Våre leiarar må halda okkupasjonsmakta ansvarleg»

Maria Abdallah (16) sender kondolansar til palestinarane på nasjonaldagen til Palestina 15. november.

Maria Abdallah (16)
Styremedlem Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Når ein snakkar om nasjonaldagen her i Noreg tenkjer ein ofte på barnetog, fri, leikar, kake, bunad, det norske flagget, og viktigast av alt: is.

Dette er derimot ikkje det palestinarane i Gaza har i vente i dag. Barna i Gaza har i vente i dag.

Dei einaste toga som finn stad i dag, er dei tette, lange toga med utslitne folk som ber alt dei eig på ryggen, med barna sine i hendene og går fleire kilometer mot sør i Gaza. Dei ropar ikkje «hipp hurra», men «stopp bombinga». «Stopp folkemordet.» 

Fullstendig blokade

Det har ikkje vore rom for feiring den siste månaden i Gaza ettersom Israel nådelaust har teppebomba verdas mest tettfolka område i over 30 dagar i strekk.

Samtidig har dei hatt ein fullstendig blokade på den vesle landstripa som er heimen til over to millionar menneske, og kor halvparten av desse er barn.

quote-left

Det einaste som så vidt kjem ut er palestinarane sine rop om hjelp

quote-right

Det einaste som kjem seg inn i Gaza er dei israelske rakettane, bombene og ulovlege kjemiske våpena, og det einaste som så vidt kjem ut er palestinarane sine rop om hjelp.

Dei har verken reint vatn, mat, straum, internett, dekning, drivstoff eller medisinar. Lat dette søkke godt inn.

Dei står ovanfor ein humanitær krise som kan løysast over natta. Når eg seier «dei» snakkar eg om uskuldige barn, eldre, ungdommar, menn og kvinner. Med andre ord; skadde, sjuke, gravide, forsvarslause og sårbare sivile. Desse hadde ikkje noko med angrepet til Hamas den sjuande oktober, men må likevel lide konsekvensen.

Ingen plass er trygg

Mange av dei som i dag bur i Gaza er internt fordrivne. Dei er flyktningar i sitt eiga land. Desse har enda ein gang måtta forlate heimen sin og flykta grunna den aggressive okkupasjonen til Israel.

Over halvparten av Gaza si befolkning har måtta flykta frå nord til sør i Gaza, trass i at bombinga skjer overalt.

quote-left

Folkestraumar går i fleire timar for å nå ei «sikkerheit» som ikkje eksisterer

quote-right

Folkestraumar går i fleire timar for å nå ei «sikkerheit» som ikkje eksisterer. Når dei kjem fram i sør, er det ikkje plass.

Det er videoar som florerer på sosiale medium av folk som flyktar sørover og finn lik strødd over ruta. Ruta som dei israelske myndigheitene gav instruks om å bruke. Ingen plass er trygg.

 Vinteren kjem

«Det finst ikkje dårleg ver, berre dårlege kler», eit ordtak som er godt kjent her i Noreg. Diverre stemmer dette i Gaza også.

I videoane og bileta som kjem ut frå Gazastripa ser ein at barna går anten berrbeint utan sko eller i crocs. Vinteren, som alt er her i Noreg, er på veg til Gaza også. Snart blir det kaldt der nede. Dei har verken ull, skikkelege sko, vinterjakker eller varme hus som kan skjerme dei frå kulda.

Fleire vil ikkje overleve denne vinteren dersom føresetnadene held fram slik dei er no. I Gaza i dag er du sett på som heldig dersom du har fått tak i ei flaske vatn eller eit stykke brød.

Om du finn lika til dine venner, familiemedlem og kjære i er du sett på som heldig. Om du får behandling på eit av dei få sjukehusa som er igjen er du sett på som heldig, sjølv om det er på golvet, utan bedøving eller reint medisinsk utstyr.

Råkar ikkje Hamas

Styresmaktene i Israel har kontroll over skjebnane til over to millionar menneske akkurat no.

Eg seier det igjen: angrepa og blokaden til Israel råkar ikkje Hamas. Dei råkar sivile som berre ønsker å leve vidare i fred. Som ønsker fridom og ein slutt på aggresjonen.

Dei om lag 11 000 drepne palestinarane er ikkje «utilsikta skade». Det er 11 000 håp, draumar og potensial, som har gått tapt. Derfor seier eg kondolerer og ikkje gratulerer i dag.

Dei er ikkje berre tal, og deira død må ikkje vere forgjeves. Det eg har nemnt ovanfor er berre ein smakebit på situasjonen i Gaza.

Det er på tide at verda opnar auga sine for uretten og menneskerettsbrota palestinarane står ovanfor. Dette har føregått i fleire tiår og det er på høg tid at okkupasjonsmakta blir halde ansvarleg.

Våre leiarar må halda okkupasjonsmakta ansvarleg. Israel har brote menneskerettar og fleire krigsreglar. Her er det menneskeliv i fare, VÅPENKVILE NO.