Økokrim startar ikkje etterforsking av aksjesaka til Sindre Finnes

Økokrim vil ikkje etterforske aksjeaktivitetane til Erna Solbergs ektemann Sindre Finnes i åra ho var statsminister.

NPK-NTB-Steinar Schjetne
Publisert

Det opplyser Økokrim i ei pressemelding fredag.

Økokrim-sjef Pål K. Lønseth vil kommentere avgjerda på ein eigen pressekonferanse klokka 12.

Sindre Finnes gjorde rundt 3.300 aksjehandlar i dei åtte åra Solberg var statsminister. Transaksjonane utgjorde seg samla til rundt 125 millionar kroner, ifølgje berekningar Dagens Næringsliv har gjort basert på dokumentasjon frå Finnes sjølv.

Han har heile vegen avvist kategorisk at nokre av handlane vart gjorde på bakgrunn av innsideinformasjon eller at det knyter seg andre uregelmessigheiter til dei.

Finnes har sjølv gjort greie for aksjehandlane, medan Høgre har komme med ei tidslinje over kva Solberg skal ha visst og gjort frå dag til dag i forkant av at listene vart offentleggjorde.

– Ikkje innsidehandel

– Det er framleis, så langt eg kjenner saka og ut frå det som er rapportert i media, ingen indikasjonar på at nokre av Finnes’ aksjehandlar er baserte på innsideinformasjon eller andre uregelmessigheiter, skreiv Finnes advokat, Thomas Skjelbred, i ei pressemelding i september.

– Finnes har eit ønske om å bidra til at alle fakta han rår over blir kjend for dei instansane som måtte undersøkje saka, skreiv advokaten.

Han har overfor ei rekkje medium uttalt at det er ein fordel om Økokrim opnar etterforsking, slik at det blir stadfesta at saka ikkje inneheld noko straffbart og at det er ei politisk sak.

Ønskjer etterforsking

I etterkant av Økokrims kunngjering fredag vil advokat Thomas Skjelbred gjere seg tilgjengeleg for pressa. Sindre Finnes vil ikkje vere tilgjengeleg for media, opplyser han til NTB.

– Som eg har sagt tidlegare, vil det etter mitt syn vere Økokrim som har styresmakt og kompetanse til å etterforske denne saka og med tilstrekkeleg grad av rettstryggingsgarantiar, skreiv Skjelbred i september.

Han sa til NTB tysdag at Økokrim verken har vore i kontakt med han eller Sindres Finnes sjølv.

Solberg usikker

Høgre-leiar Erna Solberg har sjølv uttalt at ho ikkje har gitt ektemannen innsideinformasjon, men understreka at ho er usikker på om han likevel kan ha fått informasjon han ikkje skulle hatt.

– Eg trur ikkje det har skjedd, men det kan eg ikkje seie. Det kan ingen vere hundre prosent sikker på. Men eg veit at vi ikkje har overlevert eller diskutert statsbudsjettet, satsingar for næringslivet eller enkeltsaker, sa ho til NRK.