Changmaker:

– Enormt skuffande at Stortinget ikkje anerkjenner Palestina no

Fleirtalet på Stortinget opnar opp for å anerkjenne Palestina som stat på eit seinare tidspunkt. Changemaker og Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom synest ikkje det er godt nok.

Frida Tvedte Matre
Publisert

Torsdag ettermiddag stemte Stortinget over Raudt sitt forslag om at Noreg skal anerkjenne Palestina som eigen og sjølvstendig stat.

Forslaget fekk ikkje tilstrekkeleg fleirtal i voteringa, og Noreg blir dermed ikkje eitt av dei 138 medlemslanda i FN som allereie har anerkjenner staten.

Det reagerer leiar i Changemaker, Marte Hansen Haugan, og leiar i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom, Amanda Hylland Spjeldnæs, kraftig på.

– Noreg kunne blitt eit fyrtårn for andre statar. Men 16. november valte fleirtalet på Stortinget å stemme nei til å anerkjenne Palestina som ein sjølvstendig stat. Det er enormt skuffande, seier Haugan i ei pressemelding frå Changemaker.

– Me har venta på ei løysing for palestinarar i 75 år, og denne veka hadde Noregs stortingspolitikarar moglegheita til å ta eit viktig skritt i riktig retning. Me byrjar å stille spørsmål til Noregs forståing av fredsnasjon når me gong på gong viser at vår definisjon av fred og solidaritet styrast av våre allierte, seier Spjeldnæs.

Vil anerkjenne på eit seinare tidspunkt

Det vart derimot eit breitt fleirtal for det nye forslaget som vart reist av Arbeidarpartiet og Senterpartiet tysdag, som opnar opp for å anerkjenne Palestina som eigen stat på eit seinare tidspunkt.

Stemmetresultatet for dette forslaget vart til slutt 83 for og 15 imot, melder NRK. Det var berre Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti som stemte imot.

Det nye vedtaket som fekk fleirtal torsdag ettermiddag lyder som følgjer:

«Stortinget ber regjeringa vere førebudd på å anerkjenne Palestina som ein eigen stat på eit tidspunkt der ei anerkjenning kan ha positiv innverknad på ein fredsprosess og utan atterhald om ein endeleg fredsavtale.»

Vil jamne ut maktforholdet

Haugan meiner det er viktig å jamne ut maktforholda mellom Israel og Palestina, og synest det er synd at fleirtalet vel å vedta eit vagt intensjonsvedtak som ikkje vil hjelpe anerkjenninga av Palestina no.

– Regjeringa vel å seie at tida ikkje er inne for å anerkjenne Palestina som stat medan bombene regnar over Gaza. Når meiner regjeringspartia at tida er inne og forholda ligg til rette for å anerkjenne Palestina som stat? Me kan ikkje vente til det ikkje er meir av Palestina igjen – og det kan bli realiteten dersom Israel og Netanyahu får fortsetje som no, seier ho.

– Det er ein enorm maktubalanse mellom Israel og Palestina. Derfor må me anerkjenne Palestina som ein sjølvstendig stat før fredsforhandlingane startar, slik at dei to partane skal stille litt meir likt i forhandlingane, legg Spjeldnæs til i pressemeldinga.