Vekas viktigaste: Raudgrønt fleirtal, møte med Sør-Afrika og demonstrasjonar i Argentina
Kollasj av Framtida. | Foto: AP Photo/Julia Demaree Nikhinson, AP Photo/Rodrigo Abd og Cornelius Poppe / NTB.
Her er nokre av dei viktigaste nyheitene frå veka som gjekk:
Åshild Slåen
Publisert
Ny meiningsmåling viser raudgrønt fleirtal
Dersom Noreg hadde røysta i dag, ville det blitt raudgrønt fleirtal på Stortinget, med 88 raudgrøne representantar mot 81 borgarlege.
Det viser ei meiningsmåling med 15 000 respondentar som Norstat har gjennomført på vegner av NRK. Arbeidarpartiet kjem best ut, med 29,4 prosent oppslutning, ein dramatisk auke samanlikna med tala for eit halvt år sidan, då dei låg under 20 prosent.
Senterpartiet går mest tilbake, med ei oppslutning på 5,5 prosent. Det er ein nedgang på 8 prosent sidan stortingsvalet i 2021.
Arbeidarpartiet sit åleine i regjering no, men samarbeider med Senterpartiet og SV. Slik det ser ut no må dei òg samarbeide med Raudt.
Ifølgje undersøkinga er Framstegspartiet størst på borgarleg side, med 20,6 prosent, ein auke på 9 prosent frå valet i 2021.
Stortingsvalet ser lyst ut for statsminister Jonas Gahr Støre (Ap). Her frå munnleg spørjetime i Stortinget 14. mai. | Foto: Cornelius Poppe / NTB
Trump med falske skuldingar mot presidenten i Sør-Afrika
Ramaphosa ville i utgangspunktet diskutere handel og tollsatsane frå USA, men på møtet skulda Trump dei sørafrikanske styresmaktene for å beslaglegge eigedom og medverke i pågåande folkemord mot kvite sørafrikanarar, spesielt gardbrukarar.
Donald Trump har likevel opna for flyktningar frå Sør-Afrika, basert på dei feilaktige påstandane.
I januar vedtok landet ei lov som opnar for at styresmaktene kan beslaglegge private landområde til fordel for det offentlege, mot at eigaren får betalt. Denne lova erstatta ei lov frå 1975, som vart laga under apartheid og den nye lova gjer ikkje forskjell utifrå hudfarge.
Lova har fått kritikk, særleg frå sørafrikanarar med europeiske røter. Dei meiner lova vil føre til at gardane deira vil bli mindre verdt, og at dei risikerer å bli fråtekne landområda sine med vald.
President Donald Trump og den sørafrikanske presidenten Cyril Ramaphosa ved Det kvite huset før møtet 21. mai. | Foto: AP Photo/Julia Demaree Nikhinson
Ny Brexit-avtale mellom Storbritannia og EU
Måndag gjekk den britiske regjeringa inn i ei ny avtale med EU. Det skjer fem år etter dei gjekk ut av handelsunionen, og ni år etter Brexit-valet.
Avtala skal gjere handel enklare, gi fiskarar i EU tilgang til britiske farvatn og motsett, gi unge under 30 år fleire høve til å reise og arbeide i Storbritannia og EU, og minske passkontroll for britiske reisande i EU. I tillegg skal Storbritannia samarbeide meir med EU når det kjem til forsvar.
Statsminister Keir Starmer, frå Labour, er mykje meir EU-venleg enn dei tidlegare statsministrane frå det konservative partiet. Regjeringa hans får kritikk frå konservative politikarar, som meiner avtala vil føre til meir innvandring og unødvendige reglar.
Statsminister Keir Starmer var vertsskap for fleire EU-politikarar då Storbritannia inngjekk ei ny avtale med EU. | Foto: Lauren Hurley / No 10 Downing Street (CC BY-NC-ND 2.0)
Demonstrasjon for pensjon i Argentina
Onsdag vart fleire titals menneske skadd i ein demonstrasjon i Buenos Aires i Argentina, ifølgje Reuters. Aktivistar og pensjonistar vart møtt av opprørspoliti då dei demonstrerte for høgare pensjon utanfor den argentinske nasjonalforsamlinga.
Forsamlinga skulle røyste over om dei skulle vidareføre og heve støtta til pensjonistar, noko den argentinske presidenten Javier Milei har motsett seg. Argentina har hatt ein dårleg økonomi med alvorleg inflasjon, og Milei har gjennomført omfattande kutt i statleg støtte.
Kutta har ført til store protestar, og både fagforeiningar og fotballtilhengjarar har slutta seg til dei demonstrerande pensjonistane.
Nasjonalforsamlinga fekk ikkje røysta over forslaga sine, fordi berre 124 av totalt 157 representantar var til stade.
Politiet med tåregass mot demonstrantar og presse i Buenos Aires 21. mai. | Foto: AP Photo/Rodrigo Abd
Partiet Fred og Rettferdighet (FOR) har vore i søkelyset den siste veka på grunn av reklamekampanjen dei har hatt på kollektivtrafikken i Oslo rundt 17. mai.
Ifølgje E24 er det prat om éin million kroner, som vart innrapportert den 19. mai.
Store delar av formuen til Berge kjem frå familieselskapet Ølen Betong Gruppen, som han selde seg ut av i 2023. Berge har 100 millionar kroner investert i Russland, og bur i Murmansk, ifølgje Aftenposten. Berge er kritisk til støtta Noreg gir Ukraina, og seier sjølv han er open for å donere meir pengar til partiet.
Reklameplakatar til partiet Fred og Rettferdighet (FOR) på T-bana i Oslo. | Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Lyspunkt: Verdas fyrste «gonoré-vaksine» i England
For fyrste gong skal det bli gjennomført vaksinering mot gonoré. England kallar inn aktuelle personar til å få vaksinen 4CMenB. Dette er ein eksisterande vaksine som blir brukt mot bakterieinfeksjonen meningokokk B, den mindre vanlege typen hjernehinnebetennelse.
Det var 85 000 gonorétilfelle i England i 2023, det høgaste talet nokosinne. Det er den nest vanlegaste kjønnssjukdommen i landet, etter klamydia.
Dei som blir kalla inn til å bli vaksinert, vil også få tilbod om vaksine mot m-koppar, HPV og hepatitt A og B.
Medisinsk personell klargjer ein vaksine. | Illustrasjonsbilete: Mufid Majnun via Unsplash
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.