Les deg opp på sakene som har prega nyheitene den siste veka.

● Les også: Kuppa i Sahel – med folket i ryggen?
Les deg opp på sakene som har prega nyheitene den siste veka.
Birgitte Vågnes Bakken, Åshild Slåen
Publisert
Torsdag la finansminister Jens Stoltenberg (Ap) fram revidert nasjonalbudsjett. Det er ein ny versjon av budsjettet som blei lagt fram i fjor haust, og viser kva regjeringa vil bruke pengar på resten av året.
I det reviderte budsjettet vil regjeringa bruke 542 milliardar kroner frå oljefondet (Statens pensjonsfond utland), som svarar til 2,7 prosent av fondets verdi. Handlingsregelen seier at regjeringa ikkje kan bruke meir enn 3 prosent.
Då nasjonalbudsjettet vart vedtatt i fjor, var oljepengebruken på 492 milliardar kroner. Ein av grunnane til oppgangen, er at Noreg aukar støtta til Ukraina med 50 milliardar kroner til totalt 85 milliardar.
Regjeringa skriv at om vi ser vi bort frå den auka støtta til Ukraina, er bruken av fondsmidlar den same som i budsjettet som blei vedtatt før jul.
Etter fleire år med vekst, var det i 2024 ein nedgang i internasjonal bistand på 7,1 prosent, opplyser Norad. Landa som hadde dei største kutta var Tyskland, USA, Storbritannia og Japan. Desse landa står til saman for over 60 prosent av bistanden frå medlemslanda i OECD sin utviklingskomité.
Også norsk bistand gjekk ned i fjor, viser Noregs offisielle bistandsstatistikk. Noreg gav 55,7 milliardar kroner i bistand. Det er 2,9 milliardar mindre enn året før. Mindre av bistanden gjekk til dei fattigaste landa. Samstundes var Noreg den største givaren om ein reknar kor mykje ein gav av bruttonasjonalinntekta.
Norad ventar at nivået på internasjonal bistand vil falle med mellom 12 og 25 prosent i 2025. Det er usikkerheit knytt til omfanget av USAs bistandskutt etter at Donald Trump kom til makta.
Fleire norske organisasjonar reagerer på at Noreg har kutta i bistanden i revidert nasjonalbudsjett, som vart lagt fram denne veka.
Militærjuntaen i Mali har løyst opp alle politiske parti i landet med ein presidentordre, ifølgje BBC. Militæret tok kontroll i landet etter fleire kupp i 2020 og 2021. Opphaveleg lova juntaen å gjennomføre val i februar 2022, men førre månad tilrådde regimet at militærleiaren Assimi Goïta skulle halde fram som leiar til 2030.
Opposisjonen har kritisert dette og førre veke vart det demonstrert for å halde demokratiske val. Då vart to opposisjonsleiarar bortført av væpna menn som sa dei var politi.
Presidentordren om at politiske møte, organisasjonar og aktivitet var oppløyst vart tysdag lesen opp på den statlege tv-kanalen.
Mali er ein del av Sahel-regionen, der det har blitt gjennomført fleire kupp dei siste åra. Regimet har vore spesielt opptekne av å alliere seg med kuppleiarar i Burkina Faso og Niger, og at regionen ser meir til Russland, og blir mindre avhengig av den tidlegare kolonimakta Frankrike.
● Les også: Kuppa i Sahel – med folket i ryggen?
Denne veka er USAs president Donald Trump på ei rundreise til Qatar, Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirata.
Eit fly han er tilboden i gåve av kongefamilien i Qatar har vekt merksemd. Det luksuriøse Boeing 747–8-flyet er meint å mellombels erstatte det snart 40 år gamle flyet Air Force One, som er den amerikanske presidentens fly. Qatar-flyet skal ha ein verdi på fire milliardar kroner.
Trump uttalar ifølgje The New York Times at han aldri vil vere den som seier nei til eit slikt tilbod.
– Eg meiner, eg kunne vore ein dum person som seier: «Nei, vi vil ikkje ha eit gratis, veldig dyrt fly.» Men eg tenkte det var ein fin gest, sa Trump ifølgje avisa.
Når Trump besøker Qatar ligg fleire handelsavtalar på bordet, skriv NRK. Gåva frå oljestaten har blitt kritisert av både demokratar og republikanar. I tillegg til skuldingar om korrupsjon, blir det peikt på at det blir dyrt å oppgradere flyet til presidentens sikkerheitsstandarar.
Verdsleiarar var torsdag samla i Tyrkia for fredsforhandlingar mellom Ukraina og Russland.
Etter eit forslag om våpenkvile frå «koalisjonen av villige land», føreslo Vladimir Putin direkte samtalar mellom Russland og Ukraina i Istanbul torsdag. Zelenskyj sa han ville møte Putin personleg.
Torsdag morgon vart det klart at Putin ikkje møter sjølv i Tyrkia, men sender ein delegasjon på lågare nivå.
– Det viser at Putins påstand om at han ønsker fred raskt, ikkje er veldig truverdig, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap), som meiner Putin tapar litt ansikt.
Samtalane mellom Russland og Ukraina er venta å starte fredag føremiddag, skriv Reuters. Det vil vere den første direkte samtalen mellom partane sidan mars 2022.
Kreftførekomsten i Noreg heldt seg stabil i 2024, med 38 811 nye tilfelle, skriv NTB. Ifølgje Kreftregisteret hadde lungekreft, livmorhalskreft og prostatakreft størst tilbakegang i fjor.
Førekomsten av alle dei store kreftformene, med unntak av hudkreft, har gått ned blant menn det siste tiåret. Det har vore størst nedgang for lungekreft og prostatakreft, begge med ein reduksjon på 10 prosent.
Den største nedgangen ser ein i førekomsten av livmorhalskreft hos kvinner, som var historisk låg i 2024 med 269 tilfelle.