Aasland: Målet er å halde fram drifta på Fosen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) snakkar ikkje om å rive vindmøllene på Fosen og tilbakeføre området til reindriftsnæringa.

Han poengterer at sjølv om Høgsterett utvitydig har slått fast at dagens vedtaksgrunnlag for vindkraftparken på Fosen er ugyldig, seier ikkje domstolen noko som kva som skal skje med vindkraftparkane.

– Vi må innhente ny kunnskap om situasjonen for reindriftsnæringa og sjå på mildnande tiltak, for så å gjere nye vedtak som er i tråd med Høgsteretts domspremissar, sa Aasland til NRK måndag morgon.

Bakteppet er ein demonstrasjon i departementsbygningen hans som starta torsdag og som fekk ein førebels slutt då politifolk kasta aktivistane ut av bygningen natt til måndag. Måndag formiddag var anslagsvis fleire hundre demonstrantar på plass utanfor bygningen, der dei mellom anna blokkerte inngangane.

151 vindmøller

Det er no gått over 500 dagar sidan Høgsterett avsa sin dom som gjeld dei to vindkraftanlegga Storheia og Roan, som til saman har 151 vindturbinar. Høgsterett kom fram til at vedtaket om konsesjon til vindkraftutbygging på Fosen var ugyldig, då utbygginga krenkjer retten reindriftssamane har til kulturutøving etter FNs konvensjon om sivile og politiske rettar artikkel 27.

«Målet for prosessen i departementet å sikre en løsning der driften av vindkraftverkene kan opprettholdes samtidig som reindriftens rettigheter ivaretas. Det må blant annet vurderes endringer i konsesjonsvilkårene eller avbøtende tiltak», skreiv Aasland i fjor sommar i eit brev til Sametinget.

«I lys av målet om å finne en løsning der driften av vindkraftverkene kan opprettholdes samtidig som reindriftens rettigheter ivaretas, er det etter departementets syn ikke aktuelt med beslutninger som innebærer at området tilbakeføres før spørsmålet er nærmere utredet», skriv han.

Etterlyser svar

Departementet sende eit utkast til utgreiingsprogram til Sametinget og reindrifta i september i fjor, rundt elleve månader etter at Høgsterett avsa sin dom, og ventar framleis på eit grunnlag å konkludere på, ifølgje statsråden.

– Vi må ha eit utgreiingsprogram på plass, og det har vi prøvd å få til saman med Sametinget og reindriftsnæringa. Det har vore vanskeleg og teke tid. No skal eg møte sametingspresidenten på torsdag for å ha nye konsultasjonar med henne på politisk nivå, seier Aasland til NRK.

Han var måndag i EU-relaterte møte i Stockholm og var ikkje omgåande tilgjengeleg for å svare på spørsmål frå NTB. Overfor NRK understrekar han at den vidare prosessen må skje i samsvar med kravet forvaltningslova har til utgreiing og saksbehandling.

– Det vil nok ta noko tid, men eg er oppteken av at dette må skje så fort som mogleg. Alle er tente med at denne saka får ei god løysing, seier Aasland.


Her vert Ella Marie Hætta Isaksen fjerna av Politiet. Foto: Natur og Ungdom