Fosen-dommen: «43 200 000 sekund inn i eit bevist lovbrot»

Lars-Bjørnar Nøstan Knutsen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg. Det gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Du kan òg bruke 720 000 minutt, 12.000 timar eller 500 dagar.

For deg som framleis ikkje har høyrt om Fosen-dommen, så er det han som skulle ha vore sluttpunktet på ei kring 20 år lang konflikt.

Roan vindmøllepark stod først ferdig og var då landets største vindmøllepark, rett etter vart Storheia vindmøllepark ferdig og tok over denne statusen.

Roan vindmøllepark. Foto: Ole Martin Wold, Statkraft/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

Konlikta som har gått føre seg er mellom Fosen Vind, Statkraft og dei samiske reinbeitedistrikta på Fosen. Olje- og energidepartementet (OED) vart også partshjelp for utbyggjarane.

Tapte beiteområde

I områda på Storheia og i Roan (Haraheia) er det seinvinterbeite for reinsdyra. Desse områda vert no rekna som tapte etter industrialiseringa av dei. Dette er også veldig viktige område i kriseår, då desse områda ofte held seg berre på vinteren – i motsetnad til fleire andre stadar på Fosen, til dømes Rissa og Leksvik.

Då dommen kom i 2021 med ein einstemmig Høgsterett, slo dei fast at dette er eit brot på FN konvensjonen SP Artikkel 27. Han slår fast enkeltindividet sin rett til å utøve sin eigen kultur. Tap av desse områda trugar oppretthaldinga og vidareføringa av samisk kultur.

Ved tap av Storheia og Haraheia er det sannsynleg at ein må redusere talet rein for å klare å halde fram med å ta vare på naturen i dei andre seinvinterbeita i Rissa og Leksvik. Dette er område som allereie ber preg av overbeiting, etter tapet av dei andre seinvinterbeita.

Dette er også område som oftare er utsette for overising ved milde temperaturar rundt null grader celsius. Reduksjon av reintalet vil heller ikkje minke mykje på utgifter i ei slik næring.

Grønt skifte og grøn kolonialisering

No har det gått nesten eitt og eit halvt år sidan dommen vart avsagt og regjeringa bestemde seg for å gjere nye utgreiingar på kva dei skal gjere, då det no er reparasjonsplikt i ein slik dom og ein må føre tilbake naturen til sin opphavelege tilstand.

Når regjeringa brukar over eit år på å prøve å finne seg eit smotthol tyder dette på eit svakt rettssystem. Regjeringa høyrer ikkje på ein dom frå Høgsterett.

Mange andre ser mot dommen med tanke på vidare industrialisering i samiske område, som i Finnmark og Nordland. Ein slik dom gjev ringverknadar, og ein håpar på ein betre prosess og kulturforståing frå utbyggjarar og statlege organ.

Dessverre viser det seg at ein høgsterettsdom ikkje har mykje innverknad. Ein er fast bestemt på å halde fram med det grøne skiftet som grøn kolonialisering, både av urørt natur og av dei samiske næringane.

Ein trugsel mot demokratiet

Kva praksis skal det vere i det moderne Noreg, når ein einstemmig dom i Høgsterett slår fast at konsesjon er ugyldig og at urfolks rettar vart krenka då vindmøllene vart sette på ein kritisk viktig stad inne i seinbeitet?

Dommen slår ikkje fast kva som skal gjerast med lovbrotet. Burde det ikkje vere likt for alle i Noreg? Hadde du som privatperson sett opp platting eller hytte i strandsona hadde staten kravd at du fjerna det med det same. Når dei sjølv står i det skal det verte gjort nye utgreiingar og dei er fast bestemte på å finne ein veg rundt.

Her vandrar reinsdyra rundt vindmøllene på Storheia vindpark, den største i portefølja til Fosen Vind. Foto: Heiko Junge / NTB

Dette er ikkje berre ein kamp for det samiske og for reineigarar. Når regjeringa på denne måten bevisst vel å ikkje handtere saka, er det ein trugsel mot demokratiet slik vi kjenner det.

Dette er maktmisbruk og staten viser at du kan ikkje vinne over dei, uansett kor rett du har eller ikkje. Om dette vert den nye normalen og liknande skjer innanfor helsesektor eller barnevern hadde nok Oslogryta vore overfylt av protestar for lenge sidan.

Vi samisk ungdom er bekymra for korleis det grøne skiftet til stadigheit ser til kjernesamiske område.

Vi er redde for at Fosen-saka berre er byrjinga på mange fleire kampar om samiske område, slik vi allereie har sett i Repparfjord med protestleirar og sivil ulydnad for å få gjennomslag i krava våre slik at samisk kulturutøving skal overleve til komande generasjonar.

Samisk ungdom gjev seg ikkje.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Ina-Theres Sparrok har alltid visst ho vil drive med rein, slik som generasjonane føre ho. Foto: Privat