I natt vart Fosen-aksjonistane fjerna av politiet – no blokkerer dei inngangen

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 28.02.2023 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fire døgn har 13 unge samiske aktivistar aksjonert i lobbyen til Olje- og energidepartementet.

Natt til måndag i 02-tida vart dei fjerna av politiet. 

– Det var eit sjokk for oss alle, men vi skal bruke stemma vi har til å rope høgt om menneskerettsbrotet, heile vegen til glattcella, seier artist Ella Marie Hætta Isaksen i ei pressemelding.

Ho var ein av aksjonistane som i natt vart arresterte. Hætta Isaksen reagerer på tidspunktet for politiaksjonen, og seier ho kjenner seg svikta av politiet.

– Ingen er så sårbar og fredeleg som når dei søv. Vi har protestert her inne i fire døgn, men akkurat då vi la oss og sov, natt til ein måndag, vel dei å bruke makta si for å fjerne oss!

504 dagar sidan Fosen-dommen

Aksjonen har føregått sidan torsdag morgon. Han er eit initiativ frå NSR-Nuorat, ungdomsutvalet i Norske Samers Riksforbund (NSR), saman med Natur og Ungdom. 

Dei protesterer mot at vindturbinar framleis står på Fosen, over 500 dagar etter at Høgsterett slo fast at det var eit brot på urfolksrettane å late vindparken verte bygd.

Roan vindmøllepark. Foto: Ole Martin Wold, Statkraft/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

– For kvar dag sidan dommen har vi mista meir og meir tillit til at rettsstaten vernar det samiske folk i praksis, sa NSR-Nuorat-leiar Elle Nystad torsdag.

Ho peika på at turbinane, kraftlinjene og anleggsvegane framleis hindrar Fosen-samane i å drive reindrift på tradisjonelt vis.

– Vi vert forsøkt usynleggjort

Samiske Elle Rávdná Näkkäläjärvi var ein av dei første aksjonistane som vart arrestert.

Ho meiner måten arrestasjonen føregjekk på, speglar korleis det samiske folket har vorte behandla opp gjennom historia:

– Vi vert forsøkt usynleggjort og teia. Her ønskjer staten berre å unngå ein ny Altaaksjon i bilete og dagslys. Men vi let oss aldri tie, seier ho i ei pressemelding.

Greta Thunberg: – Absurd

Trass i at aksjonistane inne i lobbyen vart fjerna, held demonstrasjonane fram. Fleire av aksjonistane vart sloppe frå politihuset på Grønland måndag morgon, melder NRK.

No blokkerer aksjonistar inngangen til Olje- og energidepartementet.

Den svenske klimaaktivisten Greta Thunberg, som vart nekta inngang til departementet søndag kveld, har slutta seg til aksjonen.

Greta Thunberg har slutta seg til Fosen-aksjonen. Foto: Natur og Ungdom

– Det er ikkje noko alternativ å ikkje lytte til urfolk som får sine rettar krenka. Det er absurd det som skjer, at samiske ungdommar er så desperate at dei må ta i bruk slike metodar, sa Thunberg til NRK i natt.


Fritt Ord-logo, blå

Denne saka er ein del av artikkelserien «Minoritet og makt», som er eit journalistisk prosjekt støtta av Fritt Ord-stiftinga.

Har du tilbakemeldingar eller tips til prosjektet? Send oss ein e-post på tips (at) framtida.no, eller ei melding på Instagram.


Lars-Bjørnar Nøstan Knutsen er leiar i Noereh. Foto: Matthew Omilianowski