AUF og Unge Venstre om rusreform: – Slik lovene er no verkar straff som ei barriere på å be om hjelp

Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 02.08.2022 13:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi i AUF støttar prinsippet om avkriminalisering, og reforma slik ho er no. Men vi ønskjer at det skal vere meir pengar på bordet til kommunane for behandling og oppfølging, seier Astrid Hoem, leiar i AUF.

Reforma ho siktar til er rusreforma som vart lagt fram av Solberg-regjeringa i 2019. Denne skulle blant anna gjere at ein ikkje vart straffa for å kjøpe eller bruke narkotika. I staden skulle ein få hjelp og behandling, og ho skilte ikkje mellom personar med langvarig rusavhengigheit og andre.

AUF-leiar Astrid Hoem. Foto: Arbeidarpartiet/Flickr/CC BY-ND 2.0

Solberg-reform nedstemt i 2021

Sjølv om det er brei semje om at menneske med rusavhengigheit skal verte møtte med helsehjelp og ikkje med straff er ein ikkje heilt samde om korleis, og i 2021 vart lovforslaget frå Solberg-regjeringa i 2021 nedtstemt av Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Framstegspartiet. Dermed vart det ikkje fleirtal i Stortinget for rusreforma til Solberg-regjeringa.

Blant ungdomspartia er det likevel eit fleirtal som støttar denne rusreforma. I dag er berre KrfU og Senterungdommen imot lovforslaget.

Dei er uroa for at ei avkriminalisering vil gjere at fleire vil tru at illegale rusmiddel er blitt lovlege, og at fleire ungdommar dermed kjem til å ta i bruk desse stoffa.

AUF kjempar for full avkriminalisering i Ap

Ungdomspartiet til Ap, AUF, støttar rusreforma til Solberg-regjeringa, trass i at moderpartiet stemte imot lovforslaget i 2021.

Leiaren i ungdomspartiet, Astrid Hoem, seier at formålet med rusreforma er å gå frå straff til behandling og hjelp. Dette fordi ein har sett at straff ikkje fungerer godt for verken behandling, eller som eit preventivt tiltak.

AUF kjempar også for å få gjennomslag for generell avkriminalisering i Arbeidarpartiet. Dagens regjering med Arbeidarpartiet og Senterpartiet har sagt dei skal ha klar ei alternativ rusreform i 2023, men har også vore tydelege på at dei ikkje ynskjer ei generell avkriminalisering.

Blant ungdomspartia er det likevel eit fleirtal som støttar denne rusreforma. I dag er berre KrfU og Senterungdommen imot lovforslaget. Dei er uroa for at ei avkriminalisering vil gjere at fleire vil tru at illegale rusmiddel er blitt lovlege, og at fleire ungdommar dermed kjem til å ta i bruk desse stoffa. Grafikk: Framtida.no

Unge Venstre: Auka straff fører til auka bruk

Leiaren i Unge Venstre, Ane Breivik, seier at fjerning av straff er fyrste delen av reforma. Partiet ønskjer ei generell avkriminalisering, med fjerning av straff, sanksjonar, ruskontraktar, og bøter.

– Det skal mykje til før ein kan straffe menneske for sjølvpåførte handlingar. Det går jo i hovudsak berre utover deira eigne kroppar, seier Breivik.

Breivik fortel at ein har sett at straff ikkje aukar terskelen for å bruke narkotiske stoff. Auka straff har heller ført til auka bruk.

Lettare å be om hjelp

Ane Breivik (Unge Venstre) Foto: Magnus Hundvin

Den andre delen av reforma handlar om at det skal bli lettare å oppsøke hjelp. Begge partia er tilhengjarar av dette.

– Slik lovene er no verkar straff som ei barriere på å be om hjelp, meiner Breivik.

Hoem er eining i at det kjem til å bli lettare å spørje om hjelp, dersom bruk av mindre dosar narkotika blir avkriminalisert.

– Eg trur det påverkar unge positivt ved at ein veit ein får hjelp i staden for straff, og på denne måten blir det lettare å spørje om hjelp, seier Hoem.

Vidare seier leiaren i AUF at dei ønskjer seg ein ruspolitikk som baserer seg meir på forsking. Ho håpar at dette vil hjelpe på både førebygging, og at fleire oppsøkjer hjelp.

Motargument: Politiet mistar fleire verktøy

Eit av argumenta mot gjennomføring av rusreforma, er at politiet då mistar fleire av sine verktøy.

Både Hoem og Breivik meiner dette er dårlege argument. Hoem viser til tilfeller der det har kome fram at politiet har brote lovene ved kroppslige undersøkingar.

– Frp, Krf, Ap, og Sp seier at politiet kjem til å miste verktøy med rusreforma. Men mange av desse verktøya «straffealliansen» snakkar om hadde politiet aldri heimel for å bruke, seier Breivik.

Kollasv av Framtida.no. Foto: Tingey Injury Law Firm/Unsplash – UiB

Breivik fortel vidare at det har vore mange tilfelle av ulovleg ransaking, eller der politiet t.d. går igjennom mobilen til folk for å finne ut kven som sel narkotiske stoff.

– Dette har dei ikkje heimel til å gjere mot folk som berre er sikta eller tiltalt for å vere innehavar av, eller å ha brukt, mindre doser, fortel ho.

– Så desse «verktøya» er i grunnen menneskerettsbrot som norsk politi har gjort i lang tid.

Fryktar at fleire unge vil prøve ulike rusmiddel

Eit anna argument mot rusreforma er at den ikkje skiller mellom ungdom og rusavhengige. Motstandarane av reforma er redde for at mangel på skilje vil føre til ei haldningsendring hos unge, der fleire vel å prøve og eksprimentere med ulike rusmiddel.

Verken Hoem eller Breivik trur det kjem til å påverke unge si eksperimentering.

– Eg trur eigentleg ikkje dette vil føre til ei haldningsendring hos unge. Den einaste endringa blir at dei kan spørje om hjelp. Slik vil det bli meir tryggleik til dei unge, og vennane deira, i og med at dei veit dei kan oppsøke hjelp utan å vere redde for å bli straffa, seier Hoem.

Breivik trur bruken vil fortsette på same nivå som no.

– Men om vi ser til Portugal, så kan ein sjå at bruken gjekk ned, seier Breivik.

Om det vil føre til at unge får endra haldningar til rus, synest ho er vanskeleg å seie noko på. Men ho trur det kjem til å endre haldningane storsamfunnet har til rusbrukarar, noko ho meiner er bra.

Tør ikkje ringe 113

Ei ordning der avkriminaliseringa berre skal gjelde rusbrukarar, trur ikkje Unge Venstre-leiaren ville fungert godt.

Både fordi det er vanskeleg å seie nøyaktig når rus har blitt eit problem, og fordi ungdom har godt av at det er låg terskel for å be om hjelp.

– I dag er det 40% som seier dei ikkje tør å ringe 113 om ein venn tek overdose. Derfor gir det null meining å skilje desse to gruppene. Ungdom utan rusproblem fortener god kontakt med helsevesenet utan frykt for straff, seier Breivik.

Færre overdosar med rusreform

Noreg er på Europatoppen når det kjem til narkotikautløyste dødsfall, også kalla overdosar. I 2020 var det heile 331 som døydde av overdosar her i landet. Politikarane trur at avkriminaliseringa vil bidra til å få ned dette talet.

– Etter rusreforma vert det lettare for ungdom å ta kontakt med ambulanse ved overdose, og det blir enklare å vere open om eigen rusbruk ovanfor helsetenester, seier Breivik.

Auka kunnskap og mindre stigmatisering

– Det er andre ting enn straff som verkar meir preventivt, som til dømes meir kunnskap om rus, og å lære meir om det i skulen, seier Hoem.

Breivik trur at auka kunnskap, å gå bort frå straff, og betre tilgong til hjelp vil bidra til å stoppe stigmatiseringa ovanfor rusbrukarar.

Ho seier det skal bli lettare å bli akseptert og anerkjent av samfunnet på tross av rusproblem.

– Dette blir ein ny kurs som er mindre prega av fordommar og stigma der ein ser brukarar som medmenneske, seier Breivik.

F.v. Rodrigo Tenreira (23), Fabio Amaro (24), og Carolina Barroso Rodrigues (16) har ulike tankar og meiningar knytt til avkriminalisering av rusmiddel i Portugal. Foto: Emilie Hansen.

Kort om Solberg si rusreform:

  • Den fyrste rusreforma vart lagt fram av Solberg-regjeringa i 2019.
  • Reforma skulle gå bort frå straff når det gjaldt innehaving av mindre doser av narkotiske stoff til eige bruk.
  • Narkotika skulle framleis vere forbode, og sal og produskjon av narkotiske stoff straffbart.
  • Om ein vart teken med ulovlege rusmiddel, kom ein til å bli tilkalla til eit råd som skulle avgjerde om ein treng hjelp eller ikkje.
  • Denne reforma vart nedstemt i Stortinget av Ap, Sp, og Frp i 2021.
  • Likevel er det større einigheit om at ein skal hjelpe, i staden for å straffe, dei som er rusavhengige.
  • Ei ny reform med fokus på førebygging og behandling skal leggast fram i 2023 av Støre-regjeringa.
  • Sjølv om vi ikkje har fått ei reform har Høgsterett allereie endra rettspraksisen.