Portugal var det fyrste landet i Europa som avkriminaliserte bruken av alle typar rusmiddel. Avkriminaliseringa vart innført allereie i 2001, og betyr i praksis at ein ikkje blir straffa for å kjøpe, bruke, eller ha på seg narkotika.

Sjølv om ein ikkje blir straffa for privat bruk av narkotika, er det framleis ikkje lovleg. Dette vil seie at det framleis er straffbart å produsere og selge narkotiske stoff.

Framtida.no har vore i Lisboa for å snakke med nokre ungdommar om kva dei tenkjer om avkriminaliseringa.

– Dårleg for samfunnet

Ved Cais do Sodre i Lisboa møter Framtida.no studentane Rodrigo Tenreira (23) og Fabio Amaro (24). Tenreira studerer marknadsføring, og Amaro studerer juss. Dei to kompisane er ikkje fornøgde med avkriminaliseringa i landet.

– Det er altfor lett å få tak i rusmiddel, seier Tenreira.

– På ein fredagskveld her ved Cais, eller i Barro Alto, kan du få tak i alt mogleg av rus, legg Amaro til.

Vennane Rodrigo Tenreira (23) og Fabio Amaro (24) synest folk brukar for mykje narkotika, og tenkjer det hadde vore betre om det vart vanskelegare å få tak i. Foto: Emilie Hansen

Kompisane meiner avkriminaliseringa har gjort ulike typar rusmiddel altfor tilgjengeleg, og har gjort det ufarleg å prøve ut ulike stoff og eksperimentere.

– Avkriminaliseringa er dårleg for samfunnet. Fordi t.d. ein person som aldri har prøvd noko, tenker «Avkriminalisert? Kvifor ikkje prøve?». Fleire endar opp med å prøve ulike ting, fordi det ikkje er noko problem, seier Amaro.

Studentane ønskjer strengare straffer igjen, i eit håp om at færre skal ruse seg.

Meir hjelp

Vidaregåandeeleven Carolina Barroso Rodrigues (16) trur også at avkriminaliseringa har ført til at fleire testar ut ulike typar rusmiddel. Ho tenkjer den har ført til ei haldningsendring. Men i motsetning til studentane tenker Rodrigues at avkriminaliseringa har både gode og dårlege sider.

– Avkriminaliseringa har kanskje hjelpt nokre, men det er ein låg prosent av det store bildet. Regjeringa ser ikkje alle som faktisk treng hjelp, men dei burde hjelpe meir, spesielt dei som bur på gata, fortel Rodrigues til Framtida.no ved Praça Europa.

Carolina Barroso Rodrigues (16) tenkjer at narkotika vil vere eit problem uavhengig om det er ulovleg, avkriminalisert, eller legalisert. Foto: Emilie Hansen.

16-åringen synest det er trist at dei på gata blir sett ned på, at dei blir sett på som «rotter», og ønskjer at dei som treng hjelp, får den hjelpa dei har behov for.

Har skjedd ei endring

– Det eg ser er at folk brukar mindre rusmiddel no enn før. På 80-talet var det store problem i Portugal knytt til rusmiddel, seier Rodrigues.

Før avkriminaliseringa i 2001 var det estimert at 1 % av befolkninga i landet var avhengige av heroin, på tvers av ulike sosiale, kulturelle og økonomiske grupper. Samstundes hadde landet den høgste HIV-raten i EU. På slutten av 90-talet var om lag halvparten av dei som sat i fengsel i Portugal, fengsla på grunn av narkotikarelaterte-lovbrot.

Lovendringa har ført til eit fall i nye tilfelle av hepatitt C og HIV. Nye HIV-tilfelle i den portugisiske befolkninga gjekk ned frå 104,2 per million i 2000, til 4,2 per million i 2015.

På den andre sida har avkriminaliseringa ført til at fleire unge eksperimenterer med ulike rusmiddel, men i dei fleste tilfelle har ikkje dette ført til vidare rusbruk, ifølgje ein studie publisert i Drug and Alcohol Review.

Ta quizen: Kva kan du om rusmiddel?

Ulike måtar å sjå narkotika på

Rodrigues tenkjer at det at så mange unge i dag har foreldre frå 80-talsgenerasjonen, gjer at unge veit mykje om ulike typar rusmiddel, og derfor ser på narkotika på ulike måtar. Sjølv prøvde ho marihuana for fyrste gong som 15-åring.

– Eg har prøvd to typar som er sterkare enn marihuana, men det angrar eg på. Eg var veldig glad medan eg var rusa, men då eg vakna igjen følte eg meg veldig dårleg. Kroppen min var ikkje i denne verda, og eg vart redd, fortel Rodrigues.

16-åringen meiner ein burde skilje mellom marihuana, og sterkare rusmiddel. Ho tenkjer det hadde vore bra om marihuana var meir regulert slik ein ikkje fekk tilgang på dei dårlege sortane som gjev ein vonde opplevingar, samstundes som ein gjer sterkare rusmiddel ulovleg.

– Andre typar dop sprenger hovudet ditt. Hjernen går inn i si eiga verd, og det påverkar livet ditt negativt. Ein kan også ha det problemet med marihuana, men det er ikkje like alvorleg, hevdar Rodrigues.

Meiner medisinsk bruk burde vere lov

Rodrigo Tenreira (23) og Fabio Amaro (24) meiner alle typar narkotika burde vere ulovleg, sidan folk ikkje kjenner sine eigne grenser, og fort kan bli avhengige. Einaste unntaket burde vere medisinsk bruk av marihuana.

– Dei som kan bli betre av å bruke rusmiddel er den einaste gruppa som burde bruke marihuana. For om dei blir betre, er det jo noko bra, seier Tenreira.

– Det er mange folk som bruker marihuana for medisinske grunnar. For å få denne type marihuana treng ein resept. Men det må vere fleire restriksjonar, for dei med resept sel vidare til andre, legg Amaro til.

Normalt at tenåringar rusar seg

Dei to studentane fortel at stort sett så blir rusmiddel i Portugal brukt i festsamanheng, men også for å fokusere under studium. Sjølv brukar dei ikkje noko form for rusmiddel, og i deira vennegjeng går det for det meste i marihuana, om nokon fyrst skal bruke noko.

– Eg har prøvd marihuana, eg trur ikkje dette gjer meg noko vondt. Det gjer godt å la seg sjølv lausne opp litt, og å dele denne gleda med andre, påstår Rodrigues.

Caroline Rodrigues seier det er normalt at tenåringar rusar seg. Ho har mange venner som starta å bruke ulike rusmiddel i ung alder. Nokre av desse har ho mista til overdose. 16-åringen seier at desse opplevingane har påverka hennar syn på rus.

– Eg hjelper vennane mine når dei brukar noko, men eg tenkjer meg om to gongar før eg brukar noko sjølv, fortel Rodrigues.

Rus er det motsette av lykke

Tenåringen seier at om ein treng rus for å ha det bra, så er ikkje hovudet ditt i balanse. Men ho tenkjer at om du har det bra, finn du nyting og glede i mykje anna i livet.

– Du kan ha det gøy når du rusar deg, men det er det motsette av lykke, seier 16-åringen.

Rodrigues tenkjer at narkotikaen er sterkare enn folka som brukar det. Amaro og Tenreira er einige i dette, og legg til at når folk har moglegheit til å bruke rusmiddel, så misbrukar dei det, og blir avhengige. Kroppen vår toler ikkje å bli avhengige av slike sterke stoff, seier Tenreira.

– Det går ikkje berre ut over personen som er avhengig, men også resten av familien lid mykje om barnet, eller ein forelder, rusar seg for mykje, fortel Amaro.


Musikar Gui Galão (24) er fortvila over husprisane i Portugals hovudstad Lisboa. Foto: Emilie Hansen / Fausto Ferreira
Oppdatert: måndag 18. juli 2022 11.54

LES OGSÅ

ANNONSE