I oktober opna Rådgivning om spiseforstyrrelser (ROS) eit nytt senter i Tromsø. Om dei ikkje får meir pengar, må dei legge ned. – Heilt tragisk, seier generalsekretæren.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Irene Kingswick, generalsekretær i ROS. Foto: Presse

– Det er heilt tragisk. Me skjønar ingenting, seier Irene Kingswick, generalsekretær i ROS på telefon til Framtida.no.

Rådgiving om spiseforstyrrelser (ROS) er ein landsdekkande interesseorganisasjon som har hjelpechat og fysiske senter med rådgjevarar som lågterskeltilbod for dei som treng det.

Takka vere friske midlar i revidert statsbudsjett for 2021, kunne dei i oktober opne eit nytt senter i Tromsø og ei underavdeling i Alta.

I tillegg brukte dei midlane til å starte eit nytt digitalt senter, for å få ned veldig lange ventelister og for å gje eit tilbod til dei som ikkje har eit fysisk senter i nærleiken.

Men no kan satsinga ryke:

– 20 millionar er eit minimum for å drifte det me har oppe og går i dag, seier  Kingswick fortvila.

For i statsbudsjettet for neste år har ROS fått tildelt under halvparten.

Ein auke i alvorlege førespurnadar

Om dei ikkje får meir pengar, må ROS legge ned senteret i Tromsø berre tre månadar etter dei opna, og truleg også redusere noko av drifta elles i landet.

– Er det mogleg? Det er så lite samfunnsøkonomisk som det går an å bli, i ei tid der barn og unge lid meir enn nokosinne med ein pandemi som ikkje ser ut til å ta slutt, seier generalsekretæren.

Ho fortel at organisasjonen har hatt ein jamn auke i førespurnadar dei siste åra, men etter koronapandemien har det skote i vêret. Særleg har dei sett ein auke av alvorlege førespurnadar, mellom anna frå folk med sjølvmordstankar.

– Det er veldig alvorlege ting. Per no har me igjen 50 prosent auke år i forhold til i fjor, som var eit heilt crazy år. Det er ganske ille, seier Kingswick.

Dei har rekna at dersom auken så langt i år held fram, vil dei svara på nesten 16.000 rådgjevingsførespurnadar i 2021, mot 11.000 i 2020.

Grafikk og tal frå ROS 2021. Kjelde: ROS.no

Unge Høgre: – Treng fleire lågterskeltilbod i fylket

Anders Tørresen. Leiar i Troms og Finnmark Unge Høgre.

– I dag finst det tilbod for unge i fylket, men langt ifrå nok til å dekke behovet, skriv Anders Tørresen, leiar i Troms og Finnmark Unge Høgre på e-post til Framtida.no.

Også han har fått med seg at senteret i Tromsø no står i fare.

– Eg synest det er veldig trist. Vi treng fleire lågterskeltilbod i fylket slik at fleire unge får rask hjelp, og då må det også bli gjeve nok midlar til dette. Unge si psykiske helse kan ikkje nedprioriterast.

Hos BUP i Tromsø er ventetidene opp mot 70 dagar, dobbelt så lenge som målsetjinga på 35 dagar.

Ifølgje ei undersøking gjort av Framtida.no er halvparten av elevrådsleiarane ved vidaregåande skular i Troms og Finnmark misnøgde med tilgjengelegheita til skulehelsetenesta under koronatida.

–  Ofte må unge vente lenge før dei får hjelp. For mange unge som slit psykisk, kan det vere vanskeleg å finne ein stad ein kan gå til for å få rask hjelp. Difor meiner eg det er viktig med fleire lågterskeltilbod for unge, slik som ROS. Dei har veldig god kompetanse på eteforstyrringar, som ein del andre aktørar i fylket manglar, skriv Tørresen.

Han håpar at regjeringa no vil prioritere nok midlar til senteret slik at det ikkje blir nedlagt, og at kommune og fylkeskommunen må kome på banen dersom regjeringa ikkje løyver meir pengar.

Også Kingswick i ROS fortel om få andre alternativ i fylket.

– Nei, det er ingenting. Det er ingen stader dei kan gå og snakke med folk som har den kompetansen me sit på. Alle tenester rundt om ynskjer oss opp dit, fortel generalsekretæren.

Helsedepartementet: – I utgangspunktet eingongsløyving

ROS forstod dei 7 millionane frå revidert statsbudsjett 2021, som ei halvtårsløyving og forventa dimed ei dobling for eit heilt år. 

Men for statsbudsjettet 2022 føreslo Solberg-regjeringa 7 millionar, og Støre-regjeringa gjorde ingen endringar på dette før statsbudsjettet vart vedteke 2. desember.

På e-post til Framtida.no skriv statssekretær Ellen Moen Rønning-Arnesen frå Helse- og omsorgsdepartementet at ROS sitt opphavelege forslag for å etablere senteret var på 5 millionar kroner:

– ROS fekk auka støtte i revidert nasjonalbudsjett med 7. mill kroner. Løyve i revidert nasjonalbudsjett er i utgangspunktet eingongsløyvingar. Løyvinga vert likevel vidareført for ROS i 2022, nettopp fordi dei er eit viktig bidrag for å styrke kompetansen om eteforstyrringar.

Samstundes peikar statssekretæren på at regjeirnga vil lage ein opptrappingsplan for psykisk helse med øyremerkte midlar, for å bygge ut tilbodet i kommunane og sikre auka kappasitet i spesialisthelsetenesta.

–  Ein dråpe i havet

I Tromsø er husleigekontrakta signert for fem år. Fire rådgjevarar er tilsette i faste stillingar i tillegg til ein tilsett i Alta. 

I tillegg til å legge ned det nye senteret i Tromsø, må ROS også seie opp fleire rådgjevarar dersom det ikkje kjem meir pengar på bordet. Dette vil i så tilfelle gå utover det eksisterande tilbodet, og auke ventelistene igjen.

– Me veit at 44 prosent av dei som tek kontakt med oss, ikkje får hjelp nokon andre stader.

Ho meiner dette vil auka risikoen for at fleire barn og unge utviklar alvorleg eteforstyrring, som igjen er endå dyrare å behandla. 

– At me ber om 20 millionar er berre ein dråpe i havet om ein hadde sett på kva det kostar å behandle folk i spesialisthelsetenesta.

Både kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) og helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) har gått ut og lova større satsing på førebygging og behandling av eteforstyrringar.

ROS har prøvd å kontakte helseminister Kjerkol og andre i regjeringa for å få omgjort vedtaket, men har ikkje nådd gjennom.


Svar frå Helsedepartementet

Framtida.no har vore i kontakt med Helsedepartementet for å få svar, og har stilt følgjande spørsmål:

1: Kvifor har de ikkje innvilga dei 20 millionane ROS søkte om, når du i oktober sa det var behov for å styrke tilbodet for personar med eteforstyrringar ytterlegare?

2: Er det nok med 7 millionar for å drifte fem nasjonale senter og administrasjon?

3: 44 prosent av brukarane til ROS går ikkje i anna behandling. Korleis vil regjeringa ta vare på dei som ROS ikkje får ressursar til å hjelpe?

4: Har ROS misforstått når dei rekna med at midlane til eit nytt senter ville vere fast, og i tillegg til dei midlane ein har fått til eksisterande drift? Burde dei latt vere å opprette senteret i Tromsø?

5: Kva vil regjeringa gjere for å betre tilbodet for unge med eteforstyrringar?

Dette er e-postsvaret frå statssekretær Ellen Moen Rønning-Arnesen:

ROS gjør en viktig forebyggende jobb gjennom rådgivning, kursing og veiledning av mennesker som har et problematisk forhold til kropp, mat, trening og følelser. De er også en viktig kilde til informasjon og rådgivning for mange pårørende. Organisasjonen har over flere år fått støtte gjennom tilskuddsordning over statsbudsjettet. Med disse midlene har ROS driftet eksisterende sentre. Det opprinnelige forslaget ROS spilte inn til departementet for etablering av nytt senter for å gjøre ROS landsdekkende var på 5 millioner kroner. ROS fikk økt støtte i revidert nasjonalbudsjett for 2021 med 7 mill. kroner. Bevilgninger i revidert nasjonalbudsjett er i utgangspunktet engangsbevilgninger. Bevilgningen videreføres likevel for ROS i 2022, nettopp fordi de er et viktig bidrag for å styrke kompetansen om spiseforstyrrelser. I budsjettet for 2022 bevilges totalt 7 millioner kroner til ROS, like mye som i 2021. 2 av disse 7 millioner kronene løftes ut av den søknadsbaserte potten og vil gå direkte til ROS i 2022. ROS har dermed ikke mistet noe støtte i statsbudsjettet sammenlignet med tidligere år.

Det er behov for å styrke tilbudet for personer med spiseforstyrrelser i det offentlige, både i spesialisthelsetjenesten og i kommunene. Målet er at flere skal få hjelp så tidlig som mulig. Regjeringen vil derfor lage en ny opptrappingsplan for psykisk helse med øremerkede midler. Opptrappingen skal bygge ut tilbudet i kommunene og sikre økt kapasitet i spesialisthelsetjenesten, også psykisk helsevern for barn og unge. 

Vi har prioritert å styrke tilbudet til barn og unge med ytterligere 50 millioner kroner i vårt budsjett, totalt bevilges 250 mill. kroner til arbeid med barn og unges psykiske helse i kommunene. Pengene skal bidra til at flere kommuner etablerer lett tilgjengelige, fysiske lavterskeltilbud for unge. Det skal også etableres flere tverrfaglige og oppsøkende team for unge. I tillegg har vi lagt inn 700 millioner mer til sykehusene, for blant annet å styrke barne- og ungdomspsykiatrien, der antallet henvisninger har økt kraftig med pandemien.


Daniel Spjeld. Foto: The Human Aspect og Matias Hagen