Ved alle dei lokale sentera til ROS fortel rådgivarar at stadig yngre barn kjem til samtale, med meir alvorleg sjukdom og ofte tilleggsproblematikk som angst og depresjon, melder organisasjonen. Fleire av sentera har hatt så stor pågang at dei har måtta operere med ventelister.
– ROS opplever ein enorm auke i førespurnader frå barn og unge som strevar med forholdet sitt til mat, kropp og vekt, seier fagleg ansvarleg Line Orvedal.
Organisasjonen svarte på nesten 4.000 førespurnader på chattenesta i fjor – 25 prosent fleire enn i 2019.

Oppdatert:
torsdag 28. januar 2021 10.27