Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 28.12.2020 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg fekk ofte høyre at eg var feit. Til slutt sa eg det til meg sjølv også. Det var ikkje mine ord eller tankar, men eg gjorde dei til mine. Du er ikkje verd noko, du klarar det ikkje, du er berre feit.

Daniel Spjeld (30) ser i kameraet og fortel om barndomen sin. 

Han skrudde av kjenslene for å takla det. Han byrja ete meir og meir. Til slutt var han kraftig overvektig, men reagerte ikkje på det sjølv.

– Det var sånn eg hadde sett på meg sjølv heile tida, no kunne berre alle andre også sjå det.

Da Daniel var 25 år, fikk han en slankeoperasjon. At overvekten skyldtes en spiseforstyrrelse, hadde ikke falt ham inn,…

Posted by ROS -Støtt kampen mot spiseforstyrrelser on Tysdag 19. mai 2020

Åt seg kvalm

Overetinga heldt fram, men han visste ikkje at det var eteforstyrringar han hadde.

– Eg trudde det var eg som var lat. Eller ikkje lat ein gong, berre at eg ikkje hadde kontroll på mine eigne impulsar. At eg var svak, fortel Spjeld.

Han åt så mykje at han vart kvalm. Greidde ikkje bevege seg. Han isolerte seg. 

– Etinga var det einaste som gjorde meg glad. Men med ein gong eg var ferdig med overetinga, følte eg meg forferdeleg. 

Overetinga vart nestan som ein rus. Ein måte å flykte frå alt det vonde på. Ein måte å få ein pause på. 

– Sjølvverdien min var ikkje-eksisterande

Sidan Daniel Spjeld var liten hadde han hatt ei førestilling om at han var for tjukk, og at alt ville bli bra om han vart tynn. 

– Det fall meg ikkje inn at det kunne vera eteforstyrringar som var problemet mitt. Synet mitt på eteforstyrringar før dette var nok relativt stereotypisk, og eg såg vel for meg den typiske anoreksien. 

Han kjende på skam og sjølvforakt, heldt seg sjølv ansvarleg for situasjonen han var i. 

– Sjølvverdien min var ikkje-eksisterande. Eg hadde veldig høge og uoppnåelege krav til meg sjølv, og det var det eg måtte jobbe med for å bli lukkeleg i kvardagen. Først etter overvektsoperasjonen kunne eg forstå at det var meir som låg til grunn for problema mine. 

Om eg vart slank, så skulle alt bli perfekt.

For etter år med sjølvhat og eit bilete av at alt skulle bli bra berre han vart slank, la Spjeld seg under kniven i 2014 og fekk permanent minska magesekken.

– Alle mine utfordringar assosierte eg med overvekt. Løysinga og vegen til lykke var å slanka meg. Om eg vart slank, så skulle alt bli perfekt. Eg kom til å bli lykkeleg, og få det livet eg alltid ønska meg. 

I løpet av det første året rasa han ned i vekt frå 185 kg til under 100 kg.

– Eg fekk ekstremt mykje anerkjenning og positive tilbakemeldingar på at eg gjekk ned i vekt. At eg gjorde den harde jobben, og klarte dette. Det var det eg hadde ønska heile tida: å bli anerkjent som noko anna enn «han feite». Det var ein fin periode.

– Eg hata framleis meg sjølv

Men snart kom dei underliggande problema tilbake. Han hadde det ikkje godt. Det han hadde brukt til å døyva kjenslene med – overeting – var ikkje lengre fysisk mogleg på grunn av operasjonen.

– Eg kjente ei sorg og eit sakn etter den moglegheita. Eg hadde ikkje noko anna eg kunne erstatte det med. Eg hadde ikkje nokon måte å handtera dei kjenslene på. 

Etter eit år var han blitt undervektig, men han såg det ikkje sjølv.

– Eg fekk ikkje lenger den anerkjenninga frå starten om at eg hadde gått ned i vekt, så eg tenkte at eg var feit. Tanken om at eg var overvektig var så tett knytt til min identitet, uavhengig av den reelle situasjonen og korleis eg såg ut.

Han hadde opnådd det han heile tida hadde drøymt om, og framleis var det ingen forskjell.

– Eg hata framleis meg sjølv.

Då såg han at det var depresjonen, angsten og sjølvkjensla som var det han måtte jobbe med. Ikkje det fysiske. 

– Eg hadde aldri hatt det så ille som då. Heile verda mi vart knust og eg nådde mitt bristepunkt.

– Heilt utenkeleg

I dag jobbar Daniel Spjeld i ROS, Rådgiving for spiseforstyrrelser. Der hjelper han andre i same situasjon, men ser at det er svært få menn som oppsøker hjelp. Han trur det kan hjelpe å snakka om å at eteforstyrringar også rammar menn.

Han fortel at det tok lang tid å skjøne at det var eteforstyrringar det var han sjølv sleit med.

Det var ingen som tok det opp med meg. Ikkje i helsevesenet heller. Eg fekk beskjed om å bevege meg meir og fortald korleis ein et sunnare, men det var jo ikkje noko ny informasjon for meg, fortel han på telefon til Framtida.no.

Ikkje før operasjonen og erkjenninga av at han framleis hadde det fælt, sjølv som slank og undervektig, kunne han forstå at det var det psykiske som var problemet.

– For meg var det heilt utenkeleg at eg kunne ha ei eteforstyrring.

Etterkvart som han fekk behandling og lærte nye meistringsstrategiar og måtar å handtera kjenslene på, hadde han ikkje lenger eit sakn om å kunne overete. Han trong ikkje lenger den strategien for å handtera kjenslene.

Mann nok

I desse dagar har ROS ein kampanje for å setje lys på nettopp dette: Menn og eteforstyrringar. Kampanjen har fått namnet «Mann nok», og speler på at mange har eit  inntrykk av at eteforstyrringar er noko berre kvinner kan få.

Det er også i samband med dette at Spjeld og fleire andre menn står fram med sine forteljingar.

– Det var noko eg skulle ønska var der for meg då eg sjølv var i den situasjonen, og ikkje visste at eg var det. Gjennom jobben i ROS veit eg også at mange menn slit med det og ofte ikkje veit det sjølv.

Ein skal ikkje så langt tilbake i tid før helsevesenet utelukka eteforstyrringar frå menn

Han fortel at det er mangel på både forsking og statistikk om menn som slit med dette, men av det som finst viser det at menn utgjer omlag 10-30 % av dei som slit med eteforstyrringar. 

Dette vert på ingen måte reflektert i talet på menn som tek kontakt med organisasjonen. I 2019 var det berre 5 prosent menn og gutar.

– Ein skal ikkje så langt tilbake i tid før helsevesenet utelukka eteforstyrringar frå menn. Det var ei kvinneliding, og det kan gjera det vanskelegare for menn å seie frå i dag også. 

Spjeld trur at meir openheit og informasjon er vegen å gå, for å få fleire menn til oppsøka hjelp.

– Me treng eit skifte i at fleire, menn spesifikt, fortel om eigne erfaringar. Det har også vore ei endring i helsevesenet, som eg håpar hjelper. 

– Framleis tabu

På helsestasjon for gutter i Oslo, fortel helsesjukepleiar Per Arthur Andersen, om liknande erfaringar.

– Mitt inntrykk er at det er mange gutar som opplever at dette er noko gutar ikkje får. Dei kan forklara utfordringar med eting som følger av at dei slit med eit kroppsbilete som ikkje passar dei, eller at dei har lyst å bli store og sterke og legge på seg meir, eller prøver å bli tynne. Men veldig få vil anerkjenne at det er eteforstyrringar dei slit med, seier han til Framtida.no.

Han meiner det kan skuldast at det framleis er tabu, og at ein ser temaet kosthald og jenter mykje oftare diskutert.

– Då får du gutar som ikkje er klar over at det er eit problem. Gutar som let vera å ete og går rundt svoltne heile tida, og skapar ei form for kontroll som dei ikkje har elles. 

Det kan også vere vanskeleg fordi også dei rundt, kanskje heller ikkje forstår at også gutar kan slite med dette.

– Om ein kompis spør eller familien reagerer, så er det er jo vanskeleg for alle som slit med eteforstyrringar å fortelle, men kanskje ekstra vanskeleg for gutar, fordi det er ikkje noko ein høyrer særleg om. Det kan vere vanskelegare for dei rundt å skjønne at det også kan gjelde gutar. 

Tariq Arshad. Foto: Privat

– Eg tenkte at eg måtte ha six-pack

Med på prosjektet «Mann nok» er også Tariq Arshad (25).

– Eg synest det er veldig viktig å snakka om å gjere det uvanlege til vanleg. Eg hugsar sjølv også at eg var veldig flau av å snakka om det i starten, seier han til Framtida.no.

Han har også vore open om si historie med eteforstyrringar. I videoen sin fortel han at det starta i oppveksten og ungdomsåra. På ungdomsskulen byrja han få kommentarar om kor tynn og liten han var, særleg frå jentene. 

– Det byrja å sette seg. Eg følte eg låg bak alle andre. Og for å koma på nivå med dei, tenkte eg at eg måtte ha six-pack og store armar og sånt. Eg hadde veldig dårleg sjølvtillit, seier han til kameraet.

– Eg tenkte heile tida: korleis skal eg bli større? Eg hang etter armane i ei stang i fleire minutt for å prøve å bli lenger, men det hjelpte jo ikkje. Eg søkte på internett: Korleis få six-pack men samstundes bli større?

Han fortel om diettar og at han utvikla dårleg samvit etter å ha ete usunn mat. Han byrja trene kvar einaste dag. Om han ikkje trente vart han sint. Om mor hans ikkje hadde laga rett mat, kunne han bli frustrert og sint.

– Jeg begynte å se på trening som straff. Og mat var ikke mat lenger. Det skulle bare gi resultater, utseendemessig….

Posted by ROS -Støtt kampen mot spiseforstyrrelser on Onsdag 13. mai 2020

Hadde aldri gjort det igjen

På vidaregåande byrja han med kosttilskot og gainerar.

– Eg byrja legge på meg og byrja å få litt kasse og armmusklar. Brått fekk eg mykje meir positiv merksemd, og tenkte at dette er vegen å gå. 

Han var alt på god veg inn i ei eteforstyrring, då han i 2016 bestemde seg for å melde seg på ein fitness-konkurranse.

– Hadde eg visst i dag kor store konsekvensar dette skulle få, hadde eg aldri gjort det. 

Dei likte fysikken hans og han kjende seg motivert. Etter eit par veker på konkurranse-diett merka han at det tukla med hovudet hans.

– Sjølv om eg gjekk ned i fettprosent, endra det ikkje mitt bilete av kroppen min. Eg såg meg i spegelen og drog i fettet. Eg tenkte: Her er det mykje, her er det mykje. Då droppar eg 20 gram ris.

Straffa seg sjølv med trening

Han byrja kutta ned karbohydratane og leika med maten. I fire månadar var han på diett.

– Den siste månaden var den jævligaste. Eg hugsar det låg ein pakke nøtter på bordet og eg fekk så lyst på. Eg hadde ikkje fått i meg noko fett på lenge. Eg tok ei nøtt, beit i den og spytta det ut igjen. Det var feitt og eg skulle ikkje ha feitt. Då tenkte eg at det skulle bli bra å bli ferdig med dette.

Han mista treningsgleden og i staden følte han at trening var straff. Trenaren sa han hadde god progresjon og at han kunne unne seg to usunne måltid i veka – men han heldt seg til eitt.

– Om eg åt ein burger, kunne eg sitje å tenke heile kvelden at eg ikkje burde ha ete den. Så kunne eg gå på trening i nokre timar og straffa meg for å forbrenne bort burgaren. 

For kvar feittprosent han gjekk ned tenkte han: «Okei, når eg er ferdig med dietten skal eg halda meg til sju prosent, til dømes. Det er perfekt.»

Men lista vart lågare og lågare for kva som var «perfekt». Seks prosent, fem prosent, fire prosent… 

– Eg kunne snakka med mamma, sjå henne i augo og lytta, men ikkje forstå kva ho sa til  meg. Dei måtte repetere ting fleire gonger. Det var mange situasjonar der eg tenkte: fy faen, du er dum som held på med dette.

Mor hans skulle reise bort i to veker, og han knakk heilt saman. Tenkte at ho ikkje kunne  forlata han no.

– Eg har det ikkje bra. Eg greier ikkje gå opp ei trapp utan å bli andpusten og få kramper over alt. Eg hadde ingen livsgnist. Eg kunne ligge i senga og tru at eg høyrte mitt eige hjarta og tenke: eg dør i kveld. Kroppen min taklar ikkje dette.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

?

Et innlegg delt av Tariq Arshad (@tarshad94)

Byrja poste på Instagram

Samstundes haldt kommentarar frå folk motivasjonen oppe.

– Eg trur noko av det dummaste eg gjorde var å poste bilete på sosiale medium. Eg følte at eg hadde ein perfekt kropp. Om eg gjekk tilbake til ein normal kropp, var det ikkje innanfor å legge ut bilete av den normale kroppen. Eg har fått eit forvrengt bilete av kropp på grunn av det store fokuset på trening og kosthald. Eg fekk massiv merksemd, både frå gutar og jenter. Folk la merke til kroppen min. Mange snakka om at eg var tøff som orka å gjera det.

Han gjekk på skule og jobba turnus i oppkøyringa til fitness-konkurransen. Nokre dagar før skulle dei ha framføring på skulen. 

– Eg stod framfor heile klassen og greidde ikkje stå på mine eigne bein. Eg måtte halda meg i ein stol. Ingen følgde med på presentasjonen. Etterpå fortalde dei at heile klassen berre hadde venta på at eg skulle kollapsa.

Dei rundt han såg korleis han endra seg frå veke til veke. Han hadde six-pack og ekstremt lite kroppsfeitt, men i garderoben venta han til dei andre var gått før han kledde av seg.

– Eg skamma meg for at eg ikkje hadde like lågt kroppsfeitt som sist. Om den eine synlege åra forsvann følte eg meg tjukk. Eg hadde vrangforestillingar om kroppen min, og tenkte at eg ikkje var bra nok.

Frå konkurransedagen. Foto: privat

Mista taleevnen

Så var endeleg dagen for fitnesskonkurransen komen. Han hadde ikkje drukke vatn på 18 timar. Feitt hadde han heller ikkje fått i seg. Han klarte knapt å gå opp på scenen, og fekk kramper i ansiktet då han prøvde å smila. 

Då han sprang for å sjå lista over finalistane, pusta han letta ut då han såg at namnet hans ikkje var der.

Han kasta i seg ein pakke kjeks og to posar chips som han hadde med seg. Då han kom heim hadde ein ven bakt eplekake. Han åt den og drakk ein liter med melk. 

Så mista han taleevnen.

– Eg klarte ikkje å prata. Eg fekk ikkje ut eit ord. Det skremte vettet av meg. Eg tenkte: no dør eg.

Stemma kom tilbake på nokre minutt, men det var no den verkelege utfordringa byrja. 

Hata seg sjølv om han åt

Han som var tom for både vatn og feitt, såg med ein gong endringane på kroppen då han no byrja å få i seg vanleg næring igjen.

– Brått er ikkje blodårene på magen synlege lenger. Det tukla veldig med hovudet og eg sleit veldig.

Berre dagen etter hadde han lagt på seg åtte kilo.

Han tenkte at det ikkje var noko alternativ å gå tilbake til sin gamle kropp. Han måtte vedlikehalda den nye kroppen. 

Då dietten og konkurransen var over, fekk han inga oppfølging. 

– Eg åt burgerar, pizza, pannekaker og mykje. Eg la på meg ein del. Men eg kjende eit enorm dårleg samvit etterpå. Så byrja eg sjå på trening som straff. Kvar gong eg åt skulle eg straffa meg med trening.

Arshad slutta ikkje å ete, men hata seg sjølv då han gjorde det. 

– Eg hadde gjort noko feil om eg åt noko med feitt eller karbohydrat. Eg vart så opphengt i alt eg ikkje burde ete. Dei rundt meg såg at eg hadde ein normal kropp, men dei såg også at blodårene hadde forsvunne til dømes. Så fekk eg også kommentarar på det: No har du mista det. 

– Eg tenkte: Faen. Folk likte kroppen min, og no snakkar dei om at eg ikkje greidde å vedlikehalda den kroppen.

Kvar gong eg åt skulle eg straffa meg med trening.

Kollega vart redninga

For han var det ein kommentar frå ein kollega, som redda han.

– Eg overhøyrte ein samtale mellom kollegaen min og ein annan. Ho sa at om ein åt noko og fekk dårleg samvit, så ville kroppen byrja å lengte etter den kjensla. Den blir avhengig av det. At ein heller skulle ete med godt samvit, og tenke: «Dette var godt. Det var bra for meg å ete det».

– Alt traff meg. Eg tenkte: dette handlar om meg. Så byrja eg å tenke det når eg åt og sakte men sikkert snudde tankane seg. 

Han har ikkje gått til noko behandling, men fortel at han har fått eit sunnare tankesett.

– Så ho har blitt ein helt, utan at ho visste det sjølv, seier han om kollegaen, på telefon til Framtida.no.

– Ingen snakkar om Ken-dokka

Når han har uttrykt misnøye om konsekvensane etter fitnesskonkurransen, har han også fått kritiske kommentarar: om at det er svakt å seie at ein ikkje har det bra i hovudet på grunn av trening og kosthald, fordi begge deler er jo sunt.

– Folk har bilete av at six pack er sunt, men det er ikkje nødvendigvis det. Det er sunt å vera slank, men me treng feitt for å fungera optimalt. 

Han meiner difor at det er viktig å snakka om det.

– Kroppspress blant menn finst. Det er mange som går rundt med desse tankane. Det er mykje kroppspress på oss gutar også. Me snakkar veldig mykje om Barbie, men ingen snakkar om Ken-dokka, som ser heilt insane ut.

Han meiner det er mykje fokus på at menn skal vera maskuline. Ikkje vise noko form for svakheit.

– Og gjer me det så er me meir feminine.

Han meiner også det er viktig å bli merksam på at bileta på sosiale medium skapar falske førebilete.

– Det er berre ein illusjon av det perfekte liv. Mange av fitness-modellane slit kanskje bak kameraet. Me menn finst også i forskjellige fasongar, og også me må læra oss å akseptera oss som me er. 

– Så snakk om det. Du treng ikkje slite deg ut på treningssenter kvar dag, og tenke over alt du puttar i munnen. Livet er for kort.