Moving Mamas får prisen for arbeidet sitt med å få innvandrarkvinner i arbeid.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er så fint når nokon legg merke til den jobben vi gjer og ser korleis det betyr noko for kvinner og jenter.
Det seier Moving Mamas-gründer Kirstine Holst i ei pressemelding frå Plan Intenational Norge, som deler ut Jenteprisen saman med motemagasinet Costume.
Prisen blei delt ut på FNs jentedag 11. oktober, og går til nokon som har gjort ein ekstra innsats for likestilling og for å stoppe vald, overgrep og diskriminering av jenter.
Inntekt og kunnskap
Holst starta Moving Mamas, eit jobbtreningstilbod for innvandrarkvinner, i 2015. Ho vonar Jenteprisen vil bidra til å gjere arbeidet deira meir kjent og at dei vil få nye kundar og smarbeidspartnarar slik at fleire «Mamas» får moglegheita til å bli inkluderte i samfunnet og skaffe seg inntekt.
– Å få leve frie liv i Noreg handlar mykje om eiga inntekt, men også om kunnskap om samfunnet og gode nettverk, seier ho, og held fram:
– Eg var eldste barn og dotter i ein prestefamilie, og har kjent på litt tronge rammer når det kjem til kva eg som jente blei støtta på og ikkje. Det har også vore ein tryggleik for meg å ha utdanning, noko som gir moglegheit til økonomisk sjølvstende, og det er viktig for ein del val i livet.
Søm og kantine
Moving Mamas driv med yrkesopplæring og nettverksbygging, og dei lærer bort søm og kantinedrift til innvandrarkvinner. Dei samarbeider med ulike bydelar i Oslo, samt på kommunalt nivå i Oslo og Follo.
Så langt har rundt 100 personar hatt opplæring hjå Moving Mamas, og Plan skriv at tilbodet inspirerer andre jenter og kvinner med innvandrarbakgrunn og viser at økonomisk sjølvstende i Noreg er mogleg.
View this post on Instagram
Viktigare enn nokosinne
– Å bli økonomisk sjølvstendig er heilt vesentleg for at jenter og kvinner skal kunne ta eigne val for seg sjølv og si framtid, seier Kari Helene Partapuoli, generalsekretær i Plan International Norge i pressemeldinga.
Ho viser til at koronapandemien har ført til høg arbeidsløyse og tapt skulegang verda over.
– Dette har enorm påverknad på jenters liv, både på kort og lang sikt. I fleire land ser vi at dei økonomiske utfordringane har ført til at fleire jenter blir gifta bort, vald og seksuelle overgrep mot jenter aukar, og fråfallet av jenter i skulen er venta å bli stort når skulane opnar igjen. Difor er arbeidet for jenters rettar viktigare enn nokosinne.
Tidlegare vinnarar
Jenteprisen har blitt delt ut kvart år sidan 2012. Tidlegare vinnarar av Jenteprisen er:
- 2020: Stine Sofies Stiftelse, tilbod for barn og unge som har opplevd vald eller overgrep
- 2019: Papillon, møteplass for fleirkulturelle jenter og kvinner i Bergen
- 2018: Mia Landsem, «Datadetektiv» som kjempar mot ulovleg deling av private bilete på nett
- 2017: JURK, Juridisk rådgivning for kvinner
- 2016: Andrea Voll Voldum, sto fram med si personlege historie i Hemsedal-saka
- 2015: Deeyah Khan, menneskerettsaktivist og filmskapar
- 2014: Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF) og Gerd Fleischer
- 2013: Fakhra Salimi, grunnleggjar av Mira-senteret
- 2012: Sara Kahsay, jordmor som har jobba mot kjønnslemlesting
Fakta
Jenteprisen
- Prisen blir delt ut til ein person, organisasjon eller ei verksemd i Noreg som har gjort ein ekstra innsats for likestilling og arbeidet med å stoppe diskriminering, vald og overgrep mot jenter.
- Det er Plan International Norge og Costume som står bak prisen, og han blir delt ut kvart år i samband med FNs internasjonale jentedag.
Kjelde: Plan International Norge