Stine Sofie Stiftelse vann Jenteprisen 2020: – Vald og overgrep er det største folkehelseproblemet som finst i Noreg
Stine Sofies Stiftelse får Jenteprisen for sitt arbeid med barn og unge utsatt for vald og overgrep.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Jenter er dei som oftast blir utsette for seksuelle overgrep, og når jenter blir eldre er sjansen større for at dei blir offer for valdtekt. Vi har ikkje råd til å miste nokon, og vi har heller ikkje råd til å øydelegge nokon.
Det seier generalsekretær Ada Sofie Austegard i Stine Sofie Stiftelse i ei pressemelding, etter prisutdelinga fredag 9. oktober.
– Prisane betyr ingenting i forhald
– Vald og overgrep er det største folkehelseproblemet som finst i Noreg, slår Austegard fast.
Sundag 11. oktober er det FNs internasjonale jentedag, og i samband med den deler Plan Norge og Costume kvart år Jenteprisen til nokon som har gjort ein ekstra innsats for å stansa vald, overgrep og diskriminering av jenter.
– Det å kunne få vere med på eit arbeid som gjer at vi får priser for det vi gjer er så utruleg stort. Det aller beste er at vi kvar dag har hjelpt barn. Prisane betyr ingenting i forhold til det, seier Austegard.
– Spesielt viktig i desse tider
– I ei tid der barn over heile verda må halde seg meir heime, er det arbeidet Stine Sofies Stiftelse gjer spesielt viktig. Vi veit at mange barn – og spesielt mange jenter – ikkje føler seg trygge heime. Då er det viktig å ha aktørar som Stine Sofies Stiftelse i ryggen, sier Kari Helene Partapuoli, generalsekretær i Plan International Norge, i ei pressemelding.
Juryen ynskjer med prisutdelinga å løfte det dei meiner er ei svært viktig sak: ein barndom utan vald og overgrep, både for jenter og gutar.
Dei fortel at stiftinga gir ei stemme til barn som ynskjer å ta eit oppgjer med sin vonde barndom, og førebyggjer og gjer barn medvitne på deira rettar.
– Ein einstemmig jury kom fram til at stiftinga treff på prisen sitt formål. Særleg i tida vi er i no, trur juryen at dykkar tilbod kan skalerast, sa juryleder Navjot Sandhu då ho overrakte prisen.
- Les også: Papillon i Bergen vinn Jenteprisen 2019
Hundre tusen barn lever med vald og overgrep
Stine Sofies Stiftelse er eit tilbod for barn som har opplevd vald eller overgrep. Det kan vere barn som er vitne til vald, dei som er utsette for fysisk vald, omsorgssvikt og seksuelle overgrep.
Stiftinga vart etablert i 2000 av Austegard etter at dotter hennar, Stine Sofie (8) og venninna Lena (10), vart brutalt valdtekne og drepne i Baneheia i Kristiansand.
I dag jobbar det over 50 personar i stiftinga, og i 2016 opna Stine Sofie Senteret – verdas første kurs- og meistringssenter for valdsutsette barn.
Dei tilbyr også støtte til foreldre gjennom «Foreldrepakka» og webinar til fastlegar, helsepersonell og foreldre.
Vi veit ikkje nøyaktig kor mange barn som lever med vald og overgrep i Noreg, men stiftinga reknar med at det er omlag hundre tusen.
Rundt 500 får hjelp frå stiftinga kvart år, men dei ynskjer å gi eit tilbod til endå fleire.
– Barna skal bli møtt som superheltar, vi skal heie på dei, vi skal tenke framover, og vi skal gi dei håpet om at alt skal bli bra, seier Austgard.
- Les også: Endeleg kjenner Andrea seg trygg i Oslo
Tidlegare vinnarar
Jenteprisen har blitt delt ut kvart år sidan 2012. Tidlegare vinnarar av Jenteprisen er:
- 2019: Papillon, møteplass for fleirkulturelle jenter og kvinner i Bergen
- 2018: Mia Landsem, «Datadetektiv» som kjempar mot ulovleg deling av private bilete på nett
- 2017: JURK, Juridisk rådgivning for kvinner
- 2016: Andrea Voll Voldum, sto fram med si personlege historie i Hemsedal-saka
- 2015: Deeyah Khan, menneskerettsaktivist og filmskapar
- 2014: Selvhjelp for innvandrarar og flyktningar (SEIF) og Gerd Fleischer
- 2013: Fakhra Salimi, grunnleggar av Mira-senteret
- 2012: Sara Kahsay, jordmor som har jobba mot kjønnslemlesting
Les også: Innafor-Gisle er nominert til Jenteprisen: – Burde vore fleire menn på lista
Jenteprisen
Jenteprisen går til ein person, organisasjon eller bedrift i Noreg som har gjort ein ekstra innsats for å stansa vald, overgrep og diskriminering av jenter – anten i Noreg eller ute i verda. Det er Plan International Norge og Costume som står bak prisen, og den vert delt ut kvart år i samband med FNs internasjonale jentedag.