Jenteprisen til Deeyah Khan

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Deeyah Khan får prisen for «fremragende innsats for jenters rettigheter».

– Eg har ikkje nok ord til å fortelja kor mykje prisen betyr for meg. Dette har verkeleg rørt hjarta mitt, seier Khan, som fekk prisen på Det Norske Teatret i Oslo måndag.

LES OGSÅ: Musikkvideo redda Sonita (16) frå tvangsekteskap

Formålet til Jenteprisen er å løfta fram enkeltpersonar og organisasjonar som arbeider for å stoppa krenkingar mot jenter og sikra retten deira til vern og fridom til å gjera eigne val.

– Som filmskapar har Deeyah Khan på kort tid markert seg som ein av dei ledande dokumentaristane i verda – og ein forkjempar for rettane til jenter. I yrkeslivet sitt har ho arbeidd for å kjempa mot dei haldningane som førte til at ho sjølv forlét familie og heimland for å overleva; sosialt og personleg, skriv Plan Norge i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Erna Solberg – Utan jenter, vert ikkje verda betre

Dei siste åra har Khan stått bak internasjonale konferansar og arrangement med tema som menneskerettar, ytringsfridom, vald mot kvinner, tvangsekteskap, æresdrap, religiøs fundamentalisme og terrorisme. I februar i år arrangerte ho konferansen World Women i Oslo. (©NPK)

Høyr Deeyah Khan fortelja om støtta frå faren, korleis ho sjølv måtte rømma frå Noreg og filmen «Banaz – A love story»: