Jentepris til «datadetektiven» Mia Landsem

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det betyr mykje for meg å få en slik pris, men det betyr mest for saka. Over 90 prosent av ofra for spreiing av nakenbilde på nett er kvinner. Det er ein ukultur blant gutta, og det er viktig å endre haldningane til dei som synest dette er greitt, sa Mia Landsem til Plan Norge i forkant av utdelinga.

Prisen blei delt ut under eit arrangement i Oslo torsdag kveld.

– Vinnaren av Jenteprisen 2018 er ein institusjon i seg sjølv. Mia Landsem viser veg ved å vera handlekraftig og særs modig. Superman og Batman er ikkje i nærleiken, årets vinnar er blant dei råaste i si tid, seier juryleiar Navjot Sandhu.

– Dette er ein vinnar vi alle ønskjer å vera som. Dette er ein vinnar vi alle hadde sprunge til for å få hjelp.

Les også: Unge unngår debattar på nett

Innsats mot vald, overgrep og diskriminering

Jenteprisen blir delt ut kvart år til ein person, organisasjon eller ein bedrift som har gjort ein ekstra innsats for å stoppe vald, overgrep og diskriminering av jenter. Anten i Noreg eller ute i verda.

Plan International Norge delar ut prisen, i samarbeid med motebladet Costume. Blant dei 41 personane og organisasjonane som var nominerte til Jenteprisen 2018, var også Ulrikke Falch, Iman Meskini, Iram Haq, og Helsesista- Tale Maria Krohn Engvik.

At juryen valde å kåre Mia Landsem som vinnar, begrunnar dei blant anna med at ho jobbar med eit problem som rammar stadig fleire.

Les også: OD nedkjempar netthets med kjærleik

Oppdaga bilda av Nora Mørk

Det var Mia Landsem som oppdaga at nakenbilete av handballstjerna Nora Mørk hadde blitt spreidd. Saka blei kjend i november i fjor.

Med tildelinga til Landsem ønskjer juryen ikkje berre å løfta fram den viktige innsatsen hennar, men også ein problematikk som rammar fleire og fleire.

Les også: Nora Mørk får 150.000 i erstatning

– I ferd med å bli eit samfunnsproblem

– Spreiing av private bilete til andre er i ferd med å bli eit samfunnsproblem. Det er eit overgrep mot dei som blir utsette for det, eit overgrep dei må oppleva på nytt gong på gong. Og på internett blir mange av bileta aldri borte, seier Sandhu.

Prisvinnaren fortel at ho kvar dag får meldingar frå jenter som har opplevd at bileta deira har kome på avvegar. Sakene omfattar både mobbing, utpressing og hevnporno.

Les også: Det blir ikkje strengare straffer mot hemnporno