Andrea fekk årets Jentepris
Andrea Voll Voldum, som stod fram som offer i den såkalla Hemsedal-saka, fekk årets Jentepris.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka reiste ein debatt om rettstryggleiken til valdtektsoffera. Voldum namngav på Facebook tre menn som først blei dømde, deretter frikjende, for å ha dopa og valdteke henne på fest. Dei tre er seinare dømde til å betala erstatning.
Tusenvis av menneske samla seg i sommar i norske byar for å krevja betre rettstryggleik for kvinner som følgje av saka.
Juryleiar og tidlegare justisminister Knut Storberget rosa Voldum for det personlege motet hennar, og for å utfordra haldningar om at kvinner sjølv er ansvarleg for overgrep dei blir utsette for.
– Vi kan snakka om eit «før og etter Hemsedal-saka» i høve til korleis både vanlege folk – og rettsvesenet ser på valdtekt. Det betyr mykje for arbeidet med å stoppa dei haldningane som fører til overgrep, seier han.
Voldum seier ho føler ho blir gjort ære på.
– Eg er sikker på at mange er glade med meg i dag, nettopp fordi dei veit kva dette handlar om. Vi har ein jobb å gjera når det gjeld å førebyggja dei haldningane som fører til valdtekt. No håpar eg prisen kan bidra til at arbeid for å endra haldningar til valdtekt held fram, seier prismottakaren. (©NPK)
Andrea Voll Voldum í Oslo utanfor Stortinget saman med mora Wenche Voll på demonstrasjonen for rettstryggleik for kvinner. Foto: Camilla Brugrand, Framtida.no
LES OGSÅ:
Kva tryggleik kan me som kvinner føle?