Årets Jentepris går til Papillon som jobbar for sosial integrering av unge minoritetskvinner i Bergensområdet.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 28.09.2020 15:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi blei veldig overraska og samstundes letta for det betyr at vi blir lytta til og arbeidet vi gjer blir anerkjent, skriv Leila Rossow i ein e-post til Framtida.no.

Ho er dagleg leiar i Papillon, som er ein møteplass for unge fleirkulturelle jenter i Bergen. Organisasjonen er vinnarane av Jenteprisen 2019, som vert delt ut på den internasjonale jentedagen.

Jenteprisen vert delt ut av Plan Norge, og årets pris er den åttande i rekka.

I fjor var det Mia Landsem (21) som vann for sitt arbeid med å stoppa ulovleg deling av bilete på nett.

– Gode menneske, skapar gode ting. Vinnaren i år treff på denne skildringa, seier juryleiar Navjot Sandhu i ei pressemelding.

– Oppmodar unge kvinner til å delta i demokratiet

Papillon vert driven av åtte kvinner som sjølv har vore unge minoritetsjenter i Noreg, og kjent på kva utfordringar det kan føra med seg.

– Din historie formar dine venger, er vår visjon. Vi jobbar med å fremja menneskeverd
med særleg fokus på kvinner sine rettar. Vi ynskjer å fremja felleskap og tilhøyrsle og
oppmodar unge kvinner til å delta i demokratiet, og ta eigne, medvitne valg, seier Leila
Rossow som starta Papillon i 2016.

– Skapar stabilitet og robustheit for jentene

Gjennom arbeidstrening, nettverksbygging, språkutvikling, song, dans og handarbeid tilbyr
Papillon ein møteplass for unge fleirkulturelle jenter i Bergen. Her kan også unge koma for å snakka med ein vaksen om ting som er vanskeleg, gi støtte eller dela kunnskap.

– Papillon gjer ein forskjell utover det ein kan forventa. Ved å samla unge kvinner i ein
særdeles sårbar situasjon og gi dei håp og kraft til å endra si framtid, har årets vinnar
sett seg på kartet som viktige endringsagenter. Vinnaren brukar mangfald som eit
verktøy for å skapa stabilitet og robustheit for jentene som oppsøker dei, seier juryleiar
Sandhu.

Kontroversiell nominasjon – fleire trakk seg

Nominasjonane vert sendt inn av publikum. I år var 70 kandidatar var i år nominert, noko som er ny rekord.

Fleire nominerte trekte seg i forkant av tildelinga i protest mot at Kari Jaquesson var nominert.

Transaktivist Christine Marie Jentoft, Skam-profil og feminist Ulrikke Falch, tidlegare vinnar og datadetektiv Mia Landsem og dei skamlause damene Sofia Srour, Amina Bile og Nancy Herz er blant dei som har trekt seg.

Mange reagerer på uttallingar av Jaquesson. Særleg dei som går på kritikk av transpersonar og klimaaktivist Greta Thunberg:

Skjermdumpar frå Twitter.

Basert på ein del av desse utspela, trekte Plan nominasjonen til Jaquesson.

– Uttallingane hennar strir imot verdigrunnlaget til Plan, seier generalsekretær Kari Helene Partapuoli til VG. 

Dei vil også innføra kriterium for kven som skal kunne nektast nominering, dersom dei har gjort noko i strid med formålet til Jenteprisen.

 – Plan Norge kjem med grove skuldingar mot meg når dei skuldar meg for å hetsa nokon, då bør dei konkretisera ved å sitera nøyaktig dei av mine ytringar dei legg til grunn for dette. Det har dei ikkje gjort, men baserer seg på påstandane til Jentoft utan å undersøka nærare. Det verkar no som at Plan synest det er greit at vaksne vender seg til barn via sosiale medier for å «gi dem klem». Det synest ikkje eg er greit. Eg meiner det er svært alarmerande og at det saboterer alt vi lærer barn om nett-tryggleik, svarar Jaquesson til VG.

Sjå alle dei nominerte og les meir om Jenteprisen.

Mia Landsem blei tildelt Jenteprisen 2018 for den iherdige kampen sin mot ulovleg deling av private bilete på nett. Foto: Plan International Noreg/NTB scanpix/NPK