NRK annonserte måndag at dei ikkje klarte kravet om 25 prosent nynorsk i 2020.
Den endelege utrekninga syner at berre 24,2 prosent av innhaldet til NRK var på nynorsk.
– Her må vi ta rev i segla og skjerpe oss, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen til NRK.
Kringkastingssjefen peikar på at dei mange direktesendingane knytt til koronapandemien har trekt prosenten ned, då statskanalen ikkje har nok nynorsktalande programleiarar på dei nasjonale flatene.
– Ekstra ille
Det er likevel på nett at det står dårlegast til med nynorsken hjå NRK: Berre 17 prosent av det skriftelege innhaldet til statskanalen var på nynorsk.
Det er også ein tilbakegang frå 2019, året NRK nådde det samla kravet, då nynorskdelen på nett var 18 prosent.
– Vi har gått ned frå i fjor og det er ekstra ille, seier språksjef i statskanalen, Karoline Riise Kristiansen til NRK.
Ho seier statskanalen lyt bruke meir nynorsk, og vekkje dei som har nynorskkompetanse, men ikkje er flinke nok til å bruke den.
– At vi greidde det i 2019 kan ikkje bli ståande som eit eingongstilfelle, seier Kristiansen til NRK.
Mest nynorsk er det hjå NRK 2 og NRK Super, med høvesvis 30,6 og 29,9 prosent nynorsk.
Norsk Målungdom: – Treng sjå språket sitt, også i krisetid
– Vi har forståing for at 2020 var eit heilt spesielt år, der andre ting enn språk var i fokus. Det er likevel skuffande, for nynorskbrukarane treng å sjå språket sitt, også i krisetid, seier Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom, i ei pressemelding.
Leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold. Foto: Frida Pernille Mikkelsen / Norsk Målungdom
Ho peikar på at det ikkje berre er i statskanalen nynorsk vart nedprioritert i fjor, og viser til at fleire universitet har nytta pandemien som ei orsaking for å ikkje gje eksamensoppgåver på nynorsk.
No forventar målungdomleiaren betring i år:
– NRK treng å ha gode nok rutinar til at dei også hugsar på nynorskansvaret sitt når det er andre ting som står i fokus. Dei rutinane håpar eg dei får på plass i 2021, seier Skjold.
Målungdommenleiar Gunnhild Skjold (t.v.), Unge Venstre-nestleiar Ane Breivik og AUF-leiar Astrid Willa Hoem er skuffa over Unge Venstre-vedtaket. Foto: Ingunn V. Steinsvåg , Unge Venstre, Bent Sønvisen/Ap