Må byte til bokmål for å halde butikken i live: – Kan leva med nynorsk, men ikkje av det

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Du kan fint leva med nynorsk, men ikkje av det. Ikkje om du skal driva nettbutikk, skriv Kristin Lemme i eit debattinnlegg hjå Bergens Tidende torsdag.

Vossingen driv butikken Flor, som sel arbeidekle til kvinner, og har til no hatt nynorsk som skriftspråk i nettbutikken, i nyheitsbreva, i annonsene og på bloggen.

No byter ho til bokmål, og arbeidskle vert til arbeidsklær. Grunnen? Ingen googlar på nynorsk, så kundane uteblir.

Det var NRK som først omtalte saka.

Tapar identitet

Kristin Lemme starta bedrifta for to år sidan, og skriv hjå BT at ho allereie då vart rådd mot å lansere nettsida si på nynorsk:

«Eg kan vagt hugsa ein ven frå det store Austlandet som ymta frampå om at det er mange fordeler med å skriva bokmål for å selja på nett. Eg fnaus av han då, «typisk austlending», tenkte eg.»

Ho tok likevel sjansen då, og er trist av å måtte gå tilbake på det no.

Skjermdump frå nettsida til Flor.

I eit innslag på Nyhetsmorgen hjå NRK forklarar Lemme at det er med tungt hjarte ho endrar skriftspråket:

– Eg trur vi tapar litt identitet, fordi vi har stått støtt i nynorsken og lent oss på at me kjem frå bygda, frå Voss, og er stolte av språket vårt, seier gründeren.

Samstundes er frykta for å gå konkurs større, og utfordringane med å kome høgt nok på søkjelista hjå Google har vore for vanskelege å kome rundt.

Til NRK seier Lemme at bedrifta allereie ser ein effekt av språkbyte.

Noregs Mållag: – Må få på plass algoritme

Mållagsleiar Peder Lofnes Hauge ber Google om å rydde opp:

– Google er nøydde til å sørge for å få på plass ein algoritme som likestiller nynorsk og bokmål, og les det eine ordet som ein variant av det andre, seier han til Nyhetsmorgen.

Peder Lofnes Hauge er leiar i Noregs Mållag. Foto: Jannica Luoto

Til NRK seier kommunikasjonssjefen for Google i Sverige at Google ikkje har høve til å kommentere denne saka.


Nestleiar i Noregs Mållag, Synnøve Marie Sætre (t.h), rosar Sex og Politikk for å levera undervisningsmateriell på nynorsk: Foto: Dina Rygg Eide