Er dialekt nynorsk, NRK?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Fredag var, ifølgje Thor Gjermund Eriksen, ein «historisk dag». Han spretta marsipankaka med «25 %» fordi NRK endeleg hadde nådd målet om 25 prosent nynorsk.

Mållaget ropar hurra og mållagsleiar Magne Aasbrenn takkar Eriksen for å ha gått i bresjen for nynorskprosenten i NRK.

For 50 år sidan vedtok Stortinget at NRK skulle ha 25 prosent nynorsk. Eriksen synest faktisk det er flautt at statskanalen ikkje har fått det til før, men eg vil påstå at det er litt for tidleg å spretta Mozellen.

Godt, men ikkje godt nok

Ifølgje tala frå NRK var 25,2 prosent av innhaldet til NRK på nett, radio og tv på nynorsk, men NRK gløymer noko viktig: Nynorsk er eit skriftspråk.

Direktøren i Nynorsk kultursentrum har oppdaga at noko skurrar. Per Magnus Sandsmark meiner det er «godt, men ikkje godt nok».

Han peikar på at målet er nådd med mykje dialektbruk i radio og understrekar i ei pressemelding at: «Det avgjerande for nynorskbrukarane er kor mykje skriftleg nynorsk som blir publisert på NRK.no. Der har dei framleis langt igjen, med under 20 prosent nynorsk innhald.»

Han har heilt rett.

Dialektfella

Radiokanalen NRK P1 har heile 30,2 prosent nynorsk. P1 bidreg saman med radiokanalen P3 (28,8%) og barnetv-kanalen NRK Super (28,7%) til å løfta nynorskdelen hjå kringkastaren.

Det er ikkje lett å bli heilt klok på korleis teljinga føregår for sendingar på radio og tv, men eg gjer eit forsøk.

NRK har på sett og vis teke høgd for at dialekt ikkje er nynorsk. Når dei gjer opp språkrekneskapet har dei likevel valt å dela dialekt på tv og radio i to, slik at halvparten vert rekna som nynorsk og halvparten som bokmål. Det kan hende at dette er representativt, slik at halvparten er nynorsknært og halvparten er bokmålsnært. Men det er verken bokmål eller nynorsk.

Når ein tel dialekt på denne måten slår det heldig ut for veslebror, som stadig er nynorsken.

Teljefeil

Også NRK P3 kan skilte med gode tal, 28,8 prosent nynorsk. Sidan dei har ein del tekstproduksjon på nett og i tv-satsingar (som til dømes Lovleg) kan det vere at dette talet er meir reelt. Likevel, P3 er ein radiokanal.

For å få eit eksternt blikk på det kan ein samanlikne med MedieNorge si teljing av nynorskprosenten i NRK sine radiokanalar i 2014. Dei kom fram til at det var 9 prosent nynorsk, 66 prosent bokmål og 25 prosent dialekt. I NRK sin årsrapport for same år har dei registrert 26 prosent nynorsk i P1, 16 prosent i P2 og 23 prosent i P3.

Det ser altså ut til at teljemåten til NRK hjelper dei eit stykke på veg.

Treigt nett

Kva hjelper det oss nynorskbrukarar at det er mykje dialekt i radio og tv? Blir folk noko særleg betre i nynorsk av å høyre dialekt? Neppe.

NRK skyt seg sjølv i foten når dei heisar flagget for å endeleg ha klart den 50 år gamle målsetjinga om 25 prosent nynorsk.

For der det verkeleg gjeld, tekstproduksjon, er målet ikkje nådd. Rett nok er 18,1 prosent nynorsk på NRK.no betre enn fjorårets 16 prosent. Ting er på rett veg.

Hald på hatten

Det er ikkje tvil om at NRK er ein språkmedviten aktør, med eigen språksjef og ei satsing der dei kvart år utdannar nye nynorskjournalistar gjennom Nynorsk mediesenter. Anna er heller ikkje å vente av statskanalen, som har eit spesielt ansvar for nynorsk i media.

Eg meiner likevel at NRK bør halde litt på hatten og halde fram med det gode språkarbeidet dei faktisk gjer. Nynorsken er ikkje tent med at ein spretter kaka før sigeren er henta heim.