Dialekt på radio sikra NRK 25 prosent nynorsk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2018 gjekk kringkastingssjef i NRK Thor Gjermund Eriksen ut og sa at NRK skulle nå målet om 25 prosent nynorsk i 2019.

– At han var så tydeleg og gav signal frå toppen var viktig. Det gav meg og Ragnhild Bjørge, som var språksjef fram til i sommar, viktig draghjelp. Det har ikkje tidlegare komme så tydeleg beskjed frå toppen om at dette var noko som skulle til, seier fungerande språksjef i NRK, Ingvill Bryn, til Nynorsk Pressekontor. Ho har til saman vore språksjef i over to år.

Mest nynorsk på P1

I 2019 var 25,2 prosent av det samla innhaldet til NRK på nett, radio og tv på nynorsk. Prosenten har dei har jobba for i fleire år. Det er spesielt på nett at NRK har vore under 25 prosent nynorsk, fortel Bryn.

– Vi har brukt mykje tid på det, så det ville vore trist å hamna rett under. Ein brukar mykje energi og stor innsats på det, så det er klart vi er veldig glade, seier ho.

Det er NRK P1 som har mest nynorsk med 30,5 prosent i 2019. I året som gjekk har NRK også lukkast med å levere meir nynorsk innhald til nettstaden nrk.no , der nynorskdelen har auka frå 16 til 18 prosent.

Mållagsleiar Magne Aasbrenn meiner det ikkje burde vore oppsiktsvekkande at NRK endeleg innfrir det femti år gamle målet om 25 prosent nynorsk.
Foto: Noregs Mållag

Eksempel for andre statlege institusjonar

Leiar i Mållaget, Magne Aasbrenn har følgt spent med på utviklinga av den lova prosenten.

– Det er veldig flott og set eit godt eksempel for andre statlege institusjonar om at det å følgje mållova er noko ein skal gjere, seier Aasbrenn til NPK.

Han meiner det eigentleg ikkje burde vere oppsiktsvekkande at ein statleg institusjon følger stortingsvedtak.

– Men i den verkelege verda er det langt frå alle som gjer det. At NRK tek det på alvor, er veldig bra og eit mål det er jobba mot lenge, seier Aasbrenn.

Han takkar kringkastingssjefen for at han har gått i bresjen for nynorskprosenten i NRK, og vist at det er viktig for leiinga. Han trur det har smitta over på resten av organisasjonen.

– Det NRK har vore spesielt flinke til, er å vekke det ein kallar sovande nynorskbrukarar. Til dømes folk som har gått på skole på Stord, og har flytta til Oslo og komme bort frå nynorsken. Dei kan vekkast og aktiverast for å få oppfylt krava til NRK.

Direktør i Nynrosk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark kritiserer NRK for å ikkje skriva nok nynorsk, men fylla prosenten med munnleg dialekt. Pressefoto

– Godt men ikkje godt nok

Nynorsk kultursentrum skriv i ei pressemelding at resultatet er «godt, men ikkje godt nok», og skriv at prosenten først og fremst er nådd med mykje dialektbruk i radio.

– Det avgjerande for nynorskbrukarane er kor mykje skriftleg nynorsk som blir publisert på NRK.no. Der har dei framleis langt igjen, med under 20 prosent nynorsk innhald, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus F. Sandsmark.

Direktøren strekar likevel under at det er svært gledeleg at kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen har nytta leiarskapen sin til å nå målet for første gong.

Flaut å ikkje ha klart det før

I pressemeldinga frå NRK seier kringkastingssjefen at det er litt flaut at dei ikkje har fått det til før. Han meiner at å auke nynorskbruken har auka språkmedvitet i heile NRK. Samstundes meiner han dette også har vist kva NRK betyr for dialektar, samisk og kvensk.

– Det har betydd mykje at fungerande språksjef Ingvild Bryn og Språkstyret i NRK har vore så oppmuntrande og skapt sjølvtillit hos medarbeidarane, slik at mange er blitt tryggare på å bruke nynorsk, seier Eriksen.