Rekordmange søkjarar har fått studieplass
8.000 fleire enn i fjor har fått studieplass i år, og totalt har 108.000 fått tilbod. Det er rekordmange, ifølgje Kunnskapsdepartementet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
8.000 fleire enn i fjor har fått studieplass i år, og totalt har 108.000 fått tilbod. Det er rekordmange, ifølgje Kunnskapsdepartementet.
– Annleisåret 2020 held fram med å setje rekordar, men i denne samanhengen er det med positivt forteikn. No kan over 100.000 glede seg over å skulle ta steget inn i studielivet, kanskje for aller første gong. Det er godt nytt, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
– Kompetanse blir det viktigaste drivstoffet for både offentleg og privat sektor i åra som kjem, legg han til.
Av dei 149.541 som søkte, er over 135.742 kvalifiserte for opptak til minst eitt studium, viser tala frå Samordna opptak.
Det tyder at det er 12 prosent fleire kvalifiserte søkjarar i 2020 enn i 2019.
– For å møte auken i etterspurnaden har vi sett av pengar til 4000 nye studieplassar berre i år, seier statsråden.
Les også: HVL får 6 millionar for å rekruttere fleire menn til lærarutdanning
Totalt har åtte av ti kvalifiserte søkjarar fått tilbod om studieplass, og av desse har meir enn halvparten kome inn på førstevalet sitt.
I år er det 27.743 kvalifiserte søkjarar som ikkje har fått plass i hovudopptaket. Det er ein auke frå i fjor, då talet var 21.669. I 2018 gjaldt dette 26.657 søkjarar.
– I år er det rekordmange kvalifiserte søkjarar. Det er veldig bra. Det tyder at næringslivet, sjukehus og skular om eit par år vil få tilgang på endå fleire flinke folk. Når fleire søkjer og fleire er kvalifiserte til plassane, er det òg naturleg at poenggrensene for å kome inn på populære studium går noko opp, seier Henrik Asheim.
Les også: Rekordhøge søkjartal til kyrkjestudiar
Medisin og realfag – og påfyll
Medisin, nanoteknologi og honoursprogrammet i realfag er blant studia med høgast poenggrense. Studium i fotojournalistikk, friluftsliv og europastudium med spansk er blant studia der poenggrensa har auka mest.
Opptakstala viser at det er fleire enn tidlegare som har søkt og fått plass på ulike årsstudium, eller som vil halde fram utdanninga på masternivå.
– Koronakrisa kan nok forklare ein del av auken i søkjartalet. Når plutseleg mange fleire vil studere, er det ofte eit uttrykk for færre moglegheiter på arbeidsmarknaden. Isolert sett er sjølvsagt ikkje det eit godt teikn. Men det viser to ting eg meiner vi bør vere glade for. Mange ser verdien av utdanning, og mange brukar tida utanfor arbeidslivet til å fylle på med kompetanse, seier Henrik Asheim.
Les også dette meiningsinnlegget: Inntaket til høgare utdanning må bli meir rettferdig!