Inntaket til høgare utdanning må bli meir rettferdig!

Elias Eide, Fylkesleiar Sogn og Fjordane Unge Høgre
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Om ein knapp månad skal fleire tusen unge menneske velje kva dei vil studere.

Det einaste som får betyding er karakterane dei har fått. Om dei har hatt ein jobb, vore med i eit ungdomslag eller vore gode i fotball spelar ingen rolle. Det burde vi gjere noko med.

Relevant erfaring

Mange elevar sit med god og relevant erfaring for studiet dei drøymer om å starte på. Kanskje har ein vore trenar for eit barnelag og går med en draum om å bli gymlærar, eller har jobba på ein sjukeheim og har lyst til å bli sjukepleiar. Det er erfaringar som burde telle med.

Karakterar er viktig, men dei seier ikkje alt

Karakterar er viktig, men dei seier ikkje alt. Ein kan ha en dårlig dag på eksamen, men fortsatt ha erfaring og motivasjon.

Det er både synd for lærestadane og studentane at det einaste som blir sett er karakterane. Ein blir ikkje nødvendigvis en betre lege av å ha skyhøgt karaktersnitt. Ein må ha dei riktige personlege eigenskapane i tillegg. Vidare tener lærestadane ikkje på å ha studentar som berre har valt eit studie fordi dei ikkje visste kva dei ville. Det burde både universiteta, høgskulane og politikarane sjå.

Alternative inntaksmetodar

Unge Høgre meinar at universitet og høgskular i større grad bør få bestemme korleis dei vil ta inn elever, anten det er gjennom karakterar, gjennom intervju og motivasjonsbrev, eller ei blanding.

Dersom to personar har same karaktersnitt, bør det avgjerande vere motivasjon, eller relevant erfaring.

Det må vere lov å ha eit liv ved sidan av vidaregåande, og det bør berre telle positivt.