– Delen mannlege lærarar er for låg, og vi ønskjer oss òg fleire lærarar med innvandrarbakgrunn. Det er viktig at lærarstanden speglar befolkninga og at barn og unge både får mannlege og kvinnelege rollemodellar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H), i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.
Få mannlege lærarar
Berre éin av fire lærarar i grunnskulen er menn, og delen menn er enno lågare i barnehagen, står det i pressemeldinga.
I fjor starta Høgskulen på Vestlandet med å utvikle eit mentorprogram, der mannlege lærarstudentar skulle vere rollemodellar for dei som kan tenkje seg å prøve læraryrket. Dette programmet skal bli brukt på dei nye målgruppene, menn og dei med innvandrarbakgrunn.

Oppdatert:
tysdag 7. juli 2020 15.27