Rekordhøge søkjartal til kyrkjestudiar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er til fag som teologi, diakoni, kyrkjemusikk og kyrkjeleg undervisning søkjartala er rekordhøge. Til saman har 182 personar søkte seg til studiar innan desse fagfelta, opp frå 143 i fjor.

Leiar for Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum. Foto: Bo Mathisen

Størst er oppgangen innan diakoni, frå 39 til 68 søkjarar.

Les også: Kyrkja kartlegg forholda for LHBT-tilsette

Høg snittalder

Det er likevel framleis ein lang veg å gå. Det er nemleg venta at omtrent kvar tredje prest vil gå av med pensjon dei neste ti åra, og generelt er alderen for yrkesgruppa høg.

– Vi har ein stor jobb å gjere også dei neste åra, og vi ser at rekrutteringssatsing nyttar. Vi trur denne spesielle våren får mange til å sikte seg inn mot arbeid med menneske og verdiar, seier Kyrkjerådets leiar Kristin Gunleiksrud Raaum til Dagen.